Diskusjon:Springar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nemningar som hallingspringar, numedalsspringar osb. er tradisjonelle berre i etter måten moderne tyding. Meir "eldre-"tradisjonelt var det å skilje på dansemåtar ved seiemåtar som "å danse halling", "å danse telemarking" osb. Same måten blei nytta for å skilje mellom dansemåtar innan svært nærskylde tradisjonsområde, t.d. "danse tinndøl, heddøl, bøhering". Dette kunne ha vore presisert i artikkelen. Like 1900-talsmoderne, ja vel helst "frå-1960-talet-moderne" er det å kalle springar nokså eintydig for "bygdedans". Dette er ei kategorisering som er innført av danseforskinga dei siste 40 åra, og som etter kvart er tatt i bruk av dei organiserte brukarmiljøa. Meir treffande for desse danseformene ville det ha vore med ein musikalsk definisjon, ikkje ein geografisk. Slik sett kunne "slåttedans" ha vore ei langt meir treffande nemning. I det heile er det temmeleg mykje som blir kalla "tradisjonelt" av diverse folkemusikkamanuensar, endå det ikkje er eldre enn kurstradisjonen frå dei fyrste tiåra av 1900-talet og utetter.