Skottland i høgmellomalderen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Festninga Dunnottar i Mearns i Skottland er eitt av dei beste festningsverka i Storbritannia. Staden var i bruk gjennom heile høgmellomalderen, og festninga sjølv kan daterast tilbake til 1200-talet.

Skottland i høgmellomalderen omhandlar historia til Skottland i ei tid som strekkjer seg frå kong Domnall II i 900 og til kong Aleksander III i 1286, og som førte indirekte til Den skotske sjølvstendekrigen.

900-talet og 1000-talet var den nordlege halvdelen av Storbritannia dominert av gælisk kultur, og av eit gælisk kongedøme kjent på gælisk som «Alba», på latin som anten «Albania» eller «Scotia», og på engelsk som «Scotland». Frå hovudbasen sin i austlege Skottland, nord for elva Forth, tok kongedømet Alba kontroll over landområda sørover. Kongedømet hadde ein blomstrande kultur som femnde om store delar av den gælisk-talande verda.

I tida etter regimet til kong David I1100-talet kan dei skotske monarkane betre bli beskrivne som skotsk-normanniske enn som gæliske ved det at dei sjølve heldt seg meir til fransk kultur enn den innanlandske skotske kulturen. Dei slutta seg til ei form for skotsk «normannisk erobring». Konsekvensane var spreiinga av franske institusjonar og franske sosiale verdiar. Dei fyrste byane, kalla burghar, blei danna i same tidsepoke. Etter kvart som burghane blei fleire blei også mellomengelsk språk spreidd. Til ein viss grad fekk denne utviklinga ei motvekt i den felles norrøn-gæliske kulturen i nordvest, og gæliseringa av dei mange store adelsfamiliane av fransk og anglo-fransk opphav. Perioden endar med det som er blitt kalla «ei gælisk fornying» i ein integrert skotsk nasjonal identitet. Sjølv om det ville seie eit framhald frå tidlegare tider, hadde den økonomiske, institusjonelle, kulturelle, religiøse og lovmessige utviklinga kring 1286 ført Skottland nærare naboane sine i England og på kontinentet. Kring 1286 tilsvara grensene til kongedømet Skottland bortimot det dei er i dagens moderne Skottland.

Skotsk historieforsking[endre | endre wikiteksten]

Skotsk historie frå denne perioden er eit omfattande forskingsområde. Ny forsking blir utgitt kvart einaste år og det historiske feltet skotsk mellomalder er vitalt og i stadig endring. Skotske mellomalderforskarar kan bli delt i to hovudgrupper: «keltarane» og «normannarane». Den fyrste gruppa, representert med historikarane Thomas Owen Clancy og Dauvit Broun, er interessert i landets opphavlege kultur og har ofte lingvistisk trening i keltiske språk. Den andre gruppa er opptatt av den fransk og anglo-franske kulturen som blei introdusert i Skottland etter 1000-talet. Den mest framståande historikaren med dette interessefeltet er G.W.S. Barrow som har vigd livet sitt til å studere føydalismen i England og Skottland i høgmellomalderen.

Skiljelinja til dei to gruppene står mellom historisk endring eller historisk fortsetjing. Mange av forskarane på 1900-talet og i dag har vore opptekne av dei kulturelle endringane som skjedde i Skottland i den normanniske epoken. Andre forskarar, som Cynthia Neville og Richard Oram, ignorerer ikkje dei kulturelle endringane, men har argumentert for at fortsetjinga av den gæliske fortida var like viktig.

Opphavet til kongedømet Alba[endre | endre wikiteksten]

Suenos stein ligg ved Forres, frå det gamle kongedømet i Fortriu, er eit testamente over makta til dei piktiske kongane.

I løpet av epoken dei britiske øyane var okkupert av Romarriket enda provinsen Britannia formelt ved Hadrians mur. I området mellom denne muren og den antoninske muren oppmuntra romarane ei rekke høvdingdøme så dei kunne fungere som ei buffersone mellom dei romerske territoria og de nordlege områda til folkeslaget piktarane. Utviklinga av Piktland i seg sjølv, i samsvar med den historiske modellen som blei utvikla av Peter Heather, var ein naturleg reaksjon på den romerske imperialismen. Ved år 900 hadde samfunnslaga til piktarane utvikla seg til det gæliske kongedømet Alba.

900-talet hadde den skotske eliten begynt å utvikle ein erobringsmyte for å forklare gælifiseringa deira, ein myte som ofte blir kalla forræderiet til MacAlpin. Med det meiner ein at den tradisjonelle fyrste kongen i Skottland, Cináed mac Ailpín, (Kenneth I av Skottland) etter det ein trur skal ha utradert piktarane i éi einaste erobring. Dei tidlegaste versjonane av denne myten inkluderer «Livet til Den heilage Cathróe av Metz» og den kongelege slektshistoria som sporar opphavet sitt tilbake til Fergus Mór mac Eirc (Fergus I av Dalriada). Under regimet til Máel Coluim III (Malcolm III av Skottland) formaliserte diktet «Duan Albanach» myten i den gæliske poetiske tradisjonen. På 1200- og 1300-talet blei desse mytologiske tradisjonane innlemma i dokumentet ein nå kjenner som Poppelton-manuskripta, og i Arbroath-deklarasjonen av 1320. Dette trudde ein i den tidlege moderne perioden og etter, sjølv Jakob VI av Skottland (som samtidig var Jakob I av England og Irland) rekna opphavet sitt tilbake til Fergus, og sa sjølv at han var ein «monark som sprang ut frå rasen til Fergus».

Moderne historikarar har derimot begynt å avvise denne førestillinga om opphavet til Skottland. Ingen samtidige kjelder nemner denne erobringa. Gælifiseringa av Piktland var ein lang prosess som gjekk forut Cináed og det var beviseleg gælisktalande piktiske herskarar, kongeleg piktisk vern og støtte til gæliske poetar, gæliske inskripsjonar, og gæliske stadnamn. Omgrepet konge av Alba, berre registrert på begynninga av 900-talet, kan vere ei gælisk omsetting av Piktland. Endringane i identitet kan kanskje bli forklart ved at det piktiske språket døydde ut til fordel for gælisk språk, men like viktig er det at Causantín mac Áeda (Konstantin II av Skottland) tillèt skottifiseringa av den piktiske kyrkja, og det psykologiske presset frå invasjonsbølgjene frå Noreg, mest følt i det piktiske hovudområdet i Fortriu, det vil seie dei nordlege områda rundt Moray og Easter Ross i dagens Skottland.

Utanfor Alba var kongedømet Strathclyde i dalen til elva Clyde delvis uavhengig, tilsvarande gjaldt for gælarane (nemning for dei som snakka eit gælisk språk) i det vestlege området Argyll («kystlandet til gælarane») og dei nordvestlege øyane (nordlege Irland og delar av områda Argyll, Bute og Antrim (tidlegare Dál Riata)), men ikkje Hebridane. Dei søraustlege områda var blitt oppslukte av det engelske kongedømet Bernicia/Norminiria på 600-talet, og nye invasjonar med nordmenn begynte å dominere mesteparten av dei vestlege og nordlege øyane, Hebridane og Shetland, forutan nordspissen av Skottland (Caithness). Også i området rett nord i Irskesjøen på øya Man, og dessutan Galloway som var under sterk norrøn og gælisk påverknad, men utan at et kongedøme reiste seg i sistnemnte område.

