Djupford II kraftverk

Koordinatar: 68°35′11.76″N 15°30′51.73″E / 68.5866000°N 15.5143694°E / 68.5866000; 15.5143694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Djupfjord II kraftverk er eit vasskraftverk ved Storvatnet i Sortland kommune i Nordland fylke.

Kraftverket nyttar eit fall på 103 meter frå Øvre Blokkenvatn til Storvatnet. Øvre Blokkenvatn er regulert mellom 261 og 24 moh. Det er òg henta inn vatn frå Breibarnsvatnan.

Produksjonen starta i 1957. Det er installert ein turbin på 2.7 MW. Middels årsproduksjon er på 9 GWh.

Etter at vatnet har vore brukt i verket, vert det leia ut i Storvatnet som er magasin for Djupfjord I kraftverk.

Kraftverket er eigd av Vesterålskraft produksjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

68°35′11.76″N 15°30′51.73″E / 68.5866000°N 15.5143694°E / 68.5866000; 15.5143694