Dispersjon i optikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Når kvitt lys går gjennom eit prisme fører dispersjonen til at dei forskjellige fargane (med forskjellig bølgjelengd) refrakterer med forskjellige vinklar og det kvite lyset vert delt inn i regnbogefargar.

Dispersjon i optikk er eit fenomen der fasesnøggleiken til ei bølgje er avhengig av frekvensen til bølgja,[1] eller eventuelt når gruppesnøggleik er avhengig av frekvensen.

Stoff som har slike eigenskapar vert kalla dispersive stoff. Dispersjon vert stundom kalla kromatisk dispersjon for å vektlegge at han er avhengig av bølgjelengda eller gruppsnøggleiksdispersjon for å vektlegge rolla til gruppesnøggleiken.

Dispersjon vert oftast skildra for lysbølgjer, men kan opptre for alle slags bølgjer som vekselverkar med eit medium eller passerer gjennom ein inhomogen geometri (til dømes bølgjeleiar), slik som lydbølgjer. Dispersjonen til eit stoff vert målt med abbetalet, V, til stoffer, der lågt abbetal syner til kraftig dispersjon.

Døme på dispersjon[endre | endre wikiteksten]

Det vanlegaste døme på dispersjon er truleg ein regnboge, der dispersjonen fører til at det kvite lyset vert delt inn i forskjellige komponentar med forskjellige bølgjelengd (forskjellige fargar). Dispersjon har òg ein effekt i mange andre høve, som til dømes når dispersjonen fører til at pulsar vert spreidde i optisk fiber slik at signalet vert dårlegare over lange avstandar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Born, Max; Wolf, Emil (October 1999). Principles of Optics. Cambridge: Cambridge University Press. ss. 14–24. ISBN 0-521-64222-1. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dispersjon i optikk