Springar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå sjakkbrikka springar.

Springar er nemninga på eit særskild slag norsk folkedans eller bygdedans som vert dansa av par i 3/4-takt.[1] Ordet «springar» er nytta om dansen i heile hardingfeleområdet, og her vert det skild mellom ulike slag springar, alt etter tradisjonen i det særskilde området. Utanfor hardingfeleområdet er nemninga oftast springleik eller pols. Rundom og polskdans er òg nytta.

Para dansar i ring mot sola, og dansen består gjerne av ei samankjeding av ulike figurar og tak som kan gjevast personleg utforming. Ei rekkje opne tak der gut og jente lager ulike figurar for kvarandre vekslar med samdanstak som rundsvingen, der gut og jente «omfamnar» kvarandre og virvlar rundt eigen akse mens dei forflyttar seg framover i ringen.[1]

Dans og rytme skil seg noko frå dal til dal, slik at ein tradisjonelt snakkar om valdresspringar, hallingspringar, numedalsspringar, sigdalsspringar, telespringar, og vestlandsspringar i ulike utformingar. Hemsedalsspringar, kryllingspringar og tinnspringar er mindre nytta til dans no, men har opplevd ei nyoppliving dei seinare åra.

Etter regelen vert springaren spela og dansa i 3/4-takt. I Hardanger og Vest-Telemark finst det slåttar som bryt på takta, men som likevel har vore nytta til dans. I andre område er det rekna som stor skade om spelemannen bryt med dansetakta. Regelen er òg at takta oftast har vore svært jamn, men det kan skiljast grovt mellom tosvikt og tresvikt. Tosviktområdet har sentrum i Telemark, og har spreidd seg oppover til Numedal og Krødsherad med tida. Valdresspringaren har òg utvikla tradisjon for tosvikt.

Telespringaren skil seg òg frå dei andre springarslaga ved opptakt og eit noko rolegare foredrag. Der dei andre springarslaga byrjar på nedstrok, har telespringaren oppstrok på første slaget i takta (først i slåtten).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Springar» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. januar 2015.