Kongedømet Alba eller Scotia[endre | endre wikiteksten]

Gæliske kongar frå Domnall II til Aleksander I[endre | endre wikiteksten]

Piktisk beist, helleristning av fantasiliknande dyrefigur som oftast opptrer om symbol på steinar etterlètne av piktarane. Meninga til symbolet er framleis ikkje klargjort.

Kong Domnall II var den fyrste høvdingen som blei kalla rí Alban, det vil seie konge av Alba (altså Skottland), da han døydde i festninga Dunnottar i år 900. Alle forgjengarane hans blei kalla anten konge av piktarane eller konge av Fortriu. Ei slik tilsynelatande endring i dei gæliske krønikene har stundom blitt sett på som fødselen til nasjonen Skottland, men det er inkje ekstraordinært ved regimet hans som stadfester ein slikt paradigmeskifte. Domnall hadde kallenamnet dásachtach som rett og slett betydde den sinnssjuke, eller i tidlege irske lovar, ein mann som ikkje var i kontroll over funksjonane sine og dermed utan lovmessig skyld. Faktisk blir det lange regimet (900942/3) til etterfylgjaren hans, Causantín (Konstantin II av Skottland), oftare sett på som nøkkelen til danninga av høgmellomalderens kongedøme Alba. Til tross for nokre tilbakeslag var det i løpet av denne perioden at skottane klarte å stå imot presset frå utvidingane nordmennene gjorde i landområda i nord utover dei vestlege og nordlege øyane og området Caithness.

Perioden mellom tiltredinga av Máel Coluim I (Malcolm I av Skottland) og Máel Coluim II (Malcolm II av Skottland) blei markert av sterke band til Wessex-herskarane i England, opprivande interne dynastiske stridar, men til tross for det, også ei viss suksessfull utviding av områda til kongedømet. I 945 overtok kong Máel Coluim I området Strathclyde som ein del av ein avtale med kong Edmund I av England, ei hending som delvis blei avleia av tapet av kontroll Máel Coluim opplevde i området Moray. Ein gong i tidsrommet under styret til kong Idulb (Indulf av Skottland, 954962) erobra skottane festninga som blei kalla «oppidum Eden», det vil seie det seinare Edinburgh. Skotsk kontroll over området Lothian blei styrkt med Máel Coluim IIs siger over norminirianarane islaget ved Carham i 1018. Skottane hadde sannsynlegvis ein del autoritet i Strathclyde i den siste delen av 900-talet, men kongedømet hadde også sine eigne herskarar, og det er ikkje klart om skottane var sterke nok til tvinge gjennom total autoritet.

Regimet til kong Donnchad I (Duncan I av Skottland) frå 1034 blei fylgt av mislykka militære eventyr og han blei nedkjempa og drepen av mormaar av Moray, det vil seie kongedømet av Moray, ved Mac Bethad mac Findláich (Macbeth av Skottland) i 1040. Mac Bethad styrte i 17 år og så fredsant at han var i stand til å gjere ei pilegrimsferd til Roma. Likevel blei han styrta av Máel Coluim (Malcolm III av Skottland), ein slektning av Donnchad som 18 månader seinare sigra over Mac Bethads etterfylgjer Lulach som kong Máel Coluim III. I den påfylgjande mellomalderske propagandaen blei det korte regimet til Donnchad beskrive i positive vendingar mens Mac Bethads lange styre blei tilsvarande negativt framstilt. William Shakespeare fylgde denne forvrengte historieskildringa i beskrivinga av begge menn i det berømte teaterstykket Macbeth.

Det var Máel Coluim III, og ikkje faren Donnchad, som gjorde meir for å danne det suksessfulle dynastiet som styrte Skottland i dei fylgjande to hundreåra. Ein del av suksessen var det store talet born han hadde, kanskje så mange som eit dusin, gjennom ekteskap med den norske adelskvinna Ingebjørg Finnsdotter, og deretter med den anglo-ungarske prinsessa Margaret, som seinare blei helgenerklært som Den heilage Margaret av Skottland. Trass i at han hadde ei kongeleg angelsaksisk kone brukte Máel Coluim mykje tid på plyndring og slavetokt i England, og utnytta ytterlegare dei tunge tidene folk flest hadde i etterkant av den normanniske erobringa av England, spesielt dei normanniske massakrane vinteren 1069–1070. Krønikeskrivaren Máel Brigte (Marianus Scotus) skreiv at «gælarane og franskmennene herja engelskmennene, og engelskmennene blei spreidde og døydde av svolt og blei tvunge til å eta menneskeleg kjøtt.»

Máel Coluims herjingar og forsøk på å smi krav for etterfylgjarane sine i dei nordlege engelske områda tvinga fram ein reaksjon frå dei normanniske herskarane i England ovanfor det skotske kongedømet. Máel Coluim hadde gifta seg med Margaret, systera til den angelsaksiske fordringshavaren til den engelske trona, Edgar Ætheling, og hadde med dette ekteskapet gitt dei fleste av borna sine kongelege angelsaksiske namn. I 1080 sende kong Vilhelm Erobreren sonen sin med ein hærstyrke for å erobre Skottland. Máel Coluim bøygde unna, underkasta seg Vilhelms autoritet og overgav sin eldste sønn Donnchad som gissel. Kong Máel Coluim døydde sjølv på eit plyndringstokt i 1093.

Máel Coluims naturlege etterfylgjar var broren Domnall Bán (Donald III av Skottland) ettersom Máel Coluims soner var for unge. Normannarane i sør sende Máel Coluims eldste son Donnchad nordover for å krevja kongetrona. I den påfylgjande konflikten klarte Donnchad (Duncan II av Skottland) å overta trona, men i fylgje Den angelsaksiske krønika blei dei engelske og franske fylgjesmennene hans massakrert, og Donnchad II sjølv blei drepen i slaget ved Monthechin året etter (1094) av Domnalls allierte Máel Petair av Mearns. I 1097, derimot, sende normannarkongen i England enda ein son av Máel Coluim, Edgar, for å overta kongedømet. Ved at Domnall Bán døydde blei kongedømet sikra for Edgar og dei fylgjande åra blei relativt fredlege. Regimet til både Edgar og etterfylgjaren Aleksander er dunkelt i forhold til etterfylgjarane deira. Den fyrste er nok mest kjend for at han sende ein kamel (eller kanskje ein elefant) til kollegaen Muircheartach Ua Briain, overkonge av Irland. Da Edgar døydde overtok Máel Coluims fjerde son Aleksander kongedømet mens hans yngste bror David blei prins av Cumbria og herskar av Lothian.

Skotsk-normanniske kongar: David I til Aleksander III[endre | endre wikiteksten]

Ruinane av hovudtårnet til festninga Urquhart Castle. Etter erobringa av mormaar av Moray på 1130-talet var denne festninga ein av eit dusin som blei etablert i området av franske tilhengarar av kongen.

