Heavy metal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«metal» omdirigerer hit. For grunnstoffomgrepet, sjå metall.
Heavy metal
Stilmessig opphav: Bluesrock
Psykedelisk rock
Kulturelt opphav: Seint på 1960-talet i England og USA
Typiske instrument: Elektrisk gitar - Bassgitar - Trommer - Vokal - Tangentinstrument
Populær periode: Verdsomspennande sidan slutten av 60-åra
Undersjangrar
Avantgarde-metal - Black metal - Death metal - Doom metal - Glam metal - Gotisk metal - Groove-metal - Power metal - Progressiv metal - Speed metal - Stoner metal - Symfonisk metal - Thrash metal - Tradisjonell heavy metal - Viking metal
Blandingssjangrar
Alternativ metal - Kristen metal - Crust punk- Drone metal - Folkmetal - Funk metal - Grindcore - Grunge - Industriell metal - Metalcore - Neo-klassisk metal - Nu metal - Post-metal - Rap metal - Sludge metal

Heavy metal eller tungmetall, ofte berre kalla metal, er ein sjanger innan rocken som utvikla seg seint på 1960- og 1970-talet, stort sett i England og USA.[1] Med røter i bluesrock og psykedelisk rock utvikla dei første heavy metal-banda ein tjukk, og massiv lyd med forsterka og forvrengd gitar, lange gitarsoloar og kraftig rytme. Allmusic skriv at «av myriaden av rock 'n' roll-sjangrar, er heavy metal den mest ekstreme i form av lydstyrke, manndom og teatralske opptrede»[2]

Tidlege heavy metal-band som Led Zeppelin, Black Sabbath og Deep Purple trekte til seg store publikum, men fekk ofte dårleg kritikk, noko som ofte har gått igjen i sjangeren opp gjennom åra. På midten av 1970-talet fjerna Judas Priest seg bort frå blues-innverknaden i musikken og var med på å ta sjangeren vidare. Motörhead innførte ei punkrock-kjensle med raskare tempo i musikken. Band i den nye bølgja av britiske heavy metal, som Iron Maiden følgde opp på liknande måte. Mot slutten av tiåret hadde heavy metal-sjangeren vorte populær verda over med tilhengarar som vart kalla «metalheads» eller «headbangarar».

I 1980-åra vart glam metal populært med band som Mötley Crüe. Undergrunnsmiljøa produserte derimot ein meir ekstrem og aggressiv stil kalla thrash metal som vart populær med band som Metallica, medan andre sjangrar som death metal og black metal hovudsakleg har vorte verande eit undergrunnsfenomen. Sidan midten av 1990-åra har populære stilar som nu metal, som ofte nyttar element av funk og hip hop; og metalcore, som blandar ekstrem metal med hardcore punk, vidareutvikla sjangeren.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Heavy metal vert tradisjonelt kjent att på høge, forvrengde gitarar, tunge rytmar, ein tett bass- og trommelyd, og kraftig vokal. Dei forskjellige undersjangrane legg i ulik grad vekt på, eller utelet, ein av desse eigenskapane. Eit typisk band består av ein trommeslagar, ein bassist, ein rytmegitarist, ein sologitarist og ein vokalist, som ofte spelar eitt av instrumenta. Tangentinstrument vert stundom nytta for å gje eit meir fyldig lydbilete.[3] Høgt, forvrengd hammondorgel og stundom mellotron var populære hos tidlege metal-band. Desse instrumenta vart i 1980-åra erstatta av elektroniske synthesizerar. I dag vert keyboard mykje brukt i stilar som progressiv metal, power metal og symfonisk metal. Enkelte nu metal-band nyttar element frå hip hop, som scratching og forskjellige lydeffektar.

Den elektriske gitaren og den kraftige lyden denne produserer gjennom forsterkarane har alltid vore eit viktig element i heavy metal.[4] Gitarane er ofte spelt gjennom ein distortionpedal og forvrengde røyrforsterkararar for å skape ein tjukk, kraftig og «tung» lyd. Tidleg i 1970-åra starta enkelte populære metalband å nytte to sologitaristar. Band som Judas Priest og Iron Maiden følgde dette mønsteret med to eller tre gitaristar som byta på rolla som solo- og rytmegitaristar. Eit sentralt element i mykje heavy metal er gitarsolo, ei form for kadens. Etter kvart som sjangeren vart utvikla vart intrikate soloar og riff ein stadig viktigare del av sjangeren.

Den viktige rolla gitaren spelar i heavy metal har stundom kollidert med den tradisjonelle «frontmannen» eller bandleiarrolla til vokalisten og stundom ført til indre stridar i desse banda.[3] I heavy metal er vokalen ofte underordna det totale lydbilete til bandet. Som ei gjenspegling av metal-sjangeren sine røter i motkulturen på 1960-talet, vert ei «tydeleg kjenslemessig uttrykk» i vokalen sett på som eit teikn på autentisitet.[5] Musikkritikar Simon Frith har hevda at tonen i stemma til vokalisten i eit metalband er viktigare enn teksten. [6] Metal-vokalen varierer mykje, frå den multioktave, teatralske vokalen til Rob Halford frå Judas Priest og Bruce Dickinson frå Iron Maiden, til den ru stilen til Lemmy i Motörhead og James Hetfield i Metallica, til den meir skrikande og brølande stilen til Tomas Lindberg frå At the Gates og den gurglande, besatte stilen til black metal-vokalistar som Dead frå Mayhem.

Den markante bassen er òg viktig for lydbiletet i heavy metal, og samspelet mellom bass og gitar er eit viktig element.[7] Bassgitaren utgjer den låge enden av lydbilete og er særs viktig for å gjere musikken «tung».[8] Basslinjene i metal er ofte varierte og kan variere frå å halde eit lågt orgelpunkt til å doble gitaren på kompliserte riff. Enkelte band nyttar til og med bassen som eit soloinstrument,[7] ein stil som vart populær med Cliff Burton frå Metallica tidleg i 1980-åra.[9] Metal-bassistar nyttar ofte plekter for å få ein sterkare og klårare lyd. I enkelte sjangrar som thrash og death metal kan bassen òg vere forvrengd for å få ein tjukkare og tyngre lyd. Nu metal- og enkelte death metal-bassistar nyttar ofte bassar med fem og seks strengar for å komme djupare enn vanlege bassar med fire strengar.

Trommene skal som regel vere høge med ein drivande rytme i heavy metal[10] Metal-trommisar må ofte vere uthaldande og mange har utvikla eit særs høgt tempo, stor koordinasjon og dugleik for å kunne spele intrikate rytmemønster.[11] Ein trommeteknikk som vart utvikla i heavy metal er ein såkalla «cymbal choke», der cymbalen vert stoppa med handa like etter at han har vorte slått. Trommesetta i metal er ofte større enn i andre former for rock.[8][12] I tillegg til standard tamtamar, basstrommer, skarptromme, hi-hat og cymbalar, som vert nytta i dei fleste rockeband, er det ofte doble basstrommer, fleire tamtamar og cymbalar i heavy metal.

Under konsertar vert lydstyrken rekna som særs viktig.[4] På liknande måte som melodi er det viktigaste i pop og rytme er det viktigaste i house, er kraftig lyd, klang og lydstyrke det viktigaste i metal.[4] Denne fikseringa på lydstyrke i heavy metal vart gjort narr av i filmen This Is Spinal Tap, der gitaristen hevdar å ha modifisert forsterkarane sine slik at dei går «opp til elleve».

