Stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Borgund stavkyrkje

Stavkyrkje er ei kyrkje bygd av tre med ein berande konstruksjon av stavar (stolpar) som står på liggande sviller eller syllstokkar og ber stavlegjer. Dei konstruktive ledda i veggen dannar rammer med ei utfylling av ståande plankar eller tiljer. Kyrkjetypen har fått namn etter dei berande stavane, som ein finn i hjørna og under det heva midtrommet på mastestavkyrkjene, og i hjørna og eventuelt som mellomstolpar i veggene i dei einskipa stavkyrkjene Hjørnestavane dannar ei veggramme som vart fylt med ståande bord.

Borgund stavkyrkje teikna av Håkon Christie i 1974.
Grunnplan av ei stavkyrkje med høgt midtrom og stavane sett på ei ramme av tre som kviler på steinar. Teikning av Håkon Christie.

Sjølv om slike trekyrkjer var vanlege i Nord-Europa i tidleg mellomalder, vart det i Noreg reist hundrevis av stavkyrkjer etter at stein tok heilt over andre stader og ein stor del av desse kyrkjene overlevde fram mot moderne tid.[1] I mellomalderen var det truleg omkring 1000 stavkyrkjer i Noreg, dei fleste av dei var einskipa, men berre 271 steinkyrkjer. I dag står 28 av desse stavkyrkjene att. Alle er bygde av furu. Plankane eller borda er tillaga med øks. Dei norske stavkyrkjene er dei viktigaste spora etter denne tidlege kristne trearkitekturen.[2] Stavkyrkjene er dei viktigaste og mest særmerkte av historiske bygg i Noreg.[3] Dei einaste gjenverande stavkyrkjene utanfor Noreg er ei kyrkje frå rundt 1500 i Hedared i Sverige og Vang stavkyrkje som vart flytta til utkanten av Krummhübel (no Karpacz) i dåverande Tyskland i 1842. Ei anglosaksisk kyrkje, Greensted kyrkje i England, har ein del likskapar med stavkyrkjer men er som regel rekna som ei palisadekyrkje. Det finst også fleire nyare rekonstruksjonar av stavkyrkjer rundtom i verda.

Hovudtypar[endre | endre wikiteksten]

Borgund stavkyrkje er ei mastestavkyrkje (Teikning: G.A. Bull)

Det er to hovudtypar av dei eksisterande norske stavkyrkjene, mastestavkyrkjer og einskipa stavkyrkjer.

Mastestavkyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Urnes stavkyrkje
Foto: Leo-setä

Den eine typen, maste-stavkyrkjene, er kjenneteikna av at det står ei rad av master eit stykke innanfor ytterveggane for å halde oppe veggar og tak på eit midtrom som på alle kantar er høgare enn rommet mellom mastene og ytterveggane. Desse små kyrkjene har soleis både midtskip og sideskip, til liks med dei store basilikaene av stein, men med den skilnaden at det er «sideskip» på alle fire sidene. Eit vakkert og vidgjete døme på mastestavkyrkjer, er Borgund stavkyrkje i Lærdal kommune, som har svalgangar på tre sider. Med dei mange taka har denne kyrkja ein utsjånad som gjev inntrykk av at bygningen i seg sjølv syner vegen til himmelen. Eit anna, velkjend døme på mastestavkyrkjer er Urnes stavkyrkje i Luster kommune, som berre har svalgang som ein «forhall» på vestsida, og av den grunnen gjev eit anna og meir moderat inntrykk. Då korkje koret eller svalgangen i slike kyrkjer har beinveges konstruksjonsmessig samanheng med skipet, kan desse partane av bygningen i og for seg sjåast på som tilbygg. Torpo stavkyrkje står i dag heilt utan svalgang.

