Diskusjon:Oljeplattform

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det var skrive om noko, og lagt inn lenke til gassplattform. Men nemninga oljeplattform vert generelt nytta om ein plattform som utvinn petroleum, det kan vera råolje, naturgasskondensat eller naturgass. Jamfør engelsk wikipedia: "An oil platform is a large structure used to house workers and machinery needed to drill and then produce oil and natural gas in the ocean." --Gunnernett 11:26, 2 oktober 2006 (UTC)

Les den første setninga kritisk, dette er ikkje ein definisjon: Det finst oljeplattformar utanfor Nordsjøen, og det finst stål- og betongkonstruksjonar i Nordsjøen som ikkje er oljeplattformar. Trondtr 12:28, 2 oktober 2006 (UTC).
Gassplattform vert nytta som nemning på gassplattformer. For referansar, sjå [1]. Oljeplattform er rett nok ei nemning som i daglegtalen, iallfall på stader der folk flest ikkje veit noko om oljeindustrien, kan omfatta oljeplattformer, gassplattformer og boreriggar. Og det kan godt stå i artikkelen. Men dette skal vera eit leksikon, og då kan ein ikkje basera seg først og fremst på upresis daglegtale. Og grunnen til at ordet oljeplattform er mest brukt, er at dei fleste plattformene er nett det, og ikkje gassplattformer. I tillegg produserar oljeplattformer ofte også gass, men då som eit biprodukt, som kjem opp saman med olja, på same måte som at kondensat er eit biprodukt av gassutvinning. Det er nok ikkje mange som ville tenkja på å nemna kondensat i innleiinga til ein artikkel om gassplattformer heller.
Og sjølvsagt stemmer det at oljeplattformer ikkje har noko konkret med Nordsjøen å gjera, eg tenkte meg ikkje om.
--Tannkrem 13:04, 2 oktober 2006 (UTC)
No har eg skrive om artikkelen litt, og lagra han i sandkassa. Eg lagra det der for å sleppa å redigera denne artikkelen fleire gonger fånyttes. Ser dette greit ut? --Tannkrem 13:48, 2 oktober 2006 (UTC)
Sett han heller attende på rett stad, så er det lettare å sjå kva som er siste versjon. Eg har ikkje greie på dette, men for meg er ein oljeplattform noko som står på botn. Rett nok seier den engelske artikkelen at nokre oljeplattformar kan flyte, men når eg følgjer lenkja blir dei referert til som «production systems», som på si side att blir definert slik «Floating production systems are large ships». Slik det står no er ikkje berre oljeplattforma, men også t.d. blokka som står oppå plattforma sjølv ei oljeplattform («av stål og betong» som ho er), det same er alle andre konstruksjonar av stål og betong som rek rundt i Nordsjøen. Etter mitt syn skal vi skrive slik: Prøv å skrive ei første setning som ikkje føreset at lesaren veit kva ei oljeplattform er, men som i staden forklarer kva ei oljeplattform er. Kva med:
«Ei oljeplattform er eit byggverk som består av ei plattform og fire eller fleire bein. Plattforma står i vatn, slik at det skal bli mogleg å bore etter olje eller gass under havsbotn.» Så kan du evt. legge til at nokre plattformar flyt, viss dei gjer det, og kva som skil dei frå produksjonsskip.
Eg må innrømme at eg tidlegare har møtt motbør i tilsvarande diskusjonar (jf. diskusjonen til artikkelen traktor), men eg meiner likevel vi får meir innsikt i karakteren til (også menneskeskapte) ting når vi ser på kva som ligg attom orda. Trondtr 16:49, 2 oktober 2006 (UTC)
Alle flyteriggar er ikkje skip. Dei flyttbare bustadriggane er registrerte som skip. Det same gjeld kanskje leiteriggar. Produksjonsplattformer som flyt, kallast vanlegvis plattformer, og er ikkje produksjonsskip. Og plattformer som står på betong, kallast ofte riggar eller oljeriggar.
Diskusjonen eg ville ta opp, var likevel at det er ein skilnad (kan vera ein flytande overgang) mellom oljeplattformer og gassplattformer, på same måte som mellom oljefelt og gassfelt, som båe oftast inneheld alle fire typane av petroleum, og at det som står i artikkelen er misvisande.
--Tannkrem 17:18, 2 oktober 2006 (UTC)