Påverknad frå klassisk musikk[endre | endre wikiteksten]

Mange av dei viktige gitaristane i tidleg heavy metal studerte klassisk musikk, og dette førte til ein ny type gitarvirtuositet, harmoniar og melodiar.[13] Heavy metal har stundom nytta teknikkar frå typiske klassiske stilartar som barokk og romantisk musikk. Deep Purple/Rainbow-gitarist Ritchie Blackmore og Scorpions-gitarist Uli Jon Roth byrja å eksperimentere med musikalske samansettingar frå klassisk musikk tidleg i 1970-åra. I 1980 åra nytta gitaristane Randy Rhoads og Yngwie Malmsteen barokkmusikk som modell for sine komposisjonar. Heavy metal kan likevel ikkje rekanst som ein moderne etterkomar av klassisk musikk, sidan dei har røter i heilt forskjellige kulturelle tradisjonar.

Tekstmessig innhald[endre | endre wikiteksten]

Tema som ofte går igjen i tekstane i heavy metal er sex, vald og det okkulte. Dei seksuelle temaa i mange heavy metal-songar, som dei antydande tekstane til Led Zeppelin til meir eksplisitte referansar hos nyare nu metal-band, kjem frå sjangeren sine røter i blues og det seksuelle innhaldet i mange av bluestekstane.[14] Sidan 1980-åra og thrash metal kom på banen, har mange metal-songar inkludert samfunnspolitiske kommentarar. Romantisk tragedie er eit mykje nytta tema i gotisk og doom metal, samt nu metal, der tenåringsangst er eit anna sentralt tema. Sjangrar som melodisk death metal, progressiv metal, og black metal utforskar ofte filosofiske tema, medan meir ekstreme former for death metal og grindcore har heilt aggressivt, blodig og ofte uforståeleg innhald.

Heavy metal-songar har ofte underlege, fantasi-inspirerte tekstar. Iron Maiden sine songar var til dømes ofte inspirert av mytologi, fiksjon og dikt som «Rime of the Ancient Mariner», basert på Samuel Taylor Coleridge sitt dikt med same namn. Andre døme er Black Sabbath sin «The Wizard», Megadeth sine «The Conjuring» og «Five Magics» og Judas Priest sin «Dreamer Deceiver». Andre artistar baserte tekstane sine på krig, atomkrig, miljøvern, politikk og samfunn eller religion. Døme på dette er «War Pigs» av Black Sabbath, «Killer of Giants» av Ozzy Osbourne og «...And Justice for All» av Metallica, «2 Minutes to Midnight» av Iron Maiden, «Balls to the Wall» av Accept og «Peace Sells» av Megadeth. Død er eit tema som går mykje igjen i heavy metal og går ofte igjen i tekstane til band som Black Sabbath, Slayer og W.A.S.P.

Det tematiske innhaldet i heavy metal har ofte vorte kritisert. Musikkritikarar har ofte kalla tekstane i metal barnslege og banale, medan andre har kritisert det dei meiner er forsvar av kvinnehat og det okkulte.

I 1980-åra prøvde Parents Music Resource Center å få den amerikanske kongressen til å regulere musikkindustrien på grunn av det gruppa såg på som støtande tekstar, særleg i heavy metal-songar. I 1990 vart Judas Priest saksøkt av foreldra til to unge menn som hadde skote seg sjølv fem år tidlegare etter å visstnok ha høyrt ei underbevisst melding som sa «do it» («gjer det») i ein Priest-song. Saka fekk mykje mediaomtale, men vart til slutt avvist.[15]

Visuelt[endre | endre wikiteksten]

Som med mykje popumusikk spelar det visuelle ei stor rolle i heavy metal. I tillegg til musikk og lyd, spelar plateomslaga, scenedekorasjonane, kleda til bandet, logoar og musikkvideoar ei viktig rolle.[16] Nokre tidlege band som Alice Cooper og KISS og enkelte nyare band som Slipknot, Marilyn Manson og GWAR har vorte kjend for sine sceneopptrednar.[17]

Langt hår er ein av dei tydlegaste stilane i heavy metal.[18], som opphavleg kom frå hippiekulturen. Den klassiske klesstilen til heavy metal-tilhengjarar består av blå jeans, svarte t-skjorter, støvlar og svart skinn- eller dongerijakke. T-skjortene har ofte trykk med logoar eller andre bilete av favorittbanda.[19] På midten av 1970-åra var Judas Priest og Mötorhead med på å starte ein lêrmote i heavy metal-kulturen.[20] Ein del har òg nytta element frå S&M-miljøet (kjeder, naglar, skallar, lêr og kross). Mote og personleg stil var særleg viktig for glam metal-banda på 80-talet. Desse hadde ofte langt, farga hår og sjangeren vart derfor ofte kalla «puddelrock» eller «hårmetal».[21]

Fysiske fakter[endre | endre wikiteksten]

Tilhengjarar hevar knyttenevane sine og dannar «djevelhorn» under ein konsert med det estiske metalbandet Metsatöll i 2006.

Mange metal-musikarar nyttar headbanging når dei spelar musikken sin på konsertar. Dette er rytmiske, djupe nikk med hovudet i takt med musikken, ofte framheva av langt hår. «Djevelhorna» vert òg mykje brukt, der ein strekkjer ut litle- og peikefingeren slik at dei ser ut som to horn. Dette vart gjort populært av vokalist Ronnie James Dio i Black Sabbath og Dio.[22]

Det er sjeldan ordinær dansing på metalkonsertar, som kjem av eit hovudsakleg maskulint publikum og ein ofte særs heteroseksuell ideologi. To rørsler vert derimot ofte nytta, headbanging og kaste armen i veret i takt med musikken.[23] Luftgitar er òg populært hos metal-tilhengjarar.[24]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til uttrykket heavy metal eller tungmetall er usikkert. Uttrykket har vorte nytta i fleire hundreår i kjemi og metallurgi, men i moderne popkultur vart det mellom anna nytta av forfattaren William S. Burroughs. I romanen hans The Soft Machine frå 1962 er det ein karakter kalla «Uranian Willy, the Heavy Metal Kid». I Burroughs sin neste roman, Nova Express (1964), nytta han heavy metal som ein metafor for tunge, avhengigskapande narkotika.

Ian Christe meiner at uttrykket kjem frå hippie-kulturen, der «heavy» tyder «mektig» eller «djup», og «metal» tyder eit visst humør.[25] På midten av 60-talet vart «heavy music» («tung musikk») nytta om tregare, høgare popmusikk. Iron Butterfly sitt debutalbum frå tidleg i 1968 heitte Heavy. Første gong heile uttrykket heavy metal vart nytta i ein song var ein referanse til ein motorsykkel i Steppenwolf sin «Born to Be Wild», som kom ut same år:[26] «I like smoke and lightning/Heavy metal thunder/Racin' with the wind/And the feelin' that I'm under.»

Den første dokumenterte bruken av uttrykket for å skilde rockemusikk er frå ei anmelding frå Mike Saunders. 12. november 1970 i eit nummer av Rolling Stone der han skildrar to album av Humble Pie som «heavy metal-leaden shit-rock» og «heavy metal crap»[27] Creem-journalist Lester Bangs har fått æra for å ha gjort uttrykket populært med artiklar på 1970-talet om band som Led Zeppelin og Black Sabbath.[28] Utover 70-talet vart derimot heavy metal nytta som eit nedsetjande uttrykk om musikk.[29].