Perioden mellom tiltredinga til David I og til Aleksander III døydde var prega av ei avhengigheit til og samtidig eit relativt godt tilhøve til dei engelske kongane. Så lenge som kontinuiteten blir tatt med i vurderinga, kan perioden også bli sett på som ein av dei store historiske forvandlingane, ein del av eit generelt fenomen som har blitt kalla «europeiseringa av Europa». Beslekta er også at perioden var vitne til at den kongelege autoriteten blei påtvinga heile samfunnet, heilt ut til ytterområda og ikkje berre i kjerneområda til kongen. Etter David I og spesielt under regimet til kong Vilhelm I, også kalla «Vilhelm Løva», blei kongen i Skottland ambivalent til den rådande kulturen til dei fleste av undersåttane sine. Den engelske kronikøren Walter av Coventry fortel at «Dei moderne kongane i Skottland ser på seg sjølv som franskmenn, i rase, danning, språk og kultur; dei har berre franskmenn i hushaldet sitt og i fylgjet, og har redusert skottane (= gælarane) til det ytste slaveri.»

Kongane sin ambivalens hadde til ein viss grad gjenklang hos skottane sjølv. I tida etter at Vilhelm blei tatt til fange ved Alnwick i 1174 vendte skottane seg mot det lille talet av sine eigne som snakka mellomengelsk og fransk. Den engelske historikaren frå samtida, William av Newburgh, fortel at skottane fyrst angreip dei skotsk-engelske i sin eigen hær, og same mann fortel om liknande hendingar også i resten av Skottland. Walter Bower, som skreiv nokre få hundreår seinare, skreiv om dei same hendingane og stadfestar at «det skjedde ei heller elendig og omfattande forfylging av dei engelske i både Skottland og i Galloway.»

Seglet til kong Vilhelm I, eller Guillaume le Lion som han også blei kjend som. Hans gæliske tittel var truleg Uilleam Garbh (= «Vilhelm den røffe»).

Motstanden mot dei skotske kongane var i denne perioden hard. Den fyrste hendinga er kanskje opprøret til Óengus, Mormaar av Moray. Andre som gav uforsonleg motstand var Somerled eller Somairle mac Gillai Brigte, Fergus av Galloway, Gilla Brigte av Galloway og Harald Maddadsson, saman med to ættegrupper som i dag er kjende som MacHeth-klanen og MacWilliam-klanen. Den siste meinte sjølv at dei stamma frå kong Donnchad II (Duncan II av Skottland) gjennom sonen hans William fitz Duncan. MacWilliam-klanen synes derfor å ha gjort opprør for trona i seg sjølv. Opprøret var så alvorleg at etter at MacWilliam-klanen blei overvunnen i 1230 gav den skotske kongen ordre om at den siste i ætta MacWilliam, ei nyfødd jente, skulle bli avretta offentleg. Lanercost-krønika fortel om lagnaden til den siste MacWilliam:

«Den same Mac-Williams dotter, som ikkje lenge etter at ho hadde forlate mora sitt skjød, uskuldig som ho var, blei drepen i burghen Forfar i alle sitt påsyn på marknadsplassen etter ein proklamasjon frå den offentlege utroparen. Hovudet hennar blei banka mot søyla til marknadskrossen til hjernen hennar blei slått ut.»

Mange av desse motstandarane samarbeida og fekk støtte ikkje berre frå dei perifere gæliske områda i Galloway, Moray, Ross og Argyll, men også frå austlege Skottland og frå andre stader i dei gælisktalande områda. På slutten av 1100-talet hadde dei skotske kongane fått autoritet og makt til å dra dei innfødde gæliske høvdingane ut av områda deira, dei mest kjende eksempla er Lochlann av Galloway og Ferchar mac i tSagairt (Ferchar av Ross). Auka ekspansjon under regimet til Aleksander III plasserte skottane i ein sterk posisjon til overta restane av den norskdominerte vestkysten. Det skjedde i 1266 med Perth-traktaten. Erobringa av vestre Skottland, danninga av kongedømet (Mormaar) i Carrick i 1186 og overtakinga av herredømet av Galloway etter opprøret der i 1235 betydde at talet på gælisktalande under den skotske trona blei aktivt utvida, og kanskje fordobla i den såkalla normanniske perioden. Det var gælarar og gæliske krigarar frå dei nye vestlege områda og den makta desse tilbaud som gjorde det råd for kong Robert Bruce, som sjølv var ein gælifisert skotsk-normannisk lord frå Carrick, til å bli sigerrik under Den skotske sjøvstendekrigen som fylgde rett etter døden til Aleksander III.

Andre kongedøme[endre | endre wikiteksten]

Kart over Comital og andre grevskap i Skottland i mellomalderen, ca. år 1230.

Når nasjonalhistorikarar og øvrige forskarar prøver å forklare og legitimere den moderne nasjonale identiteten er det lett å gløyme at kongedømet Alba ikkje var den einaste kongelege autoriteten i nordlege Britannia. Faktisk var det inntil den normanniske epoken, og kanskje til og med inntil regimet til kong Aleksander II, slik at den skotske kongen kontrollerte berre ein minoritet av folket som levde innom grensene av dagens Skottland på same måte som franske monarkar i mellomalderen berre kontrollerte delar av det som er dagens moderne Frankrike.

Herskaren i Moray blei ikkje berre kalla ‘konge’ i norrøne kjelder, men også før Máel Snechtai blei kalla «konge av Alba» (= Skottland). Etter Máel Snechtai blei namngitt i irske kjelder er desse herskarane berre blitt kalla kongar (jarlar) av Moray. Likevel tok Moray over heile det skotske kongedømet i 1040 med den berømte Mac Bethad mac Findláich (Macbeth, 1040–1057) og hans etterfylgjar Lulach mac Gillai Coemgáin (Lulach 1057–1058). Etter 1130 blei Moray erobra og underlagt dei skotske kongehuset da den siste innfødde herskaren, Óengus av Moray, blei slått i eit forsøk på å gjenerobre den skotske trona.

Galloway var på same måte eit herredøme med visse kongeleg ambisjonar. I eit charter frå Galloway datert til regimet til Fergus kallar herskaren i Galloway seg for rex Galwitensium, latin for konge av Galloway. Irske krøniker fortsette å kalle Fergus’ etterfylgjarar for konge. Sjølv om skottane skaffa seg større kontroll etter døden til Gilla Brigte av Galloway død, og innsettinga av Lochlann i 1185 blei ikkje Galloway fullstendig oppslukt av Skottland før i 1235 da eit opprør i området blei knust.