Mellomalderens norske mastestavkyrkje kan ha sitt opphav i ein heimleg heiden bygningstype med seremoniell og kultisk funksjon. Fire jarnalderhus plassert i ein krins rundt ein open plass som det vart avdekt spor etter under arkeologiske granskingar i 1970- og 80-årene på Gjerland i Haukedalen i Førde kommune i Sunnfjord i Sogn og Fjordane,[4] kan peike i ei slik retning.[5] Spor i undergrunnen etter takberande stolper og til dels etter treveggar røpa at det hadde stått åtte - ni meter lange og om lag fem meter breie hus her, med kortsidene vendt inn mot plassen. Det ser ikkje ut til at husa har vore vanlege gardshus. Radiologiske dateringar synte at dei var frå 400-600-talet e.Kr. Alle fire husa har hatt fire kraftige stolpar plassert i kvart hjørne i eit rektangel. Då spor etter mindre kraftige stolper utanfor desse stolpene er plassert slik at dei utgjer hjørna i eit ytre rektangel, med spor etter veggar mellom, er det truleg at dei indre stolpane har bore eit opphøgd midtrom. Tenkjer ein seg ei mastestavkyrkje med koret og svalgangen kring kyrkja fjerna, vil ein få ein bygning med tilsvarande grunnplan som desse husa har hatt. Dei indre mastene i stavkyrkja tilsvarar det indre rektangelet, med kraftige hjørnestolpar. Ytterveggane i mastestavkyrkja, som har tynnare hjørnestolpar, utgjer det ytre rektangelet. Med Gjerlandshusa som utgangspunkt kan det difor vere gode grunnar til å sjå på mastestavkyrkja som ein heiden kultisk bygningstype tilpassa kristent bruk.

Einskipa stavkyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Haltdalen stavkyrkje på museet på Sverresborg i Trondheim
Haltdalen stavkyrkje er ei einskipa stavkyrkje (Teikning: Håkon Christie)

Den andre stavkyrkjetypen, dei einskipa stavkyrkjene, er kjenneteikna av at stavane som ber taket er plassert i ytterveggane som hjørnestavar. Kyrkjene er soleis utan opphøgd midtrom og sideskip. Deira utforming har mykje til felles med dei små, einskipa steinkyrkjene frå mellomalderene. Truleg har slike enkle stavkyrkjer vore dei mest talrike i mellomalderens Noreg, ikkje dei langt meir staselege mastestavkyrkjene som i vår tid vert rekna av dei fleste som mellomalderens typiske norske kyrkjebygning. I dagens Noreg finst det berre att eit einaste døme på denne enkle stavkyrkjetypen, Haltdalen (Holtålen) stavkyrkje, samansett av rester etter to slike stavkyrkjer frå Gauldalen, og plassert på museet på Sverresborg i Trondheim. Ei anna og nesten komplett utgåve vart funne i 1896 som golvplanker og bjelkar i mellomalderens Hemse steinkyrkje på den svenske øya Gotland. Desse bygningsrestane, ofte omtalt som Hemse stavkyrka, vart dendrokronologisk datert til 1140-talet. Dei er no i Statens Historiska Museum i Stockholm.

Eit døme på ei ståande svensk stavkyrkje av denne typen, er den nemnte Hedared stavkyrkje, bygd i tida rett etter år 1500. Andre framleis eksisterande einskipa stavkyrkjer er norske. Rødven stavkyrkje i Romsdal, Kvernes stavkyrkje på Nordmøre har mellomstavar i veggane, og dessuten utvendige skorder som ein ikkje veit om høyrer til den opphavlege konstruksjonen. Undredal stavkyrkje i Sogn er også ei av fleire andre einskipa stavkyrkjer. Desse kyrkjene kan ha vorte så mykje endra gjennom åra at dei har mista mykje av stavkyrkjene sine karakteristikkar. Lorentz Dietrichson sine utrekningar viser at dei einskipa kyrkjene av «Møre-typen» (som Kvernes stavkyrkje) også var klart større enn stavkyrkjene i til dømes Valdres og Sogn. Desse var store, breie og relativt låge bygg utan det karakteristiske høge midtrommet. Dei ti største kyrkjene i Dietrichsons oversyn låg alle på Sunnmøre. Den gjennomsnittlege storleiken var ifølgje Dietrichson 200 m2 på Sunnmøre, 100 m2 i Sogn og 68 m2 i Valdres. I Hjørundfjord og Volda var det kyrkjer på over 300 m2, mot til dømes Urnes stavkyrkje med sine 80 m2.[6] Desse stavkyrkjene på Møre hadde utvendige skråstøtter (skorder) istaden for dei innvendige takberande stavane.