Uttrykka «heavy metal» og «hardrock» har stundom vorte nytta om ein annan, særleg om band på 1970-talet då uttrykka nærast var synonyme.[30] Til dømes skriv Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll i 1983 at Aerosmith var «kjend for ein aggressiv bluesbasert hardrockstil og var eit av dei største amerikanske heavy metal-banda på midten av 70-talet»[31] Få ville derimot i dag ha skildra Aerosmith på 70-talet med klåre lenkjer til tradisjonell rock and roll som «heavy metal».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Midten av 60-åra[endre | endre wikiteksten]

Amerikansk blues var ein stor inspirasjonskjelde for tidlege britiske rockeband som The Rolling Stones og The Yardbirds, som utvikla bluesrock med å spele inn mange klassiske bluessongar, ofte i eit raskare tempo. Etter kvart som dei eksperimenterte med musikken, utvikla desse britiske blues-baserte banda, og dei amerikanske banda som dei påverka, det som skulle verte kjenneteikna til heavy metal. Sentralt stod ein høg, forvrengd gitarstil bygd på power-akkordar.[32] The Kinks spelte ei viktig rolle med å gjere dette lydbilete populært med hitten deira «You Really Got Me» frå 1964.[33] I tillegg til Dave Davies frå The Kinks eksperimenterte andre gitaristar som Pete Townshend frå The Who og Jeff Beck frå the Tridents med feedback.[34] Etter kvart byrja trommeslagarane å nytte meir musklar og spelte meir kompliserte rytmemønster for at dei skulle verte høyrt blant den stadig høgare gitarlyden.[35] På liknande måte endra vokalistar teknikkane sine og nytta ofte meir stiliserte og dramatiske vokalteknikar. Med tanke på lydstyrke var Marshallveggen, ein vegg av Marshall-forsterkarar, som The Who nytta under konsertane sine særs viktig.[36] Betre teknikkar for både forsterkarar og innspeling gjorde det mogeleg å fange denne krafta på plate.

Kombinasjonen av bluesrock og psykedelisk rock danna mykje av grunnlaget for heavy metal.[37] Ein av dei mest påverkande banda som kom frå desse sjangrane var powertrioen Cream, som nytta eit massivt og tungt lydbilete med doble riff mellom gitarist Eric Clapton og bassist Jack Bruce, samt dei doble basstrommene til Ginger Baker.[38] Dei to første platene deira, Fresh Cream (1966) og Disraeli Gears (1967), vert rekna som viktige prototypar for den framtidige sjangeren. The Jimi Hendrix Experience sitt debutalbum, Are You Experienced (1967), hadde òg stor innverknad. Hendrix sin virtuose teknikk vart det mange metal-gitaristar som streva etter å etterlikne, og den mest suksessrike singelen frå plata, «Purple Haze» vert av fleire rekna som den førte heavy metal-hitten.[32]

Opphav - 1968-1975[endre | endre wikiteksten]

I januar 1968 gav San Francisco-bandet Blue Cheer ut ei utgåve av Eddie Cochran sin klassikar «Summertime Blues» frå debutalbumet deira Vincebus Eruptum, som mange reknar som den første verkelege heavy metal-plata.[39] Same månad gav Steppenwolf ut det sjølvtittulerte debutalbumet sitt med songen «Born to Be Wild», der uttrykket «heavy metal» vert nytta på plate for første gong. I juli same året kom to viktige innspelingar til ut, The Yardbirds sin «Think About It», som var b-sida på den siste singelen som bandet spelte inn med gitaristen Jimmy Page, og Iron Butterfly sitt album In-A-Gadda-Da-Vida, med det 17 minuttar lange tittelsporet, og som var ein annan kandidat til tittel første heavy metal-album. I august kom The Beatles med singelutgåva av songen «Revolution» som sette ein ny standard for forvrengd gitar hos ein bestseljar. The Jeff Beck Group, som var leia av den tidlegare The Yardbirds-gitaristen gav ut debutalbumet sitt same månad, Truth.[40] I oktober dette året gjorde Page sitt nye band, Led Zeppelin, sin konsertdebut. I november kom Love Sculpture, med gitarist Dave Edmunds, ut med Blues Helping, som hadde ein hardtslåande, aggressiv versjon av Aram Khatjaturian sin song «Sabre Dance» (Sabeldansen). The Beatles sitt såkalla White Album kom same månad med songen «Helter Skelter», som til då var ein av dei tyngste songane som hadde vorte gjeve ut av eit stort band.[41] The Pretty Things sin rockeopera S.F. Sorrow kom i desember og hadde «proto-heavy metal-songar» som «Old Man Going»"[42]

I januar 1969 gav Led Zeppelin ut debutalbumet, som nådde tiandeplass på Billboard-lista. I juli spelte Zeppelin og den Cream-inspirerte powertrioen Grand Funk Railroad på Atlanta Pop Festival. Grand Funk sitt debutalbum, On Time, kom ut i august. Ut på hausten 1969 gjekk Led Zeppelin II heilt til førsteplass på albumlista i USA og singelen «Whole Lotta Love» nådde 4. plass på singellista, og metalrevolusjonen var for alvor i gang. Led Zeppelin definerte fleire sentrale aspekt med heavy metal, som Page sin sterkt forvrengde gitar og songar Robert Plant sin dramatiske og hylande vokal.[43]

I 1970 kom Black Sabbath med albuma Black Sabbath og Paranoid og Deep Purple med In Rock som òg var særs viktige i utforminga av heavy metal.[35] Black Sabbath hadde utvikla eit særleg tungt lydbilete, delvis på grunn av ei ulukke som gitarist Tony Iommi hadde hatt før han grunnla bandet. Sidan han ikkje klarte å spele normalt, måtte han stemme ned gitaren for at han kunne ta akkordane lettare, og samstundes basere seg på powerakkordar.[44] Deep Purple hadde variert mellom forskjellige stilar tidlegare, men i 1969 hadde vokalist Ian Gillan og gitarist Ritchie Blackmore ført bandet mot ein heavy metal-stil.[45] I 1970, fekk Black Sabbath og Deep Purple store hittar i Storbritannia med respektive «Paranoid» og «Black Night». Same året gav tre andre britiske heavy metal-band ut sine debutalbum, Uriah Heep med Very 'eavy... Very 'umble, UFO med UFO 1 og Black Widow med Sacrifice. Wishbone Ash, oftast ikkje rekna som eit metal-band, introduserte ein dobbel solo/rytmegitar-stil som mange metalband seinare skulle ta til seg. Dei okkulte tekstane til Black Sabbath, Uriah Heep og Black Widow skulle vise seg å få særleg stor innverknad. Led Zeppelin starta òg med slike tema med det fjerde albumet, som kom i 1971.

Tony Iommi og Ozzy Osbourne frå Black Sabbath på scenen 29. januar 1973.

