The Pirate Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein av The Pirate Bay sine mange logoar

The Pirate Bay er ei BitTorrent-side, nytta til utveksling av datafiler. Sida har fått stor merksemd i Sverige på grunn av skuldingar om ulovleg fildeling og ein politiaksjon mot servarparken. Grunna den svenske aksjonen, låg dataservarane til sida ei periode fysisk i Nederland etter at servarane i Sverige blei inndratt av svensk politi, men er no flytta tilbake til Sverige. Sida har over 4 millionar medlemmar, 21 millionar noder, derav 12,2 millionar delarar og 9 millionar mottakarar av ca. 2 millionar torrents.

Historie[endre | endre wikiteksten]

The Pirate Bay vart starta av den svenske antikopirettsorganisasjonen Piratbyrån, seint i 2003. I 2004 vart sida seperert og drive av dedikerte individ, og i 2006 vart eigarskapet av organisasjonen endra.

Lovlege Trugsmål[endre | endre wikiteksten]

The Pirate Bay mottar ofte, grunna deira såkalla ulovlege verksemd, e-post frå opphavarar av materiell på nettsida. Desse mailane inneheld som regel trugsmål mot organisasjonen, og krav om umiddelbar fjerning av filer. Slike e-postar vert publiserte på sida, og open for ålmenta.

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

The Pirate Bay sine sider tilbyr multinasjonelle språk. Derav engelsk, svensk , norsk (bokmål), norsk (nynorsk), dansk, finsk, islandsk, nederlandsk, tysk, italiensk, spansk, portugisisk, fransk, polsk, ungarsk, gresk, tyrkisk, russisk, slovakisk, katalansk, hebraisk, japansk, bulgarsk, arabisk, serbisk, kinesisk, tsjekkisk, ukrainsk, malayisk, bengalsk, albansk og kroatisk, samt nokre fleire.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]