Diskusjon:Oksygen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grunnstoff-mal[endre wikiteksten]

Ville det ikkje vere naturleg å lage ein grunnstoff-mal? Larsivi 25. feb 2005 kl. 1014 (UTC)

Gjerne for meg. Viss nokon som har greie på det kan tenka seg å laga malen. Aalen22x 25. feb 2005 kl. 1650 (UTC)

Eg kan godt tenkja meg å laga ein slik mal, om ikkje anna for treninga si skuld. Det er vel i første rekkje info-boksen og grunnstoff-kategorien som det er aktuelt å ha i ein mal. --Eddi (Snakk) 26. feb 2005 kl. 1442 (UTC)

Eg har laga ein grunnstoff-mal og testa han på Brukar:Eddideigel/Hydrogen. For vidare diskusjon, sjå Diskusjon:Grunnstoff. --Eddi (Snakk) 26. feb 2005 kl. 1958 (UTC)

Eg meiner det er direkte galt å jamstille namna oksygen og surstoff. Til og med nynorskordboka gjev «surstoff» som forelda. Det er eit upresist trivialnamn og kan derfor ikkje ha samme rang som «oksygen». --Ekko 09:01, 17 oktober 2007 (CEST)

Eg er heilt einig. Å hevde at surstoff vert meir brukt, som det vart gjort i går, blir feil ut i frå mitt syn. Atmosfæren består av 78% kvelstoff, 21% surstoff og resten vasstoff og andre ting liksom? Men at det kan få ei setning og omdirigering er greit. --Frokor 13:18, 17 oktober 2007 (CEST)
Så langt eg kan sjå vert surstoff bruk ein god del enno. Sjå mellom anna [1] og [2]. Det er og i vanleg bruk i daglegtale. Eg meiner surstoff står sterkare enn det artikkelen seier.--Andreasv 11:54, 19 oktober 2007 (CEST)
«Danskebåten» er òg eit vanleg ord i daglegtale i Oslo, reiarlaget heiter Color Line for det. Å telja tilslag på Google er ei dårleg erstatning for argument (eg kjem i hug det gamle engelske munnhellet «A billion flies can't be wrong, eat shit»). Grunnstoffet har berre eit namn på norsk, det er oksygen. Nynorskordboka har ein viss autoritet når det gjeld norsk språk, dei stør synspunktet at dette er eit forelda ord. At mange nyttar det endrar ikkje på det, det er framleis mange som kallar metermålet for ein tommestokk, sjølv om det er nokre år sidan tommar gjekk ut av bruk i Noreg. --Ekko 12:56, 19 oktober 2007 (CEST)
Hugs at vi skriv leksikon (deskriptivt verk), ikkje lærebok (normativt verk). Omgrep som stadig er i vanleg bruk (og da er Google relevant) skal sjølvsagt finnast i første setninga av artikkelen. Men ettersom dette ordet ikkje er det primære ordet i vår tids fagspråk er det naturleg å skrive «òg kalla surstoff». Da går det fram at ordet i vår tid er sekundært. Kan alle leva med den løysinga? -- Olve 13:24, 19 oktober 2007 (CEST)
Eigentleg ikkje. 1) Det er ein del av historia at namnet blei bytta ut, at det er forelda er difor ei relevant opplysing for ei forvirra sjel som høyrer begge namna. 2) Me er òg i eit visst mon normative, jfr. debatten om å rette seg etter namneformene hos Språkrådet. --Ekko 13:42, 19 oktober 2007 (CEST)
Oksygen vert jo faktisk kalla surstoff av og til, enn så lenge. Særleg i samband med den molekylforma me treng for å få dette grunnstoffet inn i blodet vårt, er ordet mykje brukt. Så eg er samd med Olve. Når det gjeld poenget om å retta seg etter Språkrådet, så gjeld vel den diskusjonen først og fremst kva me skal bruka som oppslagsord, ikkje kva som skal nemnast eller ikkje nemnast i første setninga.
I artikkelen om karbon har me òg med den mykje mindre brukte nemninga kol, men der står det i parentes, og det er presisert at det er ei gamal nemning. --Tannkrem 14:07, 19 oktober 2007 (CEST)
  1. Eg er ikkje imot å ha med «surstoff», eg meiner berre at me skuldar lesaren å ha med at nemninga er forelda. Kor det står i artikkelen har eg ikkje sterke synspunkt på.
  2. Poenget med å dra inn Språkrådet var å vise at me òg har ein normativ funksjon
  3. Eg er av dei som deler ut oksygen i arbeidstida, på sjukehuset her vil nok alle skjøne kva du snakkar om om du seier surstoff. Men dei vil kanskje lure litt på den faglege ballasten din.
Ekko 14:27, 19 oktober 2007 (CEST)
(redigeringskonflikt)
Når det gjeld Språkrådet og oss, så stemmer det at vi rettar oss etter dei når det gjeld artikkel- og kategorinamn. Men det er òg slik at dette eksplisitt ikkje gjeld for artikkelteksten, ikkje sant? Det er soleklart at vi skal ha artikkelnamna Venezia, Hamburg, Kristiansund og Oksygen. Men samtidig skal vi vel referere til dei alternative namna på ein godt synleg stad?
Sjå elles Venezia og Hamburg for referanse til forelda namneformer. I fall som Kristiansund, der den forelda forma i praksis er gått heilt or bruk, skriv vi «(eldre namn Fosna)». Surstoff er vel meir ein del av vanleg språkbruk enn både Venedig og Fosna, ville eg tru. Situasjonen for forvirra sjeler var no vel verre da dei laut lesa seg heilt ned til slutten av første bolken før dei møtte ordet dei kjente til.--? ;-p
Eg er som fagidiot fullt klar over at populærnamn som ikkje lenger blir rekna som oppdaterte fagtermar kan vera utruleg irriterande. Men eg synest ikkje det blir heilt rett å avvise eit ord som stadig er i bruk i tekstar frå deler av det medisinske fagmiljøet — slik som Nordlandssykehuset og Farmakologistudiet ved Univ. i Tromsø.
Ein ting vi kan gjera her, er å skrive «Oksygen, eldre òg surstoff». Da har vi gjort det klart på to måtar (kursiv og adjektiv) at oksygen er den føretrekte forma, samtidig som forma surstoff står tidleg nok i artikkelen til at dei som berre kjenner dette ordet eller som ikkje veit at dei står for det same, veit at dei les rette artikkelen.
Det vi truleg òg bør ha her er ein eigen bolk om namn — der vi òg viser til svensk syra, dansk ilt m.fl.
-- Olve 14:38, 19 oktober 2007 (CEST)
OK. Og namnebolkar er nok bra på dei vanlege grunnstoffa, eg har sett noko som må ha vore ei omsetting frå svensk, kor ein person blei utsett for «syregass»! --Ekko 14:47, 19 oktober 2007 (CEST)
Kva med nøre?--Andreasv 15:05, 19 oktober 2007 (CEST)

Da ser teksten slik ut:

Oksygen, eldre òg surstoff eller nøre, er eit grunnstoff ...

Kan alle leva med dette? -- Olve 16:45, 19 oktober 2007 (CEST)

Åjada =:-) --Ekko 16:49, 19 oktober 2007 (CEST)
Eg likar igrunn ikkje ordbokforkortingar, men eg "øveleve" nok om ikkje anna er råd til eining. --Anders 17:00, 19 oktober 2007 (CEST)