Diskusjon:Svartmetall

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bør musikksjangrar ha norske eller engelske namn? Det er vel ein fordel å ha det likt over heile fjøla... Eg såg at artiklane på bokmål, dansk og svensk brukte dei engelske orda, difor valde eg det i heavy metal. Og i denne artikkelen er berre det engelske omgrepet brukt i teksten, men det norske ordet i artikkelnamnet. Er det ikkje då best å flytta han? --Tannkrem 11:24, 23 oktober 2006 (UTC)

Eg meiner vel at eit leksikon bør omtala eksisterande fenomen og navn, og ikkje ikkje-eksisterande fenomen og navn. Ingen brukar omgrepet Svartmetall om denne musikken. Då bør ikkje me heller gjera det. Barend--129.177.169.27 12:20, 23 oktober 2006 (UTC)
Du tek nok feil der. Svartmetall er absolutt eit eksisterande omgrep
Men likevel meiner eg at det er dei engelske orda som er mest relevante. --Tannkrem 12:26, 23 oktober 2006 (UTC)
Ettersom me skriv på norsk, synest eg det er naturleg å bruka norsk så langt som råd. Dessverre finst det ikkje innarbeidde norske namn på alle musikksjangrar, ellers ville me sjølvsagt brukt dei. Eg får 793 treff når eg guglar etter svartmetall på no. Det er kanskje innarbeidd nok? -- Ranveig 12:38, 23 oktober 2006 (UTC)
Om me skal telja treff, får eg 428 000 når eg googlar black metal berre på norske sider, og 24 400 når eg googlar svartmetall overalt. Så det er nok ikkje særleg innarbeidd i Noreg, 800 treff er jo omtrent ingenting, men det er brukt ein del i Sverige trur eg.
Det er ikkje viktig for meg, me må jo ta med båe formene likevel, og den forma me ikkje legg artikkelen under, kan me laga omdirigering frå. Men innleiinga i denne artikkelen er jo heilt malplassert, slik det står no. --Tannkrem 12:47, 23 oktober 2006 (UTC)
Eit overfladisk blikk på google tyda vel på at det er hovudsakleg svensk som brukar uttrykket svartmetall. Første forekomst på norsk var denne sida. --Barend 14:36, 23 oktober 2006 (UTC)


"Growling" er ikkje kjennemerket for vokalen i black metal, growling er kjennemerket for vokalen i death metal.--80.212.234.19 13:11, 9 februar 2007 (CET)

Artikkeltittel anno 2010[endre wikiteksten]

Eit Google-søk på norsk etter «svartmetal» gjev i dag 99 600 treff, eit søk på det korrekte oppslagsordet «svartmetall» gjev 17 600 treff, medan eit norsk søk på «black metal» gjev 106 000 treff. For meg lèt dette det ikkje vera att nokon tvil om artikkelen bør liggja på «svartmetall». Det meiner eg at artikkelen kunne ha gjort tidlegare, Nynorsk Wikipedia må kunna gå føre som eit godt døme når det kjem til språk, so lenge det er snakk om reelle oppslagsord, og det har ordet «svartmetall» vore lenge. Me skriv på norsk når me kan. --Harald Khan Ճ 18. mai 2010 kl. 19:35 (CEST)[svar]

Google-tala for «svartmetall» ser ikkje ut til å vera noko å lita på sidan eg får opp ulike tal med identiske søk. Uansett meiner eg at me bør flytta, same kva Google-tala seier. --Harald Khan Ճ 18. mai 2010 kl. 19:48 (CEST)[svar]
Det kan sjå ut til at svartmetall er mykje meir innarbeidd no enn då diskusjonen gjekk føre seg. Då bør me sjølvsagt bruka det norske namnet, ja. --Tannkrem 18. mai 2010 kl. 20:38 (CEST)[svar]

Mykje dårleg her[endre wikiteksten]

Denne artikkelen skulle hatt ein gjennomgang, av nokon som veit noko om emnet. Dei største problema er at artikkelen ikkje har ei einaste kjelda, og at artikkelen ikkje kjem med ein presis definisjon av oppslagsordet. Eg har lagt inn nokre kommentarar som usynleg tekst, for dei som vil utbetra. --Tannkrem 18. mai 2010 kl. 20:55 (CEST)[svar]

Etter snart åtte år tek eg Tannkrem sitt tips til hjarta. Eg har tidlegare skrive om ulike black metal-album, men det er på tide å gjera ei opprydding her òg.
Arntor 6. mars 2018 kl. 12:13