Diskusjon:Skottland i høgmellomalderen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Om artikkelen[endre wikiteksten]

Artikkelen er omsett frå bokmål, som igjen er omsett frå den engelske artikkelen. Bokmålsartikkelen er ikkje heilt god over alt. Fleire stader har ting forsvunne i omsettinga, så viss ting ser litt rart ut kan det vera ein fordel å kikke litt på engelsk.
Stilen i artikkelen er mye «austlandske» klammeformer, kløyvd infinitiv og til-preposisjon i staden for genitiv-s og garpegenitiv, prøv om muleg å halde den når de korrekturles artikkelen. --KRISTAGAα-ω 22:12, 27 april 2008 (CEST)

Eg er i alle høve svært imponert over både denne og angelsaksisk litteratur... --Ranveig 00:12, 28 april 2008 (CEST)
Start emacs. Opn opp tre artiklar som på bokmål har blitt kåra til utmerka og manglar her. Kopier og lim inn i emacs. Kjør søk og erstatt på ord og orddelar ein veit er forskjellige på bokmål og nynorsk. Gå igjennom og fornorsk ordstillinga + omsetting av tilfeldige ord. Kopier frå emacs og lim inn her. Enkelt og greit (vel, det tok kanskje «litt» tid, men likevel ikkje umuleg). --KRISTAGAα-ω 00:32, 28 april 2008 (CEST)

Rar setning[endre wikiteksten]

Eg trur denne setninga må skrivast om, men skjønar henne ikkje heilt, så eg avstår: «Beslekta er også at perioden var vitne til at den kongelege autoriteten blei påtvinga heile samfunnet, heilt ut til ytterområda og ikkje bare i kjerneområda til kongen.» --Korr. 11. januar 2011 kl. 17:15 (CET)[svar]

Ein måte å løyse det på er å slette setninga, om ho ikkje har nokon funksjon. Utgangspunktet var: As a related matter, the period witnessed the successful imposition of royal authority across most of the modern country. --Roar 19. februar 2011 kl. 08:33 (CET)[svar]