Galloway og Moray var ikkje dei einaste territoria med herskarar som hadde ein viss kongeleg status. Både dei norrøne herskarane av Man og Hebridane, og herskarane av Argyll kravde status som kongar, sjølv om latinske kjelder i sør berre kallar dei for reguli (= småkonge, høvding). Mormaar av Lennox referer til forgjengarane sine som kongar av Balloch og sjølv mange av mormaardøma hadde vore kongedøme i tidlegare epokar. Eit anna kongedøme, Strathclyde (eller Cumbria) blei innlemma i Skottland i ein langsam prosess som begynte på 800-talet og ikkje blei fullført før ut på 1000-talet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Korkje dei politiske eller dei teoretiske grensene til Skottland i denne perioden, som for både Alba og Scotia, svara fullstendig til dagens Skottland. Det nærmaste samanfallet kom på slutten av epoken da York-traktaten (1237) og Perth-traktaten (1266) slo fast grensene mellom den skotske kongen og England og tilsvarande med Noreg, sjølv om Berwick og Man-øyane seinare blei tatt av England, og Orknøyane og Shetland seinare blei overtatt frå Noreg.

Av legale og administrative behov blei det skotske kongedømet delt i tre, fire eller fem soner. Det var, som dagens historikarar referer til som ‘Hovud-Skottland’, områda nord og sør for Grampian-fjella, dessutan Lothian, Galloway og, tidlegare, Strathclyde. Som Skottland hadde verken Lothian eller Galloway si moderne meinig. Lothian kunne referere til alle dei som snakka mellomengelsk i søraust, og dessutan inkludere mykje av Strathclyde. Galloway kunne referere til heile den gælisktalande befolkninga sørvest. Lothian blei skilt frå Hovud-Skottland av elva Forth. Eit sitat frå eit skrift frå tidleg på 1200-talet funne i Poppelton-manusskriptene, de Situ Albanie:

Det ypparlege stykke vatn som på skotsk er kalla «Froth», på britisk «Werid» og på romansk språk, «Scottewatre», det er, ‘Skottanes Vatn’, som delar kongedømma av Skottane og Engelske, og renn i nærleiken av byen Stirling.

Her blir «skotsk» referert til det språk som nå blir kalla for mellomirsk, «britisk» refererte til walisisk, og «romansk» til gammalfransk som hadde lånt namnet ‘Scottewatre’ frå mellomengelsk.

I denne perioden var lite av Skottland styrt av krona. I staden var dei fleste skottane lagt under direkte kontroll av gæliske og i aukande grad etter 1100-talet, fransktalande mormaar, jarlar og lordar.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Den skotske økonomien var i denne perioden dominert av jordbruk og innanfor korte avstandar av lokal handel. Det var ein aukande del av utanlandsk handel forutan utbytte skaffa ved hærtog. På slutten av perioden erstatta myntar rein varebyttehandel, men i mesteparten av denne epoken blei varebytte gjort utan bruk av valuta.

Det meste av skotske jordbruksrikdommar frå denne perioden kom frå sauehald, ikkje frå å dyrke jorda. Det siste voks mykje i den normanniske epoken, men med geografiske forskjellar. Lågtliggande område hadde meir dyrkbar jord enn høgtliggande område som Høglandet, Galloway og fjellområda i sør. Galloway, berømt for kyrne sine, hadde så omfattande sauehald at det er få bevis for at området i det heile tatt hadde noko kultivering, unntatt for kystområdet Solway.

Det gjennomsnittlege landområdet som ein husbonde i Skottland hadde kan ha vore på rundt 105 mål. Det er mange bevis på at dei innfødde skottane føretrekte sauehald ved at gæliske herrar bevisst gav frå seg landområde til bønder som snakka fransk og som snakka mellomengelsk mens dei hardnakka held på dei meir høgtliggande regionane for seg sjølv. Den måleininga som blei brukt på landområder i Skottland var «davoch» (tilsvarande «vat», 'fat'), kalla «arachor» i Lennox. Denne eininga var også kjent som «den skotske plogvegen». Engelsktalande Lothian var berre «plogveg». Det tilsvarte truleg rundt 420 mål, delt i fire rath.

Kyr, grisar og ost var dei matprodukta som blei produsert mest, men også andre matvarer: frå sauekjøtt til fisk, rug og byggryn, til bivoks og honning.

Skottland før kong David I hadde ingen byar. Det nærmaste var stader der befolkninga i større tal enn gjennomsnittet samla seg rundt store munkekloster slik som Dunkeld og St. Andrews, og viktige regionale festningar og fort. Skottland utanom Lothian var folkesette av spreidde landsbyar og utanfor dette området mangla den kontinentale kjernen av landsbyar. Kong David I etablerte dei fyrste burghane, opphavleg fyrst berre i det engelsktalande Lothian. Han kopierte burghanes charter (fribrev for handel) og Leges Burgorum (reglar som styrte så å si alle aspekt for liv og arbeid innanfor burghane) bortimot ordrett frå engelsk skikk frå byen Newcastle-upon-Tyne. De fyrste burgh-danningane i mellomalderen var fyrst og fremst flamske, engelske, franske og tyske før dei gælisk-skotske. Ordforråda i burghane blei heilt ut danna av germanske eller franske omgrep. Rådsforsamlinga som styrte dei individuelle burghane var kjend som lie doussane i tydinga 'dusinet', eller 'dei tolv'.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Folketalet i Skottland i denne perioden er stort sett ukjent. Ikkje før i 1755 kjem det sikker informasjon om talet som da var på 1 265 380. Dei mest sannsynlege overslaga plasserer folketalet på mellom 500 000 og 1 000 000 menneske, voksande frå det minste talet til det høgaste. Folket var mykje meir spreidd enn i dag. Ein trur at mellom 60% og 80% levde nord for elva Forth og dei øvrige delt mellom Galloway, Strathclyde og Lothian. Spreiinga av bispedøme og domstolar gir inntrykk av eit jamnt skilje mellom dei tre siste sonene.

Lingvistisk var den store majoriteten av befolkninga i Skottland i heile denne epoken gælisktalande, det som seinare blei kalla skotsk, eller på latin, lingua Scotica. Andre språk som blei snakka var norrønt og engelsk og det keltiske språket kumbrisk (cumbric) som forsvann ein gong mellom 900 og 1100. Piktisk kan ha overlevd inn i denne epoken, men det er få bevis på det. Etter at kong David I kom på trona, og kanskje til og med før, hadde gælisk allereie slutta å vere hovudspråket for det kongelege hoffet. Frå regimet hans og til slutten av epoken favoriserte dei skotske monarkane fransk som skrift- og talespråk slik samtidige kronikørar vitnar om, i litteraturen og i omsettingar av administrative dokumenter til fransk. Engelsk, med fransk og flamsk, blei hovudspråka i dei skotske byane (burghane) grunna utanlandshandelen og utanlandske handelskartell og handverkarar frå kontinentet.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Samfunnsforholda i Skottland i mellomalderen var lagdelt. Det er meir kunnskapen om samfunnsklassane i det tidlege gæliske samfunnet enn kanskje noko anna europeisk samfunn i fyrste del av mellomalderen, noko som skyldast dei store mengdene av bevarte juridiske dokument og traktatar om sosial status, som skriftstykket «Loven til bretonarane og skottane». Denne ramsar opp fem grader for menneska: konge, mormaar/jarl, toísech/thane (adeleg), ócthigern og liveigen. For det skotske samfunnet før 1100-talet bør sannsynlegvis også slave leggast til desse kategoriane. Den norma som differensierte i mellomalderens europeiske samfunn var mellom bellatorene («dei som slåst» = aristokratiet), oratorene («dei som ber» = geistlegheita), og laboratorene(«dei som arbeider» = bøndene), men det er ikkje formålstenleg for å forstå det skotske samfunnet i den fyrste perioden. I tida etter regimet til kong David I blir også det skotske mellomaldersamfunnet meir likt dei europeiske naboane sine.