I USA vart Grand Funk Railroad det mest kommersielt suksessrike heavy metal-bandet frå 1970 og fram til dei vart løyst opp i 1976, noko dei oppnådde med kontinuerleg turnering.[46] Andre metalband frå USA i denne perioden var Dust, Blue Öyster Cult og KISS. I Tyskland debuterte Scorpions med Lonesome Crow i 1972. Blackmore, som hadde kome fram som ein gitarvirtuos på Deep Purple sitt album Machine Head (1972), gjekk frå gruppa i 1975 og danna Rainbow. Desse banda oppnådde òg mange tilhengjarar ved stadig turnering.[35] Det har vorte mykje diskutert om desse tidlege banda verkeleg kvalifiserer som «heavy metal» eller berre «hardrock». Dei som var nærare blues eller i større grad baserte seg på melodi vert som regel rekna som hardrockband. AC/DC, som debuterte med High Voltage i 1975 er eit døme på dette.

Etter Black Sabbath vart det neste store heavy metal-bandet i Storbritannia Judas Priest, som debuterte med Rocka Rolla i 1974. På midten av 1970-talet kunne ein finne mange spor av heavy metal som den tunge bassen og dei doble gitarane til Thin Lizzy, sceneopptredenen til Alice Cooper, gitaren og den dramatiske vokalen til Queen og mellomalderelementa til Rainbow. Judas Priest skulle samle alle desse til eit enkelt lydbilete og definerte på den måten på mange måtar sjølve sjangeren heavy metal.[47] Sjølv om bandet ikkje fekk plater inn på salslistene før i 1980 hadde dei med doble gitarar, raskt tempo og eit reint metallisk lydbilete som ikkje var bluesbasert, ein stor innverknad på seinare band.[48]

Mainstream: Slutten av 70-åra og 80-åra[endre | endre wikiteksten]

Iron Maiden var eit av dei sentrale banda under den nye bølgja av britisk heavy metal.

Punkrock oppstod på midten av 1970-talet som ein reaksjon på samfunnstilhøva på den tida og det dei såg på som som overprodusert pompøs rockemusikk, inkludert heavy metal. Heavy metal vart stadig mindre populært på siste halvdel av 70-talet i motsetnad til punk, disco, og meir lyttarvenleg rock.[32] Plateselskapa fokuserte på punk og mange nyare britiske heavy metal-band vart inspirerte av den aggressive og energirike stilen til pønkarane. Undergrunnsmetallband starta som pønkarane å gje ut sine eigne, billige plater til små lojale tilhengjargrupper.[49] Motörhead vart grunnlagd i 1975 og vart det første viktige bandet som hadde ein fot kvar i punk og metal. Då punkeksplosjonen kom i 1977 følgde andre etter. Musikkmagasin som NME og Sounds byrja å legge merke til dette og Sounds-journalist Geoff Barton kalla rørsla «New Wave of British Heavy Metal» («den nye bølgja med britisk heavy metal»).[50] Av desse banda finn ein mellom anna Iron Maiden, Saxon og Def Leppard. Inspirert av Judas Priest og Motörhead kom dei med ein tøffare stil, reduserte bluesinnverknaden og la vekt på raskt tempo.[51] I 1980 kom desse bana frå den nye bølgja ut til dei store massane og albuma til Iron Maiden og Saxon, samt Motörhead, nådde Topp 10 på den britiske albumlista. Andre band frå denne bølgja, som ikkje selde like mykje, var Venom og Diamond Head som hadde viktige bidrag til utviklinga av metal.[52] I 1981 vart Motörhead det første av desse nyare metal-banda som nådde toppen på den britiske albumlista med No Sleep 'til Hammersmith.

Den første generasjonen av metalband var på veg ut av rampelyset. Deep Purple hadde gjeve seg kort tid etter Blackmore forlet dei i 1975, og Led Zeppelin gav seg då trommis John Bonham døydde i 1980. Black Sabbath vart stadig overgått av oppvarmingsbandet sitt Van Halen.[53] Eddie Van Halen hadde etablert seg sjølv som ein av dei førande gitarvirtuosane i metal-miljøet med gitarsoloen «Eruption» frå 1978, som vert rekna som ein milepåle.[54] Randy Rhoads og Yngwie J. Malmsteen vart òg kjende virtuosar. Desse gitaristane utvikla ein såkalla nyklassisk metallstil med element frå klassisk musikk. Stundom nytta dei klassisk gitar med nylonstrengar, som Rhoads gjer på «Dee» av tidlegare Sabbath-vokalist Ozzy Osbourne på det første soloalbumet hans, Blizzard of Ozz (1980).

Inspirert av Van Halen starta det eit nytt metal-miljø i Sør-California, særleg i Los Angeles seint på 1970-talet. Basert i klubbar på Sunset Strip oppstod band som Quiet Riot, Ratt, Mötley Crüe og W.A.S.P. som var påverka av tradisjonell heavy metal frå tidleg på 1970-talet.[55] og nytta teatralske verkemiddel (og stundom sminke) som glamrock-artistar som Alice Cooper og KISS.[56] Tekstane til desse glam metal-banda la ofte vekt på hedonisme og vill oppførsel. Musikalsk hadde dei ofte raske shred-gitar-soloar, svulstige allsong refreng og ofte forholdsvis pop-aktige melodiar. Glam metal-rørsla, og liknande band som Twisted Sister får New York City, vart ei stor rørsle innan metal og rockemusikk generelt.

Etter den nye bølgja med britisk heavy metal og Judas Priest sitt gjennombrotsalbum, British Steel (1980), vart heavy metal stadig meir populært tidleg i 1980-åra. Mange metal-artistar naut godt av å få vist seg på MTV, som starta opp i 1981, og platesalet auka ofte kraftig om dei fekk videoane sine vist på kanalen.[57] Def Leppard sin videoar frå Pyromania (1983) gjorde dei til superstjerner i Amerika og Quiet Riot vart det første amerikanske metalbandet som toppa Billboardlista med Metal Health (1983). Mellom 1983 og 1984 gjekk heavy metal frå å utgjere 8 % av det totale platesalet i USA til 20 %.[58] Fleire musikkmagasin som var tileigna musikksjangeren oppstod i denne perioden, som Kerrang! (i 1981) og Metal Hammer (i 1984).

På midten av 1980-talet dominerte glam metal dei amerikanske salslistene, musikk-TV og konsertdomenet. Nye band som dukka opp på desse åra var Warrant, Poison og Cinderella, medan Mötley Crüe og Ratt framleis var populære. Bon Jovi dukka opp og fylte det stilmessige gapet mellom hardrock og glam metal med det tredje albumet sitt, Slippery When Wet (1986). Heavy metal-miljøa hadde derimot byrja å dele seg opp og i mange undergrunnsmiljø oppstod det meir ekstreme former for metall som forakta glam metal-stilen, som òg ofte vert kalla «puddelrock».[59]

Eit band som klarte å nå fleire av desse miljøa var Guns N' Roses. I motsetnad til glam metal-band, vart dei sett på som råare og farlegare. Då det populære albumet deira Appetite for Destruction (1987) retta dei opp att mykje av det dårlege inntrykket Los Angeles og Sunset Strip hadde fått dei siste åra.[60] Året etter kom Jane's Addiction frå same hardrock-miljø med debutalbumet Nothing's Shocking. Bandet vart det første som vart stempla som «alternativ metal», ein trend som skulle vare inn i det neste tiåret. Samstundes var band som Winger og Skid Row populære glam metal-band.[20]

Undergrunnsmetal: 1980-åra og fram til i dag[endre | endre wikiteksten]

Mange undersjangrar innan heavy metal utvikla seg i undergrunnsmiljøa på 1980-talet.[61] Det har vore gjort mange forsøk på å kartlegge den kompliserte undergrunnsverda i metal-sjangeren, hovudsakleg av Allmusic, og Rockdetector. Rockdetector sitt metal-leksikon skil mellom fem større kategoriar: thrash metal, death metal, black metal, power metal, og dei nær kytte sjangrane doom og gotisk metal.

