Diskusjon:The Pirate Bay

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skal me ha med slikt stoff? --Anders 2. juni 2006 kl. 04:44 (UTC)

Den kan trenge ei omformulering, men elles er det jo rett alt som står der, og Pirate Bay er ein kjend og stor "innhaldsleverandør". skulle vi ikkje skrive om dei kan vi heller ikkje skrive om t.d. Napster.../ Kurtber|Ordskifte 2. juni 2006 kl. 05:23 (UTC)
elles er det jo rett alt som står der er jo ein kraftig påstand. Artikkelen er (etter mi meining) dårleg, liknar meir på ein notis i eit datablad enn ein leksikonartikkel. Når det er sagt synest eg det er sjølvsagt at nettstaden skal ha ein kort og sakleg oppføring, sånn at folk kan få svar på spørsmålet: kva er dette for noko? når dei finn namnet i ein avisartikkel. --Ekko 2. juni 2006 kl. 06:46 (UTC)
Faktisk trur eg at nettstaden fortenar ei adskille djupare dekning enn som så. Eg er drivande ueinig i mykje av det som vert sagt av advokaten deira, og det tilknytta Piratbyrån (det politiske partiet), men det er ingen tvil om at dei har mange poeng i debatten om innhaldsvern. Og The Pirate Bay spelar ei stor rolle i dette spelet, noko som ikkje har vorte mindre aktuelt etter politirazziaen for eit par dagar sidan. -- Larsivi 2. juni 2006 kl. 10:09 (UTC)
Det som stod der var i all hovudsak korrekt; berre ganske ukritisk og overdrive formulert (til dømes passar det dårleg å skrive "hundrevis av gongar" i ein leksikonartikkel, men nettstaden har vore konstant truga av platebransjen i lang tid). Artikkelen som står no er ei grei spire, men ei av dei største fildelingssidene i verda kunne gjerne hatt ein større og meir kritisk artikkel enn den som står her no. Eg har ikkje særleg mykje erfaring med fildeling, og har berre sett the pirate bay-sida ein eller to gongar før den vart raida av politiet. Men eg ser for meg at artiklar om Pirate Bay, Piratbyrån og Piratpartiet burde kunne fyllast med store mengder kritikk og motkritikk. Dei handlar om emne som frå tid til annan hamnar på statsrådspultar i Noreg òg :-)
Det her er arenaer for ein større og viktig samfunnsdebatt som ikkje berre gjeld ein liten gjeng svenske tenåringar og nerdar i overgangsalderen med ein nettstad. Pirate Bay (og liknande) er ein meir useriøs utvekst av dei internasjonale grupperingane som arbeidar aktivt og seriøst mot strengare patentlovgjevnad, for friare informasjonsspreiing osb. / Kurtber|Ordskifte 6. juni 2006 kl. 12:00 (UTC)

Artikkelen startar med å seie at sida er engelsk, men eg har då alltid trudd at den har vore svensk? Iallfall er juristen som tek støyten utanfrå svensk. Teksten meinar eg kunne endrast til eitt av mange språk. -- Larsivi 2. juni 2006 kl. 10:09 (UTC)

At sida er/var engelskspråkleg er og feil. Den er/var nesten like fleirspråkleg som google --Anders 2. juni 2006 kl. 11:06 (UTC)
Beklagar at eg tok feil, eg har ikkje sett han oppe før han blei tatt ned. Men når du no har kunnskap om dette, kvifor endrar du ikkje sida? --Ekko 2. juni 2006 kl. 11:23 (UTC)
Fordi eg isåfall berre såg den eit par gongar, før dei tok den ned. Eg kunne godt ha endra det, men tok et valg om å svare Lars sitt spørmsål istaden. Beklager om du tok det som kritikk. Men dei får no skriva om den dei som ville ha artikkelen. Den ser no faktisk ikkje så verst ut, no...--Anders 2. juni 2006 kl. 12:02 (UTC)