Det territoriet som høyrte til kongen til skottane nord for elva Forth låg direkte under ein herre som i mellomalderens Skottland blei kalla mormaar. Omgrepet blei omsett til latin som comes, og ein ikkje heilt dekkande omsetting til engelsk og norsk er earl og jarl. Desse verdslege herrane utøvde verdsleg makt og religiøs vern som ein konge i miniatyr. Dei heldt sine eigne hærstyrkar og fylgje, utlyste charter og handheva lov og orden innanfor sine eigne område. I den graden dei var direkte under den skotske kongen var dei ansvarlege for å overføre kongens cain, ein tributt eller skatt som blei betalt fleire gonger i året, vanlegvis i kyr eller anna gods. Dei var også ansvarlege for å sørgje for mat og innkvartering for kongen og fylgjet hans. I den normanniske perioden skaffa dei også servitum Scoticanum («gælisk teneste», «skotsk teneste» eller berre «forinsec») og leia exercitus Scoticanus, som var den gæliske delen av kongens hærstyrke som var majoriteten av kva som helst hærmønstring (slógad) i denne perioden.

Ein toísech («høvding») var omtrent som ein mormaar, og skaffa herren sin den same tenesta som ein mormaar skaffa kongen sin. Det latinske ordet som vanlegvis blei brukt var thanus, noko som er forklaring på at desse også blei kalla thane på engelsk. Formaliseringa av denne posisjonen var hovudsakleg i austlege Skottland nord for Forth, og berre to av 71 kjende thanar eksisterte sør for elva Forth. Etter toísech og mormaar var ættegrupper eller klanar. Nokre gonger var desse formalisert, men som oftast ikkje. Overhovudet for klanen blei kalla capitalis på latin og for cenn i mellomalderens gælisk. I mormaardomen i Fife var hovudklanen den gongen kjend som Clann MacDuib (Klan MacDuff, klan = barn av). Andre inkluderte Cennedig-klanen (i Carrick), Morggain (frå Buchan) og MacDowall-klanen (frå Galloway). Desse talte sannsynlegvis totalt sett hundretal, dei fleste ikkje oppteikna.

Den høgaste ikkje-adelege posisjonen, etter «loven til bretonarane og skottane», var ócthigern (bokstaveleg ‘liten’ eller ‘ung herre’), eit omgrep som teksten ikkje bryr seg om å omsette til fransk. Det tilsvarande angelsaksiske omgrepet er kanskje sokeman. Andre kjende rangar er scoloc, kanskje tilsvarande angelsaksiske gerseman. I den tidlagste perioden heldt skottane slavar, og mange av desse var utlendingar, engelskmenn eller nordmenn (frå nord) og danskar (frå sør), som var blitt tatt til fange under hærtog. Storstilte skotske plyndringstokt etter slavar er spesielt godt dokumentert på 1000-talet.

Lov og styring[endre | endre wikiteksten]

Dei tidlege gæliske lovverka, dei fyrste blei skrive ned på 800-talet, viser eit samfunn som var opptatt av slektskap, status, ære og regulering av blodhemn. Ei skotsk felleslov begynte å finne forma si på slutten av perioden da gæliske og keltiske lovar blei assimilert med praksis frå det anglo-normanniske England og frå kontinentet. På 1100-talet og særleg på 1200-talet øvde kontinental lov sterk påverknad og fekk stadig meir effekt, slik som kanonisk rett (kyrkjelov) og forskjellig anglo-normanniske praksis. Lovar i Skottland frå før 1300-talet er ikkje godt dokumentert, men kunnskap om tidlege gæliske lovar gir grunnlag for å rekonstruere desse. Det tidlegaste lovdokument er Leges inter Brettos eit Scottos som har overlevd i gammalfransk tekst. Dokumentet har eit stort tal gæliske legale omgrep. Seinare mellomalderdokument, skrivne både på latin og mellomengelsk, inneheld ytterlegare gæliske legale omgrep, eksempla inkluderer slains (gammalirsk slán eller sláinte, 'fritak') og cumherba (gammalirsk comarba, 'geistleg arving').

Ein judex representerte eit post-normannisk framhald med den gamle gæliske ordenane med lovmenn som i dagens engelsk blir kalla brehon. Dei som sat i posisjonen hadde alltid gæliske namn nord for Forth eller i sørvest. Judices (fleirtal for judex) var ofte kongelege representantar som overvaka adelege, geistlege eller lågare ‘rettssalar’. Den viktigaste juridiske posisjonen før kong David I var justiciar som hadde anglo-normannisk opphav, men nord for Forth var den også fortsetjinga av eit eldre kontor. Mormaar Causantín av Fife er namngitt judex magnus (dvs. Store brehon), og det synes som det skotske dommarembetet berre var ein latinisering. Embetet hadde ansvaret for å overvake aktiviteten og oppførselen til dei kongelege sheriffane og sersjantane, drive rettssaker og rapportere direkte til kongen. Normalt ville det vera justiciarar, organisert ved språklege grenser, justiciar av Scotia og justiciar av Lothian. Nokre gonger kunne også Galloway ha sin eigen justiciar.

Embeta justiciar og judex var berre to måtar som det skotske samfunnet var styrt på. I tidlegare periodar kunne kongen delegere makt til arvelege, innfødde ‘embetsmenn’ som mormaar/jarl og toísech/thane. Det var eit styre beståande av utveksling av gåver. Det var også folkelege rettssaker, comhdhail, som blir gjenfunne i mange stadnamn i austlege Skottland. I den normanniske perioden blei sheriffar og i mindre grad også biskopar stadig meir viktige.

Sheriffane var forlenginga av kongen i styringa av kongeleg land. Under regimet til David I hadde kongelege sheriffar blitt etablert i kongens personlege kjerneområde, i tilnærma kronologisk orden: Roxburgh, Scone, Berwick-upon-Tweed, Stirling og Perth. Under regimet til Vilhelm I var det så mange som rundt 30 kongelege sheriffar, inkludert i Ayr og Dumfries, nøkkelposisjonar ved grensa mellom Galloway og Carrick. Etter kvart som desse posisjonane ekspanderte gjorde kongens kontroll det same. Mot slutten av 1200-talet var sheriffar blitt etablert vestover så langt unna som Wigtown, Kintyre, Skye og Lorne. Gjennom desse utøvde kongane på 1200-talet meir kontroll over Skottland enn forgjengarane deira nokon gong var i stand til. Kongen sjølv var omreisande og hadde ingen fast hovudstad, men den staden som kom nærast var Scone. Via rituelle tradisjonar blei samtlege skotske kongar krona i Scone av mormaar frå Strathearn og spesielt frå Fife. Sjølv om kong David I forsøkte å etablere Roxburgh som hovudstad blei fleire charter utlyst i Scone enn nokon annan stad. Andre populære stader var Perth, Stirling, Dunfermline og Edinburgh (sistnemnte spesielt under regimet til Aleksander II) og de andre kongelege burghane. Heilt i starten av epoken synast Forres og Dunkeld å ha vore den mest føretrekte opphaldsstaden til kongen.