Thrash metal[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjå Thrash metal.

Thrash metal oppstod tidleg i 1980-åra og var påverka av hardcore punk og den nye bølgja britisk heavy metal, [62] særleg songar frå den raske stilen kalla speed metal. Rørsla starta i USA i San Francisco. Stilen som denne rørsla utvikla var raskare og meir aggressiv enn dei originale metalbanda og glam metal-banda som kom etter.[62] Musikken er dominert av gitarriff i lågt register med shredgitarsoloar oppå. Tekstane uttrykket ofte nihilistiske syn eller omhandlar samfunnstema med hjelp av eit grovt eller blodig språk.

Undersjangeren vart gjort populær av «Dei fire store» innan thrash: Metallica, Anthrax, Megadeth og Slayer.[63] Tre tyske band, Kreator, Sodom og Destruction, spelte ei viktig rolle med å føre stilen til Europa. Andre band var Testament and Exodus, Overkill frå USA og Sepultura frå Brasil. Thrash metal byrja i undergrunnen og vart stort sett verande der i nesten ti år, men dei større banda nådde etter kvart ut til eit stort publikum. Metallica nådde Topp 40 på albumlista i USA med Master of Puppets i 1986 og to år sinare nådde …And Justice for All 6. plass, medan Megadeth og Anthrax hadde plater på Topp 40.[64]

Slayer selde ikkje like mykje plater som dei tre andre, men gav ut Reign in Blood i 1986 som av Kerrang! vart skildra som «det tyngste albumet gjennom tidene».[65] Tjue år seinare kåra Metal Hammer albumet til det beste albumet dei siste tjue føregåande åra.[66] Slayer trekte til seg høgreekstreme skinheads, og vart skulda for å promotere vald og nazistiske tema, eit rykte som har forfølgd bandet opp gjennom.[67] Tidleg i 1990-åra fekk thrash metal sitt definitive gjennombrot med Metallica sitt sjølvtittulerte album frå 1991, som toppa Billboard-lista, og Megadeth sitt Countdown to Extinction (1992) som nådde andre plass. Anthrax og Slayer klarte å nå Topp 10.

Death metal[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjå Death metal.
Chuck Schuldiner frå Death vert rekna som skaparaen av death metal.[68]

Thrash metal delte seg vidare inn i meir ekstreme metal-sjangrar. Det britiske bandet Venom og amerikanske Slayer var viktige inspirasjonskjelder for death metal-rørslene i både Nord-Amerika og Europa. Rørsla nytta tema som blasfemi og djeveldyrking og dei amerikanske banda Death frå Florida og Possessed vert rekna som dei første banda innan sjangeren. Begge gruppene skal ha inspirert til namnet på sjangeren, sistnemnde med demoplata Death Metal frå 1984 og songen «Death Metal» frå debutalbumet Seven Churches (1985).

Death metal nyttar farten og aggressiviteten frå både thrash og hardcore, blanda med tekstar som valdstema og satanisme.[69] Vokalen i death metal er ofte dyster vokal med strupelydar, lyse skrik og raspande lydar.[70] og andre uvanlege teknikkar.[71] I lag med djup, aggressiv vokal har ein nedstemde, særs forvrengde gitarar[69][70] og ekstrem rask perkusjon, ofte med raske doblebasstrommer og ein «vegg av lyd»-rytme. Mange endringar av tempo- og tempoangjeving og synkope er òg typisk.

Death metal, som thrash metal, nyttar vanlegvis ikkje teatralske effektar som tidlegare metall-band gjorde, og nyttar heller ein meir daglegdags klesstil.[72] Eit stort unntak var Glen Benton frå bandet Deicide, som nytta ein oppned-kross på panna og rustning på scenen. Morbid Angel tok opp eit nyfasicistisk image.[72] Desse to banda, i lag med Death og Obituary var dei førande banda innan sjangeren og oppstod i Florida på midten av 1980-talet. I Storbritannia vart den nært knytte stilen grindcore leia av band som Napalm Death og Extreme Noise Terror, som dukka opp frå ei anarki-punk-rørsle.[73] Eit stort skandinavisk death metal-miljø med band som Entombed og Dismember frå Sverige oppstod òg. Ut frå dette utvikla det seg ein sjanger kalla melodisk death metal med band som svenske In Flames og Dark Tranquillity og finske Children of Bodom og Kalmah.

Black metal[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjå Black metal.

Den første bølgja med black metal oppstod i Europa tidleg og midten av 1980-åra, lei av britiske Venom, danske Mercyful Fate, sveitsiske Hellhammer og Celtic Frost og svenske Bathory. Mot slutten av 1980-åra leia norske band som Mayhem, Burzum og Emperor den andre bølgja.[74] Black metal inneheld mange forskjellige stilar og varierer i produksjonskvalitet, men dei fleste banda legg vekt på gurglande og hylande vokal, særs forvrengde gitarar, ofte spelt særs raskt, og ein «mørk» atmosfære[71], ofte med dårleg produksjon som er gjort med vilje.[75] Sataniske tema er ofte vanleg i black metal, men mange band tar inspirasjon frå gammal heidenskap og står for før-kristne verdiar.[76] Mange black metal-band har òg eksperimentert med andre former for metal, folkemusikk, klassisk musikk, elektronika og avantgarde.[70]

I 1990 nytta Mayhem likmåling fast og mange andre black metal-band tok til seg denne stilen. Bathory inspirerte viking metal- og folkmetal-rørslene og Immortal innførte såkalla blast beat. Enkelte band frå det skandinaviske black metal-miljøet vart assosiert med særs valdelege handlingar tidleg i 1990-åra,[77] då Mayhem og Burzum vart knytt til kyrkjebrannar. Dette skapte mykje blest om black metal-miljøet, først i Noreg før det spreidde seg vidare ut i verda, og black metal-miljøet fekk mange tilhengjarar, sjølv om det opphavleg miljøet nettopp motsette seg den kommersielle metal-industrien.[78] I følgje Gorgoroth-vokalist Gaahl var ikkje black metal meint å nå eit større publikum og seier at dei hadde «ein felles fiende som var kristendom, sosialisme og alt som demokratiet stod for».[79]

I 1992 byrja black metal-miljøet å spreie seg til område utanfor Skandinavia, som Tyskland, Frankrike og Polen.[80]Varg Vikernes frå Burzum tok livet av Euronymous frå Mayhem i 1993 førte dette til omfattande mediaomtale.[79] Rundt 1996 då mange følte at miljøet hadde stagnert,[81] flytta fleire viktige band, som Burzum og finske Beherit, seg mot ein ambient-stil, medan symfonisk black metal vart utforska av svenske Tiamat og sveitsiske Samael.[82] Seint i 1990-åra og tidleg i 2000-åra førte norske Dimmu Borgir black metal nærare dei store massane,[83], og det same gjorde Cradle of Filth, med Metal Hammer, eit av dei mest suksessrike engelske metal-banda sidan Iron Maiden.[84]

Power metal[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjå Power metal.