Frittståande klokketårn frå mellomalderen ved Borgund stavkyrkje (detalj)
Utsnitt av Skogbonaden: Det frittståande tårnet, klokkestøpulen, for kyrkjeklokkene

Dei krossforma, einskipa stavkyrkjene Nore og Uvdal er dei einaste stavkyrkjene som har original midtmast som held ein takryttar med kyrkjeklokker oppe. Andre stavkyrkjer, som til dømes mastestavkyrkja i Borgund i Lærdal, har kyrkjeklokkene plassert i ein eigen konstruksjon, ein klokkestopul, attmed kyrkja, ikkje i tårn eller takryttar på sjølve kyrkja. Eit slikt frittståande byggverk for kyrkjeklokkene attmed stavkyrkja er synt på Skogbonaden, eit svensk biletteppe frå mellomalderen frå Skog i Hälsingland.[7]

Til liks med mastestavkyrkjene, kan dei einskipa stavkyrkjene ha sin bakgrunn i heidne kultbygningar. Skildringa i den islandske Soga om Øyrbyggjene[8] av hovet som den heidne Torolv Mostraskjegg hadde med seg frå Noreg til Island, tyder på at dette hovet var utforma etter same mønster som Haltdalen og Hemse stavkyrkjer, koret inklusive.

Skriftlege kjelder om kontinuitet frå heiden tid[endre | endre wikiteksten]

Omformingar av heidne kultbygningar til kristne kyrkjer er skildra i det brevet som pave Gregor i Rom skal ha sendt til Mellitius, som var på veg til England. Brevet er referert av Beda i skriftet hans frå fyrste halvdel av sjuhundretalet om soga til anglarkyrkja. Paven ber i brevet om at biskop Augustin instruerer anglarane om mellom anna at «[…] avgudstempla deira skal absolutt ikkje øydeleggast, men avgudane inne i dei skal han gjere til inkje og så sprøyte heilagt vatn i templa, plassere relikvie i dei og byggje altar. For viss templa er godt bygde, vil det ha stor vekt at djevledyrkinga vert endra til gudsdyrking. Når desse menneska ser at heilagdomane deira ikkje vert øydelagde, vil dei kunne rydde villfaringa ut or hjarta sine, og dei vil ha lettare for å gå til stader dei er vande til, og vedkjenne og dyrke den sanne gud [...]».[9] Same kristningsmetodar som Beda seier dei har nytta seg av i England, kan ha vore nytta i Noreg òg, og avspegle seg i stavkyrkjene ved at dei er ein bygningstype med røter i heiden tid.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

I røynda er dei norske stavkyrkjene som framleis står, ikkje anna enn eit seint ledd i ein særs lang nordisk og nord-europeisk tradisjon med å byggje hus i stavkonstruksjonar for ulike føremål, rett nok opphavlege som oftast med veggar av flettverk av kvistar påklint leire i staden for veggar av plankar og bord. Biletteppet Bayeuxteppet frå omkring 1070 viser til dømes eldspåsetjing av ei stort hus som truleg er bygd i stolpekonstruksjon, og dessutan har heva midtrom.[1] Arkeologiske granskingar har synt at tradisjonen med å byggje hus på denne måten strekkjer seg attende til bronsealderen og endå tidlegare tider. Men i motsetnad til desse tidlege stavbygningane, som til liks med dei eldste stavkyrkjene hadde stolpene nedsette i jorda med steinskoing rundt for å stå støtt, er dei norske stavkyrkjene, som ein i dag har frå mellomalderen, bygd slik at stolper og veggar står på ei ramme av tre som kviler på steinar. På dette viset hindra ein stolpane i å rotna i nedre enden, noko som må ha vore eit problem når dei stod i jorda.