Militæret[endre | endre wikiteksten]

Ein norsk-gælisk soldat frå Hebridane er avbilda på ei grav frå Finlaggan, og er typisk for ein soldat frå den skotske mellomalderen, Exercitus Scoticanus.

Dei innfødde skottane, som alle tidlege europearar i mellomalderen, praktiserte organiserte krigstokt etter slavar. Tilsynelatande gjorde dei så også med kvarandre, men det er flest oppteikningar mot normanniske område, og før normannarane mot angelsaksiske område. Historikaren John Gillingham har argumentert at dette var ein av dei tinga som gjorde skottane (og andre gæliske folk) spesielt barbariske i augene på dei franske naboane sine ettersom Frankrike hadde stort sett forlate denne forma for krigføring.

Riddarturnering var ikkje berre underhaldning for mellomalderens franske aristokratar, men også ei førebuing til krig. Mange skotske kongar tok del i slike turneringar. Bildet er ein moderne rekonstruksjon.

Som med mange endringar i denne perioden kan introduksjonen av den føydale hæren bli spora tilbake til regimet til David I, sjølv om franske og engelske riddarar hadde vore brukt i mindre grad av dei eldre brørne hans. Etter normanniseringa kan den skotske hæren bli klassifisert i to typar: Den fyrste var den innfødde exercitus Scoticanus ('den gæliske hæren'); og den andre, exercitus militaris ('den føydale hæren'). Dei indre gnissingane som desse riddarane skapte er godt dokumentert i samtidige kjelder. I slaget ved Standard sette dei gæliske styrkane seg mot at dei franske soldatane posisjonerte seg i kongens hær. Ailred av Rievaulx tilskreiv denne motstanden til krigarane frå Galloway, men historikarane meiner at det var gæliske soldatar generelt og den innfødde talsmannen er Máel Ísu, mormaar av Strathearn og den adelsmannen med høgast rang i hæren.

Det var mange fordelar med fransk militærkultur. Franske riddarar brukte kostbare rustningar mens skottane var ‘ukledd’, det vil si utan rustning. Franskmennene hadde tungt kavaleri og andre våpen som armbrøstar og kringsetjingsmaskinar som katapultar, forutan teknikkar for kringsetjing som var mykje meir effektive og moderne enn noko av det som dei innfødde skottane kjende til. Den føydale hærens ideologi gjorde den vanlege soldaten til ein meir effektiv og ikkje minst påliteleg vasall. Over tid blei skottane sjølv meir like dei franske soldatane, samtidig som franskmennene også tok til seg fleire av dei gæliske krigsrutinene. På slutten av epoken hadde den skotske militærkulturen tatt til seg dei beste frå begge leirane. Da den føydale hæren blei knust i slaget ved Dunbar i 1296 blei skottane igjen avhengig av den gæliske hæren, men under leiarskapen til den gælisktalande skotsknormanniske Robert Bruce var denne hæren likevel i stand til å slå knusande tilbake eit angrep frå den normalt overlegne engelske hærstyrken.

Kristendom og kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Monymusk Reliquary blir trudd å vere Brecbennoch, ei lita utsmykka kiste med relikviane til Den heilage Columba.

Heile Skottland, med unntak av nordmennene på øyane heilt nord og i vest, var kristna på 900-talet. Dei viktigaste faktorane for at Skottland blei kristna var den romerske provinsen Britannia i sør, og seinare den gæliske eller den columbanske kyrkja, eit samanslutta system av kloster og eit aristokratisk nettverk som begge bidrog til å spreie både kristendomen og det gæliske språket blant dei innfødde piktiske stammane.

Helgenar[endre | endre wikiteksten]

Som i alle andre kristne land er eitt av hovudtrekka i den skotske kristendommen helgenkulten. Helgenane var mellomleddet mellom dei ordinære, bedande kyrkjegjengarane og Gud sjølv. I Skottland nord for Forth var lokale helgenar enten av piktisk eller gælisk avstamming. Nasjonalhelgenen for skottane var Colum Cille eller Columba (latin for «due» eller «Guds due»), i Strathclyde var det Den heilage Kentigern (gælisk for «Herrens høvding»), og i Lothian var det Den heilage Cuthbert.

Seinare, grunna ei misforståing mellom dei latinske ordnane Scotia og Scythia, adopterte dei skotske kongane Den heilage Andrew (som er ein anglifisering av Apostelen Andreas), ein helgen som hadde større appell for dei innvandrande normannarane og blei knytt til det ambisiøse bispedømet som nå er kjent via namnet på helgenen, St. Andrews. Likevel var Columbas status framleis utan sidestykke tidleg på 1300-talet da kong Robert Bruce bar brecbennoch (eller relikviet Monymusk, det vil si Columbas relikvie i ei lita kiste) til slaget ved Bannockburn. På den same tida skreiv ein geistleg i Inchcolm den fylgjande bøna på latin:

Latin: Engelsk gjendikting: Norsk omsetting:
Os mutorum,

lux cecorum,
pes clausorum,
porrige
lapsis manum,
Firma vanum
et insanum
corrige
O Columba spes Scottorum
nos tuorum meritorum
interventu beatorum
fac consortes angelorum
Alleluia

Mouth of the dumb people,

light of the blind people
foot of the lame people
to the fallen [people]
Stretch out thy hand
strengthen the vain people
and the insane [people]
Invigorate!
O Columba Hope of the Scots/Gaels
by thy standing
by mediation
make us the companions of the beautiful Angels
Halleluia.

Munn til dei stumme,

lys til dei blinde,
fot til dei lamme,
til dei falne
strekk ut handa,
Styrk dei sjølvgode
og dei galne
gi styrke!
O Columba, vona til skottane/gælarane
gjer oss, ved merittane dine,
ved forbøna til dei salege,
til fylgjesveinane til dei vakre englane.
Halleluja

Diktet illustrerer rollene til begge helgenane, dette dømet som representantar for det skotske (eller kanskje berre det gæliske) folket i himmelen og viktigheita av Den heilage Columba for det skotske folket.

Klostersamfunnet[endre | endre wikiteksten]

Dundrennan Abbey, grunnlagt av Fergus av Galloway

Den innfødde skotske kristendomen kan bli oppsummert som avslappa idear om sølibatet til geistlegheita, intens verdsleggjering av dei kyrkjelege institusjonane og den manglande strukturen til bispedøma. I staden for biskopar og erkebiskopar var dei viktigaste stillingane i den skotske kyrkja abbedar.