Seint i 1980-åra samla power metal-miljøet seg hovudsakleg som ein rekasjon på det harde death og black metal-miljøet.[85] Han var populær i Europa, Japan og Sør-Amerika og fokuserer på livlege, episke melodiar og tema som skulle «appellere til lyttaren si kjensle for mot og skjønnheit»[86] Eit av dei tidlegaste banda innan denne sjangeren var tyske Helloween som kombinerte powerriff, melodi og lys, «rein» vokal som Judas Priest og Iron Maiden hadde nytta, med farten og energien frå thrash metal.[87] Amerikanske Manowar og Virgin Steele var dei første innan sjangeren i Amerika. Yngwie J. Malmsteen sitt album Rising Force (1984) var ei viktig plate for å gjere den ultraraske gitarstilen kalla «shred-gitar» populær, samt blanding av metal med klassisk musikk.

Det svenske power metal-bandet HammerFall etter ein konsert i Milano i Italia i 2005.

Tradisjonelle power metal-band som svenske HammerFall, engelske DragonForce og amerikanske Iced Earth har ein stil som heilt tydeleg kjem frå klassiske britiske metal-band.[88] Mange power metal-band som amerikanske Kamelot, finske Nightwish, italienske Rhapsody of Fire og russiske Catharsis har ein keyboard-basert «symfonisk» stil, og nyttar stundom symfoniorkester og operasongarar i musikken sin. Power metal har mange tilhengjarar i Japan og Sør-Amerika der band som brasilianske Angra og argentinske Rata Blanca er populære.

Nært knytt til power metal er progressiv metal, som nyttar komplekse komposisjonsteknikkar som band som Rush og King Crimson nytta. Denne stilen oppstod i USA tidleg og midten av 1980-åra med band som Queensrÿche, Fates Warning og Dream Theater. Blandinga av progressive metal og power metal finn ein til dømes hos amerikanske Symphony X.[89]

Doom og gotisk gothic metal[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjå doom metal og gotisk metal.

Midt på 1980-talet dukka band som amerikanske Saint Vitus, The Obsessed og Trouble, og svenske Candlemass, opp i doom metal-rørsla, som forkasta andre metal-stilar og la vekt på fart, men i denne stilen eit særs lågt tempo. Doom metal har spor, både tekstmessig og musikalsk, tilbake til tidleg Black Sabbath[90] og Blue Cheer, Pentagram og Black Widow, som spelte samstundes med Black Sabbath.[91] The Melvins har òg hatt viktige bidrag til doom metal og mange av undersjangrane.[92] Doom legg meir vekt på melodi, melankolske tempo og ein gravliknande stemning enn andre variantar av metal.[93]

I 1991 kom Forest of Equilibrium, debutalbumet til britiske Cathedral, som starta ei ny bølgje med doom metal. I same periode oppstod ei blanding av doom- og death metal i Storbritannia med band som Paradise Lost, My Dying Bride og Anathema som gav opphav til europeisk gotisk metal,[94] med doble vokalarrangement, som t.d. norske Theatre of Tragedy og Tristania. Amerikanske Type O Negative var eit slikt band i Amerika.[95] Ført an av svenske Therion, som blanda inn klassiske element, førte gotisk metal vidare til ei symfonisk metal-rørsle med band som australske Virgin Black, finske Nightwish og nederlandske Within Temptation og After Forever.

I USA oppstod sludge metal som blanda doom og hardcore. Denne stilen dukka opp i slutten av 1980-åra med band som Eyehategod og Crowbar. Tidleg i 1990-åra var banda Kyuss og Sleep inspirert av tidlegare doom metal-band og danna grunnlaget for stilen stoner metal,[96] medan Seattle-baserte Earth var medverkande til utviklinga av drone metal.[97] Seint i 1990-åra kom nye band som amerikanske Goatsnake med ein stoner/doom-stil og Sunn O))), som kryssa linjene mellom doom, drone og dark ambient metal.[93]

Nye stilar: 1990-åra og 2000-åra[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå alternativ metal og Nu metal.

Metal sin dominans i Nord-Amerika gjekk mot slutten tidleg i 1990-åra då Nirvana og andre grunge-band dukka opp.[98] Grunge acts were influenced by the heavy metal sound, but rejected the excesses of the more popular metal bands, such as their "flashy and virtuosic solos" and "appearance-driven" MTV orientation.[20]

Glam metal forsvann meir eller mindre ut av marknaden då grunge kom på banen,[99], men òg fordi meir aggresive stilar som Metallica spelte og groove metal-band som Pantera og White Zombie.[100] Enkelte band prøvde å tilpasse seg det nye musikalske landskapet. Metallica var eitt av desse. Bandmedlemmene klipte håret sitt og i 1996 spelte dei på den alternative musikkfestivalen Lollapalooza grunnlagd av Jane's Addiction-songar Perry Farrell. Sjølv om dei mista ein del tilhengjarar på dette,[101] var Metallica framleis eit av dei mest populære heavy metal-banda på veg inn på 2000-talet.[102]

Layne Staley frå Alice in Chains, eit av dei mest populære banda innan alternativ metal, spelar i 1992.

Som Jane's Addiction hamna manga av dei populære banda tidleg i 1990-åra med røter i heavy meta under den generelle sjangeren «alternativ metal».[103] Merket vart nytta om mange band som blanda metal frå forskjellige sjangrar. Av band som fekk dette stempelet finn ein Alice in Chains, Faith No More, som blanda alternativ rock med punk, funk, metal og hip hop og Primus som blanda funk, punk, thrash metal og eksperimentell musikk. Tool blanda metal med progressive rock og Ministry starta å blanda metal med industriell musikk, og det same gjorde Marilyn Manson, som òg nytta sjokk-effektar som Alice Cooper hadde gjort tidlegare.

På siste halvdel av 1990-åra kom ei ny bølgje amerikanske metalband som var inspirert av dei alternative metal-banda og blandinga deira av fleire sjangrar.[104] Desse fekk namnet «nu metal», og omfatta band som P.O.D., Korn, Papa Roach, Limp Bizkit, Slipknot og Linkin Park, som t.d. blanda element frå hip hop, som rapvokal. Nu metal vart mellom anna populær ved at han vart spelt mykje på MTV.[105] I 1996 gav Korn ut Life Is Peachy, det første nu metal-albumet som gjekk inn på Topp 10 i USA. To år seinare klatre dei heilt til topps med Follow the Leader. Sjølv om nu metal vart særs populær i 2000-åra tok ikkje tradisjonelle heavy metal-fans han til seg i same grad.[106] I 2003 hadde nu metal-rørsla nådd over toppen og var på veg nedover igjen, men enkelte nu-metal band, som System of a Down, har klart å halde på populariteten.[107]

Nyare trendar frå 2005 til i dag[endre | endre wikiteksten]

Metalcore er ei opphavleg amerikansk blanding av thrash metal, melodisk death metal og hardcore punk som dukka opp på midten av 2000-talet, men hadde røter tilbake til 80-talet med band som Suicidal Tendencies, Dirty Rotten Imbeciles og Stormtroopers of Death.[108] I 1990-åra vart metalcore stort sett verande eit undergrunnsfenomen, men i 2004 vart han forholdsvis populær med banda Killswitch Engage og Shadows Fall.[109] Bullet for My Valentine frå Wales gjekk inn på Topp 5 både i USA og Storbritannia med Scream Aim Fire (2008). Andre populære band innan sjangeren er Lamb of God, Trivium og Mastodon.