Stavkyrkjene er såleis i og for seg inga norsk oppfinning. Spor etter stavkyrkjer med stolpar som er sett ned i jorda (av somme kalla stolpekyrkjer, ikkje stavkyrkjer) er avdekte ved arkeologiske metodar mange stader i Nord-Europa. Ei av desse er funnen under og utanfor den noverande steinkyrkja frå mellomalderen i JellingJylland i Danmark, ein heiden kultstad som vart kristna. Staden er vidgjeten for mellom anna kong Harald Blåtanns runestein med bilete av «Det store dyret» og av Kristus i tillegg til runeinnskrifta, truleg Nordens eldste kristne monument. Under arkeologiske granskingar av grunnen under Lisbjerg steinkyrkje (i nærleiken av Aarhus i Danmark) frå mellomalderen vart det funne spor etter ei stavkyrkje som hadde hatt veggar med kalkmåleri på pussa vidjefletting.[10] Stavkyrkjene i Danmark, Sverige og på kontinentet vart rivne allereie i mellomalderen og erstatta med steinkyrkjer; i Sverige står det ei stavkyrkje att, Hedared stavkyrkje, som vart bygd i dei fyrste åra av 1500-talet.

Den katolske kyrkja ønskte at kyrkjebygningane skulle vere i stein, slik det var vanleg i andre land. Men Frostatingslova og dei andre landskapslovene viser klart at trekyrkjer i stavkonstruksjon var det vanlege i Noreg, og at kyrkjelyden kunne velje mellom stein og stav, sjølv om Frostatingslova likevel gjer det klårt at stein var det beste. Det vert rekna som mykje meir ressurskrevande å sette opp ei steinkyrkje.[1].

Bygningsymbolikk[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen vart dei einskilde elementa i kyrkjebygningen gjevne ei symbolsk meining. Når det gjeld stavkyrkjene går dette fram av ulike, nordiske «stavkyrkjepreiker», soleis av Stavkyrkjepreika i Gamalnorsk homiliebok.[11] Denne bygningssymbolikken kan gje nyttige hint om korleis nokre av motiva i treskurden i stavkyrkjene skal tolkast.[12]

Omplasserte stavkyrkjer og delar frå rivne stavkyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Portalen frå Tønjum stavkyrkje
Foto: Nina Aldin Thune
Detalj på Torpo stavkyrkje.

Johannes Flintoe sine skisser av Flå stavkyrkje er truleg det eldste biletet av ei stavkyrkje. Nokre år seinare reiste I.C. Dahl gjennom landet og skreiv om stavkyrkjene som «Minnesmerker om en høyte utviklet trebygningskunst fra de tidligere århundrer i det indre av Norge».[1] Han engasjerte seg sterkt i arbeidet for å berge stavkyrkjene for ettertida. Mange stavkyrkjer vart rivne på 1800-talet, då det i 1851 kom ei lov om at ei kyrkje i eit sokn skulle ha rom for tre tidelar av folkesetnaden. Men ein rad kyrkjer vart redda av Fortidsminneforeningen. Dei fleste vart kjøpt og tekne vare på der dei stod. Dei mest kjende av desse er Borgund stavkyrkje og Urnes stavkyrkje. Urnes stavkyrkje, som er den eldste, er skrive inn på UNESCO si liste over verdsarv. Andre kyrkjer vart flytta, slik som Gol stavkyrkje frå Gol i Hallingdal, som vart flytt til Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo, Garmo stavkyrkje frå Lom i Gudbrandsdalen, som vart riven i 1880 og attreist på museet på Maihaugen (De Sandvigske Samlinger) i Lillehammer, og Fortun stavkyrkje frå Sogn, som vart sett opp på Fantoft sør for Bergen sentrum i sterk restaurert (rekonstruert) stand. Denne kyrkja vart totalskada av brann, og ein kopi står no på tomta på Fantoft. Vang stavkyrkje frå Vang i Valdres vart i 1841 overteken av den prøyssiske kongen, flytt og reist i sterkt rekonstruert stand i Brückenberg ved Krummhübel i Riesengebirge (på tysk), Karkonosze (på polsk), i eit område som i våre dagar er polsk og ein part av byen Karpatcz. Namnet på stavkyrkja vart på tysk Stabkirche Wang, på polsk Świątynia Wang.

