Kristiansund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Kristiansund
Våpen Kart
Våpen Kart
Grunnleggjande opplysningar
Kommunenr: 1505
Fylke: Møre og Romsdal
Administrasjonssenter: Kristiansund
Flatevidd: 87 km²
Folketal: 22 661 (2008)
Politikk
Ordførar (2007): Per Kristian Øyen (Ap)
Målform: Bokmål
Nettstad: www.kristiansund.no

Kristiansund (eldre namn Fosna) er ein bykommune med omlag 17 000 innbyggjarar på ytre Nordmøre i Møre og Romsdal. Byen ligg i havgapet og har totalareal på 22 km² fordelt på dei tre øyane Innlandet, Nordlandet og Kirklandet/Gomalandet. Kommunen omfattar òg fiskeværet Grip — eit lite fiskerisamfunn og ein gong Noregs minste kommune.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Kristiansund består av fire «land», eller øyar;

I tillegg til desse fire «landa» finst øya Skorpa austom Goma og nordom Nordlandet, og Grip med sine øyar og holmar uti havet nordom Kristiansund.

[endre] Historie

Nokre av dei eldste funna frå steinalderen er funne i Kristiansund. Fosnakulturen går heilt tilbake til kring 8000 f.Kr., da fosnafolket drog skinnbåtane sine på land, knekte skjel og veida, og slo seg til ved bredda av Atlanterhavet. Istida var på retur. Desse ytre distrikta vart tidleg isfrie, og i havet fanst rikeleg føde. Ein hadde òg tilgang på flint og andre harde bergartar. Ein har gjort fleire funn frå fosnakulturen i kommunen, blant anna ved Voldvatnet. Det første funnet vart gjort så tidleg som i 1909 av Anders Nummedal.

På slutten av 1600-talet kom frislendaren Jappe Ippes med kunnskapar om tørking av saltfisk til Noreg. Den 11. august 1691 fikk han eit kongeleg privilegiebrev som gav han løyve til å drive med tilverking og eksport av kleppfisk i Kristiansund og på Tustna. Det store oppsvinget kom likevel ikkje før skotten John Ramsay overtok etter Jappe. «Alle» fikk arbeide på «bergan». Båtane kom inn frå havet med salta fisk som måtte vaskast. Etterpå skulle fisken fraktast til ny salting og stabling oppe på berga. Fisken vart no liggande i press i rundt to veker for at saltlaken skulle renne av.

Kristiansund fikk offisiell bystatus den 29. juni 1742 av kong Christian VI, under namnet Christianssund. Byen utvikla seg raskt og vart ein føregangsby, særleg på fiskehandel. Dette trakk mange utlendingar til byen, særleg frå England og Skottland. I åra etter 1776 bygde byen opp ein stor skipsflåte med fleire skipsverft og reperbane. Vidare fram mot 1806 hadde næringslivet i Kristiansund ei eksplosjonsarta utvikling, der byen vart tilført enorme rikdommar.

[endre] Kjende personar frå Kristiansund

[endre] Diverse

I 1876 vart sundbåten oppretta i Kristiansund. Dette er ein ferjebåt som fraktar passasjerar mellom dei fire øyane. Sundbåten er no verdas eldste kommunikasjonsmiddel som har vore i stadig drift. Båten tar berre nokre få personar, men er vorte eit populært transportmiddel i Kristiansund.

Den lokale avisa heiter Tidens Krav.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Utdanning

[endre] Kultur og underhaldning

[endre] Idrett og friluftsliv

[endre] Kommunikasjon og transport


Møre og Romsdal
Sunnmøre: Giske | Haram | Hareid | Herøy | Norddal | Sande | Skodje | Stordal |
Stranda | Sula | Sykkylven | Ulstein | Vanylven | Volda | Ørskog | Ørsta | Ålesund

Romsdal: Aukra | Fræna | Midsund | Molde | Nesset | Rauma | Sandøy | Vestnes
Nordmøre: Aure | Averøy | Eide | Gjemnes | Halsa | Kristiansund | Rindal | Smøla | Sunndal | Surnadal | Tingvoll

Personlege verktøy