Skottland var fullstendig urørt av dei kontinentale formene for klosterliv til slutten av 1000-talet. Istaden var klostervesenet dominert av munkar kalla Céli Dé, gælisk for «Guds vasaller», anglifisert som culdees. I dei fleste tilfella blei desse munkane ikkje bytta ut med nye munkar frå kontinentet i den normanniske perioden, men istaden overlevde dei og fekk faktisk vern av dronning Margaret til trass for at dronninga var svært fiendtleg innstilt til all gælisk kultur og såg det som målet sitt å dra Skottland inn i den engelske sivilisasjonen. Ved St. Andrews fortsette institusjonen med Céli Dé gjennom heile perioden og dei kunne sjølv bestemme over valet av eigen biskop. Det gæliske munkevesenet var livfullt og ekspanderande gjennom heile perioden og eit dusin kloster, ofte kalla Schottenklöster, blei grunnlagde av gæliske munkar på kontinentet, og mange skotske munkar blei lokale helgenar der, slik som Den heilage Cathróe av Metz.

Den kontinentale forma for klostervesen blei fyrst introdusert til Skottland da kong Máel Coluim III overtalte Lanfranc til å skaffe eit par munkar frå Canterbury for å danne eit nytt benediktinarkloster ved Dunfermline rundt år 1070, sjølv om dei tradisjonelle benediktinarklostra hadde lita framtid i Skottland. I staden var dei nesten alltid av den augustinske eller den reformerte benediktinske typen.

Ecclesia Scoticana[endre | endre wikiteksten]

Ecclesia Scoticana, latin for Den skotske kyrkja, som system har ingen kjend eller dokumentert start, sjølv om den påståtte skottifiseringa kong Causantín II gjorde av Den piktiske kyrkja kan bli sett på som begynninga. Før den normanniske perioden hadde Skottland stort sett kloster etter irsk modell og eit dårleg utbygd system av bispedøme. Etter at normannarane hadde erobra England kravde både erkebiskopen av Canterbury og erkebiskopen av York kvar for seg overherredøme over Den skotske kyrkja. Kyrkja i Skottland hadde fått sjølvstende etter paveleg bulle frå Celestin III (Cum universi, 1192). Det gjorde alle skotske bispedøme, unntatt Galloway, formelt uavhengig av York og Canterbury. Men, ulik Irland som hadde blitt tildelt fire erkebiskopar i det same hundreåret, hadde ikkje Skottland mottatt nokon og heile Ecclesia Scoticana med dei enkelte skotske bispedøma (unntatt Whithorn/Galloway) blei «spesiell dotter av Roma». Nedanfor er det ein tabell over bispedøma i ‘Hovud-Skottland’ på 1200-talet:

Ruinane av St. Andrew-katedralen som var sentrum for Ecclesia Scoticana i den normanniske perioden.

Utanfor det skotske kjerneområdet klarte Glasgow å sikre eksistensen sin på 1100-talet med eit levande og vitalt kyrkjesamfunn som fekk gunsten til dei skotske kongane. Bispedømet i Whithorn var danna av Fergus, konge av Galloway, og Thurstan, erkebiskop av York. Øyane, under kanskje meir eller mindre symbolsk domsmynde frå Trondheim i Noreg (og nokre gonger også York i Nord-England) hadde bispesetet sitt i Peel på øya Man i Irskesjøen. Lothian hadde ingen biskop, men låg underlagt bispedømet i Durham som fortsette å bli viktig for staden, spesielt på grunn av kulten rundt Den heilage Cuthbert.

Grunnen til at Den skotske kyrkja støtta dei skotske kongane i Den skotske uavhengighetskrigen mot England, bortsett frå av nasjonalistiske grunnar, var ikkje minst at dei samtidig slost for sitt eige sjølvstende.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Den gæliske kulturen gjennom heile perioden var eit tett spegelbilde av den tilsvarande i Irland, kanskje med unntak av piktiske trekk. Etter David I introduserte dei fransktalande kongane den kulturen som var populær eller gjeldande i det anglo-normanniske England og i Frankrike.

«Book of Deer», frå Evangeliet etter Matteus. Merk Chi Rho-monogrammet i øvste venstre hjørne. Margane har gælisk tekst. Manuskriptet er det eldste overlevande som er skrive i Skottland.

Historieforteljing, som i alle før-moderne samfunn, var populært i Skottland og profesjonelle historieforteljarar kunne utøve kunsten sin frå hoff til hoff. Nokon av dei kunne vera innfødde med gælisk bakgrunn som utan tvil munnleg fortalte legender frå den forhistoriske gæliske fortida og fortalt på gælisk når det passa seg, men på fransk når det nye aristokratiet var lyttarar. Bortimot alle desse munnlege forteljingane har gått tapt, eller har berre i vage trekk blitt vidareførte i munnlege tradisjonar. Ei form for munnleg kultur frå epoken som det finst oppteikningar av er slektshistorie. Det er fleire dusin skotske slektshistorier som har overlevd og dekker alle frå mormaar i Lennox og Moray til dei skotske kongane. Dei skotske kongane opprettheldt ein ollamh righe, det vil seie ein kongeleg poet som hadde ein permanent posisjon hos alle gæliske adelege i mellomalderen, og oppgåva deira var at dei skulle kunne resitere genealogien ved behov, til dømes ved kroning eller når nokon vart innsette i eit embete.

Før David I hadde skottane ein blomstrande litterær elite som regelmessig produserte tekstar på både gælisk og på latin og som stundom blei vidareført til Irland og andre land. Forskaren Dauvit Broun har vist at gælisk litteratur overlevde i låglandet i austlege Skottland på stader som Loch Leven og Brechin inn på 1200-talet, men dei oppteikningane som har overlevd har blitt vidareførte i latinsk omsetting. Historikarane står derfor tilbake med spora av ein gælisk kultur som er kledd i ein latinsk terminologi og der sjølv namna er omsette eller forvanska til meir vanlege kontinentale former, til dømes blir Gilla Brigte omdøypt til Gilbert, Áed blei Hugh, etc.

For skriftleg litteratur kan det vere meir skotsk-gælisk litteratur tilgjengeleg enn ofte trudd. Bortimot all mellomalderlitteratur frå Skottland har overlevd i Irland, ikkje i Skottland. Forskaren Thomas Owen Clancy har nyleg bevist at Lebor Bretnach, dei såkalla «Irske Nennius» blei skrive i Skottland, og kanskje ved klosteret i Abernethy. Likevel har denne teksten berre overlevd takka vera eit manuskript bevart på Irland. Andre litterære verk som har overlevd er blant anna av den produktive poeten Gillebrìghde Albanach som i tida rundt 1218 skreiv dikt som handla om erfaringane hans frå det femte krosstoget, forutan panegyriske dikt dedikert til irske vernarar.

Harpe (eller clarsach) var eit instrument som blei assosiert med mellomalderens skotske kultur. Denne, nå på Museum of Scotland, er eitt av tre gjenverande frå den gæliske mellomalderen.

På 1200-talet blomstra fransk som litterært språk og frambrakte Roein dei Fergus, det eldste dømet på ikkje-gælisk, folkeleg litteratur som har overlevd i Skottland. Det er derimot ikkje bevart litteratur på engelsk språk frå denne epoken. Skotske forskarar trekker derimot fram den norrøne sagalitteraturen ettersom den stundom har berøringspunkt med landområde som seinare blei skotsk territorium, til dømes den berømte Orknøyinganes saga, men den blei skriven på Island og hadde inga kulturell tyding for den skotske litteraturen.