Portalar og nokre andre bygningsrestar frå fleire nedrivne stavkyrkjer er samla i universitetsmusea i Trondheim, Bergen og Oslo.[13] Mange av portalmotiva er rike på ranker og skræmande dyr i ymse variantar. Portalmotiva vert ofte rekna som heidne, men er i røynda berarar av klårt mellomalderkristne bodskap.[14] Dette gjeld òg den vidgjetne portalen frå den rivne Hylestad stavkyrkje i Setesdal med framstillingar av Sigurd Fåvnesbane som drep ormen Fåvne og smeden Regin; hendingar som er kjende frå mellomaldersoga om Volsungane og diktsamlinga Den eldre Edda. På ein portal frå den nedrivne stavkyrkja i Hemsedal er temaet martyrdommen til Olav den heilage.[15]

Gjenverande, gjenoppbygde og nybygde stavkyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Dei eksisterande stavkyrkjene i Noreg er konsentrert om dei øvre dalstroka på Austlandet (Gudbrandsdalen, Numedal, Hallingdal, Valdres og Telemark) og dei indre fjordstroka på Vestlandet. Unnatak er særleg dei to stavkyrkjene som er flytta til Bergen og Oslo, og Grip stavkyrkje som ligg på ei fråflytta øy i havet.[16] Dette er eit oversyn over alle stavbygde kyrkjer i Noreg, inklusive dei kyrkjene som har vorte endra eller utvida, men har monalege delar av stavkonstruksjonar frå mellomalderen att i bygningskonstruksjonen. Dei kyrkjene frå moderne tid som er bygd som kopi eller etterlikning av ei stavkyrkje, er ikkje tekne med.

Alle stavkyrkjene i Noreg, eller bygg der konstruksjonsdelar frå mellomalderstavkyrkjer inngår, er automatisk freda etter Lov om kulturminner.[17]

Historismen søkte å etterlikna og gjenoppliva stiluttrykk frå eldre tider. I Noreg førte dette blant anna til at stavkyrkjene påverka kyrkjearkitekturen på 1800-1900-talet. Den nye Borgund kyrkje er til dømes utført i ein stil som minner om Borgund stavkyrkje like ved.[18] Andre døme er Årdal kyrkje i Sogn, Hauge kyrkje, Stedje kyrkje og Uvdal kyrkje. Raundalen kyrkje er oppført i stavkyrkjepreg med forhøga midtskip og sideskip som minner om omgang brukt i stavkyrkjene.[19] I drakestilen er dekor og stilelement frå stavkyrkjene også brukt i profane bygg.

Christian H. Grosch var ein av dei første som innarbeidde stavkyrkjeformer i heile bygninger som i mønsterteikningen og utkasta til Ulstein kyrkje. Johannes Flintoe brukte stavkyrkjeskurd i «fugleværelset» på [[Slottet##. Heinrich Ernst Schirmer føreslo ein stavkyrkjeinspirert bygning for Jørgen Moe i Krødsherad (bygget vart oppført etter andre teikningar).[20] Den føre Kirkenes kyrkje hadde et stavkyrkjeinspirert tårn.[21]

Norske stavkyrkjer som er tekne vare på[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Norske stavkyrkjer.

