Disputas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein disputas eller disputasjon (danna av det latinske ordet for å «utgreie» eller «undersøke») er ein offentleg diskusjon om eit gitt tema. Disputas er i vår tid først og fremst eit ope arrangement der ein kandidat (doktorand) ved eit universitet eller ein høgskule presenterer og forsvarar si ferdige doktorgradsavhandling overfor kritiske fagopponentar for å oppnå ei doktorgrad, det vil seie den høgaste akademiske grada.

Historisk var disputasar ved universiteta i form av angrep på og forsvar for teser, retoriske øvingar som ofte gjekk føre seg på latin, som for eksempel under disputasen i Leipzig.

Å disputere vil seie å forsvare ei vitskapleg avhandling for å ta doktorgraden.

Doktorgradsdisputas[endre | endre wikiteksten]

I dag blir disputas vanlegvis brukt om ein del av prosessen med å få tildelt ei doktorgrad ved eit universitet eller ein høgskule. Før disputasen har kandidaten levert inn ei avhandling, vanlegvis i form av ein monografi eller ei serie publiserte vitskaplege artiklar som er knytte saman av eit teoretisk samandrag. Ein komite oppnemnt av fakultetet vurderer så om avhandlinga er verdig til å bli forsvart for den aktuelle grada i ein disputas.

Viss avhandlinga blir godkjend i første omgang er neste trinn at kandidaten for doktorgrada (doktoranden) må forsvare avhandlinga i eit offentleg møte leia av dekanus for fakultet eller ein representant for denne mot (i Noreg vanlegvis to) fakultetsoppnemnde opponentar. Opponentane er normalt medlemmar i den komiteen som vurderte avhandlinga i første trinn av prosessen og som blir sett på som ekspertar på i alle fall delar av det som avhandlinga handlar om. Det er også ganske vanleg med eit skilje i roller mellom dei to opponentane, der førsteopponenten har som oppgåve å sjå på og eksaminere doktoranden om dei overordna aspekta ved avhandlinga, medan andreopponenten konsentrerer seg om detaljar. Etter at disputasen er avslutta blir det formelt avgjort om avhandlinga er godkjend og om den aktuelle grada kan tildelast.

Det sentrale elementet i det å oppnå ei akademisk grad på doktorgradsnivå er ei form for avhandling som blir vurdert av fagfellar med omsyn til omfang, nivå og kvalitet. Detaljar med omsyn til godkjenning av ei avhandling og gjennomføringa av sjølve disputasen varierer frå universitet til universitet, men er vanlegvis ganske konstant for universiteta innan eit land.