I mellomalderen var skottane kjende for dei musikalske evnene sine. Gerald av Wales (ca. 1146- ca. 1223) fortel at «Skottland, på grunn av slektskapen og samkvemmet sitt [med Irland], forsøkjer å imitere Irland i musikk og strevar i etterlikninga. Irland brukar og frydar i berre to instrument, nemleg harpa og tromma. Skottland brukar tre, harpa, tromma og song. Etter mange si meining har Skottland nå ikkje berre nådd opp til Irland, instruktøren sin, men allereie distansert ho og utmerkar seg over ho i musikalske ferdigheiter. Derfor ser det [irske] folket nå over til det landet som kunstens fontene.» (Gerald av Wales, Topographia Hibernica, 94.)

Mellomalderens skottar tok harpespel svært seriøst. Eit halvt hundreår etter at Gerald skreiv si vurdering heldt kong Aleksander III ein kongeleg harpist. Av dei tre mellomalderharpene som har overlevd kjem to frå Skottland (Perthshire) og ei frå Irland. Songarar hadde også ein kongeleg funksjon. Når kongen passerte gjennom Strathearn var det tradisjon at han blei møtt og helsa av sju kvinnelege songarar som song for han. Da kong Edvard I av England kom til grensa av Strathearn sommaren 1296 blei han møtt av desse sju kvinnene som følgde kongen på vegen mellom Gask og Ogilvie og song for han, slik skikken var.

Synet på Skottland utantil[endre | endre wikiteksten]

Irane såg på Skottland som eit provinsielt land. Andre meinte det var framandsleg eller ein stad for barbarar. For den tysk-romerske keisaren Fredrik II av Tyskland var Skottland assosiert med mange innsjøar. For arabarane var det ei folketom halvøy nord for England.

«Kven vil nekte for at skottane er barbarar?» var eit retorisk spørsmål stilt av forfattaren av De expugnatione Lyxbonensi (Om erobringa av Lisboa). Eit hundreår seinare skal Den heilage Ludvig IX av Frankrike ha sagt til son sin: «Eg vil heller at ein skotte kunne koma frå Skottland og styre folket vel og trufast, enn at du, son min, skulle styre det dårleg!»

For engelskmenn og franskmenn blei skottane, spesielt dei frå Galloway, sett på som barbarar par excellence. Etter kong David I blei dei skotske kongane rekna som tilreknelege, men omgrepet barbar blei framleis bruka for å beskrive det skotske folket, og det heldt seg gjennom heile mellomalderen. Karakteristikken av skottane var ofte politisk motivert, og mange av dei mest fiendsleg innstilte skribentane budde ofte i område som var utsette for skotske hærtokt. Engelske og franske skrifter om «Bannaranes slag» (Slaget ved Standard) inneheld oppteikningar om gruelege handlingar frå skottane. Henry av Huntingdon fortel at skottane «kløyvde gravide kvinner og reiv ut dei ufødde barna, slengte barna opp og spidda dei på spyda, og halshogde prestane ved altara: dei hogde hovudet av krusifiksa, og plasserte hovuda til dei døde på krusifiksa. Korhelst skottane kom, var det fullt av redsler og fullt av gru.»

Eit noko mindre fiendslegsinna syn blei gitt av Guibert av Nogent under Det fyrste krosstoget og som møtte skottar og skreiv at «Du har kanskje sett grupper av skottar, eit vilt folk heime, men fredelege andre stader, ætta frå det myrlendte landet, med berre leggar, raggete kapper, vesker hengande frå skuldrene, kraftige armar som synest tåpelege for oss, men dei gir deira tru og trufastheit som støtte.»

På mange måtar fortel desse samtidige oppteikningane at i det franske kulturmiljøet var skottane sett på som framande. Desse framande passa ikkje for den nye føydale eliten da det skotske aristokratiet ikkje skilte seg stort frå dei engelske eller franske.

Det var ei generell tru at kjerneområdet i Skottland var ei øy eller i det minste ei halvøy, kjend som Scotia, Alba(nia), eller på kartverket til Matthew Paris der det blei kalla Scotia ultra marina og på den måten teikna på midten av 1200-talet. På eit seinare mellomalderkart frå Italia er dette konseptet nemnt for heile Skottland. Den arabiske geografen al-Idrisi delte dette synet og fortalte om at Skottland «grensar opp til den engelske øya og er ei lang halvøy nord for den større øya. Det er ikkje folkesett og har korkje byar eller landsbyar. Lengda er (ca.) 250 kilometer.»

Dette var typiske observasjonar av Skottland i høgmellomalderen, som eit land i ytterkanten av verda, slik det blei sett på frå middelhavsområdet.

Nasjonal identitet[endre | endre wikiteksten]

Det kongelege skotske banneret, fyrst brukt av Vilhelm Løva av Skottland.

I denne perioden var ‘skotte’ ikkje eit ord som alle skottane sjølv brukte for å beskrive seg sjølv, men det ordet dei brukte overfor framande eller utlendingar. Skottane kalla seg sjølv for albanach eller berre for gaidel. Det sistnemnte var, som med skotte, eit etnisk omgrep som batt dei til Irland. Forfattaren av De Situ Albanie skriv på starten av 1200-talet at «Namnet Arregathel (= Argyll) tyder grensa til skottane eller irane, for alle skottar og irar er vanlegvis kalla Gattheli».

Dei som snakka engelsk eller norrønt var etnisk bundne til andre område i Europa. Ved Melrose kunne folk lesa religiøs litteratur på engelsk. På slutten av 1100-talet skriv forfattaren Adam av Dryburgh at Lothian var «eit land med engelske i det skotske kongedømet». Skottland hadde mange ulike etniske folkegrupper som saman fann ei semje som gjekk utover gælisk, fransk og norrøn bakgrunn. På slutten av perioden blei omgrepet «skotte» det ordet som var kjent på latin, fransk og engelsk som beskreiv alle som var busette i kongeriket Skottland. Skotte var det ordet dei identifiserte seg med og der dei etniske ulikskapane etter kvart blei uinteressante.


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Skottland i høgmellomalderen» frå Wikipedia på bokmål, den 4. januar 2011.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
      • Anderson, Alan Orr, Early Sources of Scottish History: AD 500–1286, 2 Vols, (Edinburgh, 1922).
      • Anderson, Alan Orr, Scottish Annals from English Chroniclers: AD 500–1286, (London, 1908), **republished, Marjorie Anderson (red.) (Stamford, 1991).
      • Gerald of Wales, The History and Topography of Ireland, tr. John O' Meary, (London, 1982).
      • Guillaume le Clerc, Fergus of Galloway, tr. D.D.R. Owen, (London, 1991).
      • Skene, William F. (red.), Chronicles of the Picts and Scots: And Other Memorials of Scottish History, (Edinburgh, 1867).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Primærkjelder[endre | endre wikiteksten]

Sekundærkjelder[endre | endre wikiteksten]