Kyrkjer i Noreg bygd etter reformasjonen med restar av stavkyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjer i Noreg som er kopiar av stavkyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Stavkyrkjer i andre land[endre | endre wikiteksten]

Nyare stavkyrkjer og kyrkjer i stavkyrkjestil[endre | endre wikiteksten]

  • Norway Building, bygd i Trondheim i 1893 til World's Columbian Exposition i Chicago og seinare flytta til Little Norway i Wisconsin. Henta til Noreg i 2015 etter at Little Norway stengde.
  • St. Olafs kyrkje i Balestrand i Sogn og Fjordane, bygd i stavkyrkjestil i 1897
  • Vår Frue kyrkje i Porsgrunn, bygd i stavkyrkjestil i 1899
  • Kapellet på Holmens kirkegård på Østerbro i København i Danmark, bygd i 1902.
  • Gustav Adolf stavkyrkje i Hahnenklee i Harz i Tyskland, ein fri kopi av Borgund stavkyrkje frå 1907-1908.
  • Boynton kapell i Björklunden i Door County i Wisconsin i USA, bygd 1939-1947
  • Chapel in the Hills ved Rapid City i Sør-Dakota i USA, kopi av Borgund stavkyrkje bygd i 1969
  • Stavkyrkja i Norway Pavilion ved Epcot i Walt Disney World Resort nær Orlando i Florida, bygd i 1988
  • Kopi av Hopperstad stavkyrkje ved Hjemkomst Center i Moorhead i Minnesota, bygd i 1998.
  • Heimaey stavkyrkje på Island, bygd i 2000 med Heimaey stavkyrkje som modell
  • Häggviks stavkyrkje ved Mannaminne museum i Häggvik i Norrland i Sverige, rekonstrukjson frå 2000
  • Skaga stavkyrkje i Karlsborg i Västergötland i Sverige, rekonstruksjon frå 2001 etter ei nedbrunnen kyrkje frå 1950-talet som igjen var ein rekonstruksjon av ei kyrkje frå 1100-talet
  • Kopi av Gol stavkyrkje i Scandinavian Heritage Park i Minot i Nord-Dakota i USA, bygd 1999-2001
  • Lillsjöhögen stavkyrkje i Sverige frå 2011
  • Hørning stavkyrkje ved Moesgård Museum i Aarhus i Danmark, rekonstruksjon
  • St. Swithun's i Warren County i Indiana.
  • Trinity Lutheran Church på Washington Island i Wisconsin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen.
  2. Ahrens, Claus (1994): The stave church at Gol and other early wooden churches.
  3. Bugge, Gunnar og Christian Norberg-Schulz (1990): Stav og laft i Norge. Norsk arkitekturforlag.
  4. Myhre 1973 & Randers 1991
  5. Hoftun 2002, side 39-40
  6. Ekroll, Øystein (2012): Sunnmørskyrkjene - historie, kunst og arkitektur (foto: Per Eide). Bla: Larsnes
  7. svenskakyrkan.se om biletteppet (bonaden) frå Skog i Hälsingland, arkivert frå originalen 30. september 2007, henta 27. september 2009 
  8. omsett av Høgetveit 1939; same opplysningar i den islandske Landnåmsboka
  9. Omsett til bokmål av Else Schøth, Oslo 1979
  10. Sørensen, Jeppesen & Madsen 1995, side 8
  11. omsett av Astrid Salvesen, Oslo 1971
  12. sjå til dømes Hoftun 2002 side 105; 2008, side 45 og 560
  13. Sjå Hohler 1999 for stilanalyser, fotografi og forklårande teikningar av norske stavkyrkjeportalar
