Rødøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
For øyar med same namn sjå Rødøya.
Rødøy
Våpen Kart
Våpen Kart
Grunnleggjande opplysningar
Kommunenr: 1836
Fylke: Nordland
Administrasjonssenter: Vågaholmen
Flatevidd: 705 km²
Folketal: 1 314 (2008)
Målform: bokmål
Internettside: www.rodoy.kommune.no
Politikk
Ordførar: Olav Terje Hoff (Sp) 2007-2011

Rødøy er ein kommune i Helgeland i Nordland fylke. Han grensar i nord mot Meløy kommune, i aust mot Rana, i sør mot Lurøy kommune, og i sørvest mot Træna. Rødøy ligg innanfor Sør-Hålogaland bispedømme og Nord-Helgeland prosti. Rødøy var underlagt Salten politidistrikt, men frå 1. januar 2005 vart kommunen overført til Rana Tingrett. Hovudnæringar er jordbruk, fiske og fiskeoppdrett.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Rødøyløva
Rødøyløva

Rødøy ligg mellom Svartisen og Norskehavet, og femnar om både fastland og fleire øyar og skjer. Kommunesenteret ligg på Vågaholmen, og det er konsentrasjon av befolkning i Kila, Jektvik og Øresvik på fastlandet, og på øyane. På øyane er det mest folk på Rødøy, Gjerdøy, Storselsøy, Nordnesøy og Selsøyvik.

Det går lokalferje frå Jektvik til øyane med daglege avgangar, i tillegg til Rødøyløva (hurtiggåande båt) som trafikkerer Rødøybassenget. Rødøy er geografisk isolert frå fastlandssambandet, og ein er avhengig av ferje mellom Jektvik og Kilboghamn i sør (1t10m) og mellom Ågskardet og Forøy i nord (10m). Hurtigbåten som går dagleg mellom Sandnessjøen og Bodø, stoppar ved nokre av øyane og ved Vågaholmen.

Polarsirkelen går rett gjennom Rødøy i sør, og ein kan sjå midnattssola i juni og juli. Skjergarden med meir enn 1000 øyar og skjer egnar seg godt for båtliv. Det er mykje regn om hausten og det kan verte mykje vind. Det er få organiserte tilbod for turistar, men noko er det m.a. på Gjersvik, Kila og Nordnesøy. Rikt fugle- og dyreliv og variert natur, frå isbre via høgfjell og lier til storhav og skjergard med mange øyar.

[endre] Økonomi

Handelsnæringa i Rødøy femnar om matvarehandel på Vågaholmen, Jektvik, Rødøy, Nordnesøy, Selsøyvik og Øresvik. Rødøy kommune sysselset om lag 100 årsverk, elles er sysselsetjinga spreidd på landbruk og fiskeoppdrett, ein del aktivitet i samband med fiske og tenestar for fiskebåtar og fritidsbåtar, samt noko anna handel og tenesteyting. Rødøy er på grunn av den vanskelege geografien ei av dei mest næringssvake kommunane i landet, og er totalt avhengig av statlege overføringar. Arbeidsløysa er relativt sett ikkje svært høg, men det er fordi ungdommen for det meste må flytte for å finne seg løna arbeid. Folketalet har vore fallande siste 50 år, særleg på 1960-talet då staten betalte folk for å flytte, men også dei siste 15 åra.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Galleri

[endre] Systerprosjekt

Commons har multimedia som gjeld: Rødøy


Nordland
Helgeland: Alstahaug | Bindal | Brønnøy | Dønna | Grane | Hattfjelldal | Hemnes | Herøy | Leirfjord | Lurøy | Meløy | Nesna | Rana | Rødøy | Sømna | Træna | Vefsn | Vega | Vevelstad
Salten: Beiarn | Bodø | Fauske | Gildeskål | Hamarøy | Saltdal | Steigen | Sørfold
Ofoten: Ballangen | Evenes | Lødingen | Narvik | Tjeldsund | Tysfjord
Lofoten og Vesterålen:  Andøy |  | Flakstad | Hadsel | Moskenes | Røst | Sortland | Vestvågøy | Værøy | Vågan | Øksnes
Personlege verktøy