Diskusjon:Rudolf Hess

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det som står om dødsårsaken ser ut til å vere hente frå bokmålswikipediaen (eg fann ikkje opplysningane på engelsk wikipedia). Verken nynorsk- eller bokmålsartikkelen har kjelder for dei oppsiktsvekkande opplysningane om at han vart drepen. Så dette er vel ikkje anna enn eit rykte? - Knut 22:58, 20 mai 2007 (CEST)

Det var upresist formulert av meg. Poenget var at Hess døydde av kveling, slik den fyrste obduksjonen òg fastslo, så eg vil ikkje hevde at han vart drepen. At der har vore og er diskusjon om dødsfallet, bør likevel med, i og med at bl.a. nynazistar (som diverre hyllar Hess for å vere ein av dei som ikkje angra på det han hadde gjort) kjem med slik påstandar. Eb

Poenget til Knut er at utan kjelder for dette er dette berre rykter. Ogf rykter kan me ikkje ha her. --Ekko 10:05, 21 mai 2007 (CEST)

OK, kjelder skal kome, men formuleringa var tvitydig, det var òg eit poeng. Eb

Eg såg vel det eg ville se.... =:-) --Ekko 14:13, 21 mai 2007 (CEST)
Det er mykje betre no. - Knut 17:17, 21 mai 2007 (CEST)

Opprydding?[endre wikiteksten]

Artikkelen ser ved første augekast ikkje særleg rotete ut. Eg føreslår å fjerna rydde-merket. eller å erstatta med meir passande mal. --Tannkrem 3. juli 2010 kl. 13:02 (CEST)[svar]