Diskusjon:Vestfjorden i Nordland

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kor startar Vestfjorden mellom Lofoten og Salten? Eg har alltid tenkt ei linje om lag frå Røst og innover til Bodø. I følge Caplex og SNL går Vestfjorden frå Værøy og inn til Barøy. Kor han startar i aust står ikkje. I kartverket sine kart er deriomt fjorden avmerka langt lengre sør enn dette. Ein gong er han avmerka nord i Rødøy kommune. Det er faktisk 100 km lenger sør og virkar for meg unaturleg sidan sjøstykket då ikkje har nokre naturlege grenser i vest. Han er fleire gonger avmerka like sør for Røst og ein gong i Gildeskål kommune, samt fleire gonger mellom Bodø og Røst. Eg har ei kjensle av at den sørlege grensa i alle fall burde gå lenger sør enn til Værøy. --Frokor 20:54, 14 mars 2008 (CET)

Eg veit ikkje, men tenkjer at ordet fjord her har tydinga havstykkje ein fer over. Spørsmålet vert då kor langt sør ein kunne fare, når ein ville frå Loften til fastlandet. Skal vi rope på Roarjo? -- Knut 20:58, 14 mars 2008 (CET)
Ja, Vestfjorden er jo ikkje ein ekte fjord. Han er i alle fall ikkje på nokre lister over dei lengste fjordane som eg har sett. Med 160 km hadde han lagt seg fint til som den 3. lengste i landet. --Frokor 21:02, 14 mars 2008 (CET)
Eg likar ikkje nemninga «ekte fjord». Eg er oppvaksen med ein fjord som fell under denne nemninga, og det var ein fjord lenge før geografane formulerte sine definisjonar. Men Vestfjorden er ikkje ein fjord i geografisk/vitskapleg tyding av ordet. -Knut 21:15, 14 mars 2008 (CET)
Nei, og det var berre det eg òg meinte. Elles så hadde eg ikkje drive på med det prosjektet eg held på med akkurat no. --Frokor 22:12, 14 mars 2008 (CET)
Kunnskapsforlaget store norske leksikon skriv at Vestfjorden er fjorden eller havstykket mellom Lofoten og Salten. Eg reknar at Salten går sør til Kunna (t.o.m. Gildeskål, men i somme samanhengar er det vanleg å rekne Rødøy og Meløy med til Salten. På Hjemmets bokforlag Det Store Norgesatlas (ISBN 82-590-0874-2) som har kart i M 1:250 000, er Vestfjorden teikna sør til Myken i Rødøy, omtrent. -Knut 09:19, 15 mars 2008 (CET)
Eg har ikkje noko grunnlag for dette, men i mitt hovud går Vestfjorden til ei line frå Skomvær til Træna og Lovund. Men då blir kanskje vel stor? stykkjet 09:58, 15 mars 2008 (CET)
Skal vi høre på Den norske los? I femte utgåva, femte bind står det i skildringa om Vestfjorden: «Vestfjorden skjærer seg inn mellom fastlandet og Lofotøyan. Grunnlinjen fra Flesjan ved Skomvær, til W-ligste holme ved Myken». Han er 35-40 nautiske mil brei og 110 mil lang etter det same kjelde skriv. Roar 15:14, 15 mars 2008 (CET)
Eg syns det høyres greit ut, og meir i tråd med det som me her i disuksjonen har hatt ei oppfating av. Me kan gå for den løysinga og føre opp Den norske los som kjelde, men kanskje også nemne at det finns andre defininsjonar (SNL og Caplex). --Frokor 16:15, 15 mars 2008 (CET)