  14. Hoftun 2002; 2008
  15. Hoftun 2002, side 94 - 105
  16. Ahrens, Claus (1994): Gol stavkyrkje og dei gamle trekyrkjene.
  17. Lov om kulturminner
  18. «Borgund kyrkje - Norges Kirker». Norgeskirker.no. 20. august 1968. Henta 19. oktober 2013. 
  19. Hoff, Anne Marte: Raundalen kyrkje, Norges kirker, lest 4.9.2014
  20. Eldal, J.C.: Historisme i tre. "Sveitserstil", romantikk, byggeskikks-renessanse og nasjonal egenart i europeisk og norsk trearkitektur på 1800-tallet. Avhandling for dr.philos., 1997.
  21. Hage, I. og J.v. Bonsdorff: Kunsthistorie i nord. Tidsskriftet Ottar nr 3, 2000.
  22. Kyrkja kan vera eldre Rollag stavkirke – Stavkirke.org Arkivert 2007-09-26 ved Wayback Machine.
  23. «Stavkirken ble først nevnt i skriftlige kilder i 1425, men den er langt eldre.» Rollag stavkirke - Riksantikvarens stavkirkeprogram
  24. Usikker datering
  25. Ikkje anerkjend som ekte stavkyrkje. Bygd etter reformasjonen med materiale frå tidlegare stavkyrkjer.
  26. Ikkje anerkjend som ekte stavkyrkje. Bygd etter reformasjonen, med materiale frå tidlegare stavkyrkjer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Stavkyrkje
Litteratur
  • Ahrens, Claus. Die frühen Holzkirchen Europas . Schriften des Archäologischen Landesmuseums 7 / herausgegeben vom Archäologischen Landesmuseum in der Stiftung Schleswig-Holsteinische Landesmuseen Schloß Gottorf. Stuttgart 2001: Theiss. ISBN 3-8062-1397-6
  • Beda, Anglernes kirkes historie, omsett av Else Schøth, Oslo 1979: H. Aschehoug & Co (W. Nygaard). ISBN 82-03-09781-2, ISBN 82-03-09780-4
  • Gammelnorsk homiliebok, omsett av Astrid Salvesen, med innledning og kommentar ved Erik Gunnes. Oslo, Bergen, Trondheim 1971: Universitetsforlaget.
  • Hoftun, Oddgeir, Stavkirkene - og det norske middelaldersamfunnet, København 2002: Borgen. ISBN 87-21-01977-0
  • Hoftun, Oddgeir, Kristningsprosessens og herskermaktens ikonografi i nordisk middelalder, Oslo 2008: Solum. ISBN 978-82-560-1619-8
  • Hohler, Erla Bergendahl, Stavkirkene – Den dekorative skurd i Norges kunsthistorie, bind 1, Oslo 1981, s. 252-355 ISBN 82-05-12265-2
  • Hohler, Erla Bergendahl. Norwegian Stave Church Sculpture I : Analytical Survey, Catalogue. Norwegian Stave Church Sculpture II : Studies, Plates. Oslo 1999: Scandinavian University Press. ISBN 82-00-12748-6 ISBN 82-00-12744-3
  • Myhre, Bjørn. I en åker på Gjerland i Førde. Arkeo 1. Bergen 1973: Universitetet i Bergen.
  • Randers, Kjersti. Et ringformet tun? På Gjerland. Arkeo 1. Bergen 1991: Universitetet i Bergen. Sidene 12 – 15.
  • Soga om Øyrbyggjene [Eyrbyggja saga], omsett frå gamalnorsk av Jostein Høgetveit, Norrøne bokverk 10, Oslo 1939: Det Norske Samlaget.
  • Sørensen, M. Aaman, J. Jeppesen & H.J. Madsen. 1995. Lisbjergkirkens forgjenger. Skalk 3. Højbjerg. Side 6-10.