Diskusjon:Skulemål i Hordaland og Bergen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Synes at passusen "Vidare må ein prøve å finne årsaker til endringane som skjer." heng litt i lause lufta når den foregående setninga vart teken bort. Foreslår å ta han inn igjen, evt. i endra form. --Eivindgh 14:24, 30 oktober 2006 (UTC)

Det stod i ein tidlegare versjon: "Det er såleis eit fylke som femner ulike trendar og difor interessant å sjå nærare på målutviklinga hjå dette fylket". (mi utheving). Eg tok bort den her kursiverte formuleringa, fordi det etter mi meining er interessant å sjå nærare på utviklinga i alle aktuelle fylke, ikkje berre Hordaland. Men tykkjer du setningsdelen er avgjerande for samanhengen, så set han inn att!--Erling 16:11, 30 oktober 2006 (UTC)

Eg kan ikkje sjå at statistikken gir grunnlag for å hevde at stoda når det gjeld skulemål i Hordaland er "vesentleg endra" sidan 1992, som det står i artikkelen. Eg finn vesentlege endringar berre i tre kommunar, Fjell, Lindås og Odda. Der bokmålet har gått vesentleg fram i Fjell og Lindås, og nynorsken har gått vesentleg fram i Odda. Eg ber Eivindgh om å omformulere. --Erling 19:35, 26 november 2006 (CET)

Eivindgh er i ferd med å starte redigeringskrig med måten han går fram på. Eg skreiv innlegg her på diskusjonssida og bad han omformulere. Da han ikkje gjorde det, gjorde eg det. For eg kan ikkje sjå at endringar på pluss-minus 5-10% i fordelinga mellom målformene er "vesentlege endringar". Eivindgh argumenterer ikkje, han berre går inn og endrar. Eg gir han eit par timar til å rulle tilbake til min tekst og skrive her korfor han eventuelt bør endrast, eller så er vi i gang. --Erling 15:42, 30 november 2006 (CET)

Eg har gjort nokre varsame endringar i teksten, både av språkleg og innhaldsmessig art. Dei siste går på først og fremst på tolking og vektlegging av materialet, der eg ser ein posisjon på 90-100 % som sterk, og endringar på ca 5% og mindre som mindre vesentlege. Eg oppmodar Eivindgh om å bruke diskusjonssida før han ev endrar teksten på innhaldssida frå slik han er no. --Erling 18:39, 30 november 2006 (CET)

No ligg denne diskusjonen nokon tid attende, men her kjem i alle fall eit tilsvar... På bakgrunn av dei nyaste tala (2009/10) er stoda såleis at sidan 1992/93 har nynorsken gått attende med 12,5% (prosenteiningar), frå 52,5% til 40,2%, i heile fylket, utanom Bergen med 11,1% (87,2% - 76,1%). Attergangen er meir enn 10% i 7 kommunar (Fjell, Lindås, Meland, Osar, Sund, Sveio og Øygarden) og meir enn 5% i 3 kommunar (Askøy, Bergen og Fedje). I 14 kommunar er det 1-5% nedgang og i 8 mindre enn 1% endring. Nynorsken har framgang i ein kommune, Odda, og er på 19,5%. Det er altså stor (>5%) attergang i Bergen og omland + Sveio, og stor framgang i Odda, som er tilsaman 11 av 33 kommunar. Om dette er "ein vesentleg endring" kan diskuterast, men at det er ein stor endring i utbreiinga til målet i fleire delar av fylket er opplagt. --Eivindgh 26. mars 2010 kl. 14:20 (CET)[svar]