Dobbeltbryting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Forskyving av lysstrålar med perpendikulær polarisasjon gjennom eit dobbeltbrytande material.
Eit kalsittkrystall over eit grafpapir med blå linjer som syner dobbelbrytinga.

Dobbelbryting er ein optisk eigenskap ved eit stoff som har ein brytingsindeks som er avhengig av polarisasjonen og forplantingsretninga til lys.[1] Desse optiske anisoptrope materiale er sagt å vere dobbeltbrytande. Dobbelbrytinga vert ofte kvantisert som den største skilnaden mellom brytingsindeksane som materialet viser. Krystall med asymmetrisk krystallstruktur er ofte dobbeltbrytande, i tillegg til platikk under mekanisk stress.

Dobbelbryting er opphavleg til fenomenet dobbel refraksjon der ein stråle med lys, som fell på eit dobbeltbrytande material, vert delt av polarisasjonen i to strålar som tar ein litt forskjellig veg. Denne effekten vart først skildra av den danske vitskapsmannen Rasmus Bartholin i 1669, som observerte det[2] i kalsitt, eit krystall som har ein av dei kraftigaste dobbelbrytingane. Det var likevel først på 1800-talet at Augustin-Jean Fresnel korrekt skildra fenomenet i form av polarisasjon og forstod lys som komponentar i eit bølgjefelt i transverse polarisasjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Olympus Microscopy Resource Center». Olympus America Inc.. http://www.olympusmicro.com/primer/lightandcolor/birefringence.html. Henta 2011-11-13. 
  2. Erasmus Bartholin, Experimenta crystalli islandici disdiaclastici quibus mira & infolita refractio detegitur [Experiments on birefringent Icelandic crystal through which is detected a remarkable and unique refraction] (København i Danmark: Daniel Paulli, 1669). Sjå òg: Erasmus Bartholin (1. januar 1670) "An account of sundry experiments made and communicated by that learn'd mathematician, Dr. Erasmus Bartholin, upon a chrystal-like body, sent to him out of Island," Philosophical Transactions of the Royal Society of London, vol. 5, pages 2039-2048.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dobbeltbryting