Uttrykket «retro-metal» har vorte nytta om band som engelske The Darkness[110] Wolfmother frå Australia.[111] The Darkness sitt album Permission to Land (2003) toppa listene i Storbritannia og selde til femdobbel platina.One Way Ticket To Hell And Back (2005) nådde 11. plass.[112]

I Europa, særleg i Tyskland og Skandinavia har metal framleis eit breitt publikum. Godt etablerte britiske band som Judas Priest og Iron Maiden har framleis suksess på salslistene, samt fleire lokale grupper. I Tyskland, den største musikkmarknaden i Vest-Europa, har fleire kontinentale metalband nådd Topp 20 mellom 2003 og 2008, inkluderte det finsek melodiske death metal-bandet Children of Bodom, det norske symfoniske black metal-bandet Dimmu Borgir, og to power metal-band, tyske Blind Guardian og svenske HammerFall.[113]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Heavy metal music» frå Wikipedia på engelsk, den 15. september 2008.
  • Denis Arnold (1983). "Consecutive Intervals," in The Oxford Companion to Music, Volume 1: A-J. Oxford University Press. ISBN 0-19-311316-3
  • Arnett, Jeffrey Jensen (1996). Metalheads: Heavy Metal Music and Adolescent Alienation. Westview Press. ISBN 0-8133-2813-6
  • Berelian, Essi (2005). Rough Guide to Heavy Metal. Rough Guides. Foreword by Bruce Dickinson of Iron Maiden. ISBN 1-84353-415-0
  • Berry, Mick and Jason Gianni (2003). The Drummer's Bible: How to Play Every Drum Style from Afro-Cuban to Zydeco. See Sharp Press. ISBN 1-884365-32-9
  • Blake, Andrew (1997). The Land Without Music: Music, Culture and Society in Twentieth-century Britain. Manchester University Press. ISBN 0-7190-4299-2
  • Carson, Annette (2001). Jeff Beck: Crazy Fingers. Backbeat Books. ISBN 0-87930-632-7
  • Charlton, Katherine (2003). Rock Music Styles: A History. McGraw Hill. ISBN 0-07-249555-3
  • Ian Christe (2003). Sound of the Beast: The Complete Headbanging History of Heavy Metal. HarperCollins. ISBN 0-380-81127-8
  • Robert Christgau (1981). "Master of Reality (1971) [review]," in Christgau's Record Guide. Ticknor & Fields. ISBN 0-89919-026-X
  • Cook, Nicholas, and Nicola Dibben (2001). "Musicological Approaches to Emotion," in Music and Emotion. Oxford University Press. ISBN 0-19-263188-8
  • Du Noyer, Paul (ed.) (2003). The Illustrated Encyclopedia of Music. Flame Tree. ISBN 1-904041-70-1
  • Ewing, Charles Patrick, and Joseph T. McCann (2006). Minds on Trial: Great Cases in Law and Psychology. Oxford University Press. ISBN 0-19-518176-X
  • Kennedy, Michael (1985). The Oxford Dictionary of Music. Oxford University Press. ISBN 0-19-311333-3
  • McCleary, John Bassett (2004). The Hippie Dictionary: A Cultural Encyclopedia of the 1960s and 1970s. Ten Speed Press. ISBN 1-58008-547-4
  • McMichael, Joe (2004). The Who Concert File. Omnibus Press. ISBN 1-84449-009-2
  • Moynihan, Michael, and Dirik Søderlind (1998). Lords of Chaos (2nd ed.). Feral House. ISBN 0-922915-94-6
  • Leguay, Stéphane (2006). "Metal Gothique," in Carnets Noirs, éditions E-dite, 3rd edition, ISBN 2-84608-176-X
  • O'Neil, Robert M. (2001). The First Amendment and Civil Liability. Indiana University Press. ISBN 0-253-34033-0
  • Pareles, Jon, and Patricia Romanowski (eds.) (1983). The Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll. Rolling Stone Press/Summit Books. ISBN 0-671-44071-3
  • Stanley Sadie (1980). "Consecutive Fifth, Consecutive Octaves," i The New Grove Dictionary of Music and Musicians (1st ed.). MacMillan. ISBN 0-333-23111-2
  • Schonbrun, Marc (2006). The Everything Guitar Chords Book. Adams Media. ISBN 1-59337-529-8
  • Sharpe-Young, Garry (2007). Metal: The Definitive Guide. Jawbone Press. ISBN 978-1-906002-01-5
  • Thompson, Graham (2007). American Culture in the 1980s. Edinburgh University Press. ISBN 0-7486-1910-0
  • Robert Walser (1993). Running with the Devil: Power, Gender, and Madness in Heavy Metal Music. Wesleyan University Press. ISBN 0-8195-6260-2
  • Van Zoonen, Liesbet (2005). Entertaining The Citizen: When Politics and Popular Culture Converge. Rowan & Littlefield. ISBN 0-7425-2906-1
  • Weinstein, Deena (1991). Heavy Metal: A Cultural Sociology. Lexington. ISBN 0-669-21837-5. Revised edition: (2000). Heavy Metal: The Music and its Culture. Da Capo. ISBN 0-306-80970-2
  • Wilkerson, Mark Ian (2006). Amazing Journey: The Life of Pete Townshend. Bad News Press. ISBN 1-4116-7700-5
  1. Weinstein (2000), s. 14
  2. Genre—Heavy Metal. Allmusic. Vitja 14. september 2008.
  3. 3,0 3,1 Weinstein (2000), s. 25
  4. 4,0 4,1 4,2 Weinstein (2000), s. 23
  5. Weinstein (2000), s. 26
  6. Weinstein (2000), s. 26
  7. 7,0 7,1 "Sunday Morning Playlist: Heavy Metal". Blogcritics Magazine, 19. februar 2006. Vitja 14. september 2008.
  8. 8,0 8,1 Weinstein (2000), s. 24
  9. "Cliff Burton's Legendary Career: The King of Metal Bass" Bass Player, Februar 2005. Vitja 14. september 2008.
  10. Dawson, Michael. "Chris Adler: More Than Meets The Eye" Modern Drummer Online. Vitja 14. september 2008.
  11. Berry og Gianni (2003), s. 85
  12. Burgess, Mick. "Dream Theater (Live)" Metal Express Radio, 9. juni 2007. Vitja 14. september 2008.
  13. Walser (1993), s. 58
  14. Weinstein (1991), s. 36
  15. Ewing og McCann (2006), s. 104–113
  16. Weinstein (2000), s. 27
  17. Van Zoonen (2005), s. 40.
  18. Weinstein (2000), s. 129
  19. Weinstein (2000), s. 127
  20. 20,0 20,1 20,2 Covach, John. "Heavy Metal, Rap, and the Rise of Alternative Rock (1982–1992)" What's That Sound? An Introduction to Rock and its History (W. W. Norton). Vitja 14. september 2008
  21. Thompson (2007), s. 135; Blush, Steven. "American Hair Metal—Excerpts: Selected Images and Quotes". FeralHouse.com. Vitja 14. september 2008.
  22. Dunn, Sam (2005). "Metal: A Headbanger's Journey". Warner Home Video (2006). Vitja 15. september 2008
  23. Weinstein, p. 130
  24. Weinstein, s. 95
  25. Christe (2003), s. 10
  26. Walser (1993), s. 8
  27. Saunders, Mike (12. november 1970). Humble Pie: "Town and Country" (review). Rolling Stone. Vitja 14. september 2008.
  28. Weinstein (1991), s. 19
  29. Rockwell, John. New York Times, 4. februar 1979, s. D22
  30. Du Noyer (2003), s. 96, 78
  31. Pareles og Romanowski (1983), s. 4
  32. 32,0 32,1 32,2 Walser (1993), s. 9
  33. Weinstein (1991), s. 18; Walser (1993), s. 9
  34. Wilkerson (2006), s. 19.
  35. 35,0 35,1 35,2 Walser (1993), s. 10
  36. McMichael (2004), s. 112
  37. Weinstein (1991), s. 16
  38. Charlton (2003), s. 232–33
  39. McCleary (2004), s. 240, 506.
  40. Gene Santoro i Carson (2001), s. 86.
  41. Blake (1997), s. 143
  42. Strauss, Neil (1998). The Pop Life: The First Rock Opera (No, Not "Tommy"). New York Times. Vitja 19. september 2008.
  43. Charlton (2003), s. 239
  44. di Perna, Alan. "The History of Hard Rock: The 70's." Guitar World. Mars 2001.
  45. Charlton (2003), s. 241
  46. Pareles og Romanowski (1983), s. 225
  47. Christe (2003), s. 19–20
  48. Walser (1993), s. 6
  49. Christe (2003), s. 30, 33
  50. Christe (2003), s. 33
  51. Stephen Thomas Erlewine og Greg Prato. "Judas Priest". Allmusic. Vitja 15. september 2008. Genre—New Wave of British Heavy Metal. Allmusic. Vitja 15. september 2008.
  52. Weinstein (1991), s. 44
  53. Christe (2003), s. 25
  54. Christe (2003), s. 51
  55. Rivadavia, Eduardo. "Quiet Riot". Allmusic. Vitja 15. september 2008; Neely, Kim "Ratt". Rolling Stone. Vitja 15. september 2008; Barry Weber & Greg Prato. "Mötley Crüe". Allmusic. Vitja 15. september 2008; Dolas, Yiannis. "Blackie Lawless intervju" Rockpages. Vitja 15. september 2008
  56. Christe (2003), s. 55–57
  57. Christe (2003), s. 79
  58. Walser (1993), s. 12
  59. Walser (1993), s. 14; Christe (2003), s. 170
  60. Christe (2003), s. 165
  61. Weinstein (1991), s. 21
  62. 62,0 62,1 "Genre—Thrash Metal". Allmusic. Vitja 15. september 2008.
  63. Walser (1993), s.14
  64. "Metallica—Artist Chart History"; "Megadeth—Artist Chart History"; "Anthrax—Artist Chart History". Billboard.com. Vitja 15. september 2008.
  65. Lostprophets scoop rock honours (25. august 2006). Vitja 15. september 2008.
  66. Golden Gods Awards Winners. Metal Hammer (13. juni 2006). Vitja 15. september 2008.
  67. Moynihan, Søderlind (1998), s. 30; O'Neil (2001), s. 164
  68. Rivadavia, Eduardo. "Death—Biography". Allmusic. Vitja 15. september 2008.
  69. 69,0 69,1 Moynihan, Søderlind (1998), s. 27
  70. 70,0 70,1 70,2 Van Schaik, Mark. "Extreme Metal Drumming" Slagwerkkrant, mars/april 2000. Vitja 15. september 2008.
  71. 71,0 71,1 "Genre—Death Metal/Black Metal". Allmusic. Vitja 15. september 2008.
  72. 72,0 72,1 Moynihan, Søderlind (1998), s. 28
  73. Moynihan, Søderlind (1998), s. 27
  74. Christe (2003), s. 270
  75. Jurek, Thom. "Striborg: Nefaria". Allmusic. Vitja 15. september 2008.
  76. Moynihan, Søderlind (1998), s. 212
  77. Christe (2003), s. 276
  78. Moynihan, Søderlind (1998), s. 31–32
  79. 79,0 79,1 Campion, Chris. "In the Face of Death". The Observer (UK), 20. februar 2005. Vitja 15. september 2008.
  80. Moynihan, Søderlind (1998), s. 271, 321, 326
  81. Vikernes, Varg. "A Burzum Story: Part VI—The Music". Burzum.org, July 2005; "Is Black Metal Dead?". Dark Legions Archive. Vitja 15. september 2008
  82. Genre—Symphonic Black Metal. Allmusic. Vitja 15. september 2008.
  83. Tepedelen, Adam. "Dimmu Borgir's 'Death Cult'". Rolling Stone, 7. november 2003. Vitja 15. september 2008.
  84. Bennett, J. "Dimmu Borgir". Decibel, juni 2007. Vitja 15. september 2008.
  85. "Genre - Power Metal". Allmusic. Vitja 15. september 2008.
  86. Christe (2003), s. 372
  87. "Helloween - Biography". Allmusic. Vitja 15. september 2008.
  88. Reesman, Bryan. "HammerFall: Glory to the Brave". Allmusic; Henderson, Alex. "DragonForce: Sonic Firestorm". Allmusic. Vitja 15. september 2008
  89. "Genre - Progressive Metal". Allmusic. Vitja 15. september 2008.
  90. Christe (2003), s. 345
  91. "The History of Doom metal". doom-metal.com. Vitja 15. september 2008.
  92. Begrand, Adrien. "Blood and Thunder: The Profits of Doom". 2006. PopMatters.com. Vitja 15. september 2008.
  93. 93,0 93,1 Wray, John. "Heady Metal". New York Times, 28. mai 2006. Vitja 15. september 2008.
  94. Sharpe-Young (2007), s. 246, 275; sjå òg Stéphane Leguay, «Metal Gothique» i Carnets Noirs, éditions E-dite, 3e édition, 2006, ISBN 2-84608-176-X
  95. Sharpe-Young (2007), s. 275
  96. Christe (2003), s. 347
  97. Jackowiak, Jason. "Hex: Or Printing in the Infernal Method". Splendid Magazine, september 2005. Vitja 15. september 2008.
  98. Christe (2003), s. 304–6; Weinstein (1991), p. 278
  99. Christe (2003), s. 231
  100. Birchmeier, Jason. "Pantera". Allmusic.com. Vitja 15. september 2008.
  101. Christe (2003), s. 312
  102. Christe (2003), p. 322
  103. Genre—Alternative Metal. Allmusic. Vitja 15. september 2008.
  104. Christe (2003), s. 324–25
  105. Christe (2003), s. 324
  106. Christe (2003), s. 328
  107. Joe D'angelo (24. januar 2003). Nu Metal Meltdown. MTV.com. Vitja 14. september 2008.
  108. Christe (2003), s. 184
  109. Killswitch Engage. Roadrunner Records. Vitja 15. september 2008. Shadows Fall. Atlantic Records. Vitja 15. september 2008.
  110. The Darkness. Allmusic. Vitja 15. september 2008.
  111. Wolfmother. Rolling Stone, 18. april 2006. Vitja 15. september 2008.
  112. Chart Stats: The Darkness. Chart Stats. Vitja 15. september 2008.
  113. Musik Charts: Suchergebnis. Vitja 15. september 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Heavy metal