Doketisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Doketisme (av gr. δοκέω [dokeō], 'å syne som') er innan kristendommen trua på at den fysiske kroppen til Jesus var ein illusjon, og at det same gjeld for krossfestinga; at Jesus berre såg ut til å ha ein fysisk kropp og berre såg ut til å døy fysisk, men at han i røynda var inkorporal; ei rein ånd, og at han difor ikkje kunne døy fysisk. Denne trua tolkar setninga «Ordet vart kjøt» (Joh 1,14) reint biletleg. Doketismen har historisk vorte sett på som kjettersk av dei fleste kristne teologar og kyrkjesamfunn.[1][2]

Kristologi og teologiske implikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Den doketiske trua er ofte knytt til gnostikarane. Dei trudde hovudsakleg at materien er vond, og at eit resultat av dette var at Gud aldri ville ta på seg noko materiell kropp. Dette er knytt til tanken om at den «guddomlege gnisten» er fanga i den materielle kroppen, og at den materielle kroppen sjølv er eit hinder for oss; medvite skapt av ein vond, lågare gud demiurgen for å hindre at mennesket skal kunna nå sitt guddomlege opphav.

Doketismen kan vidare verta forklart ved ideen at sidan den menneskelege kroppen er mellombels og ånda er æveleg, så må både Jesu kropp og krossfestinga ha vore ein illusjon. Denne tanken om at den menneskelege kroppen berre er mellombels ha ein tendens til å fjerne grunnlaget for trua på oppstoda åt dei døde, og på det gode i den skapte materien. Doketismen er difor i opposisjon til ortodoks kristendom.

Doketisme var ei tidleg form for kristendom, og vart utvikla rundt år 70 e.Kr. Den var oftast famna av gnostiske sekter.[3] Doketismen sitt opphav innan kristendommen er obskure, og det har vorte argumentert for at opphavet (eller opphava) var innan heterodoks jødedom eller visse former for orientalsk og gresk filosofi.[4] Einskilde bøker i det nye testamentet fordømer doketistiske læresetningar, og dei tidlege vedkjenningane vart utvikla for å gå mot doketistiske idear.[5] I det fyrste hundreåret utvikla gnostiske grupperingar einskilde doketistiske tolkingar av kristendommen, delvis for å gjere kristendommen meir akseptabel for heidenske tankar omkring det guddomlege.[4] Doketismen døydde hovudsakleg ut ein gong i det fyrste tusenåret e.Kr. Einskilde gnostiske rørsler som overlevde utover den tida, slik som katarane, haldt fast på delar av doketismen, men vart slått ned av det albigensianske krosstoget (1209–1229).

Ignatius av Antiokia skreiv mot doketismeen rundt år 110 e.Kr. i sitt brev til smyrnarane. I 7,1 skreiv han: «Dei [doketistane] held seg borte frå nattverden og bøna fordi dei ikkje vedkjenner at nattverden er vår frelsar Jesu kristi kjøt som har lidd for våre synder si skuld, det som Faderen i sin venleik har reist opp. Så vil dei som seier imot Guds gåve omkomma i sine stridslystne diskusjonar.»[6] Sidan eit av «dogma» til doketistane var at Jesu kropp var ein illusjon, kunne ikkje doketistane akseptere at brødet og vinen i evkaristien vart Kristi sanne kropp/kjøt og blod. Andre detaljerte kritikkar vart gjeve av Irenæus og Tertullian.

Earl Doherty og Timothy Freke har meint at doketisme kom frå noneksistens-hypotesen.

Tekstar som inkluderer doketisme[endre | endre wikiteksten]

Ikkje-kanoniske kristne tekstar[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. newadvent.org
  2. Peter Kreeft, Everything you ever wanted to know about heaven-- but never dreamed of asking, http://books.google.com/books?id=qVqJetnPT4QC&pg=PA25 
  3. Strong, A.H. Systematic Theology. 1907
  4. 4,0 4,1 Paul L. Gavrilyuk (20 May 2004). The suffering of the impassible God: the dialectics of patristic thought. Oxford University Press. ss. 80–. ISBN 9780199269822. 
  5. Justo L. González (15 April 2005). Essential theological terms. Westminster John Knox Press. ss. 46–. ISBN 9780664228101. 
  6. Omsett frå bokmål, Ernst Baasland & Reidar Hvalvik (red.). De apostoliske fedre.. I norsk omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Luther forlag. ss. 67. ISBN 8253174047. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Docetae in the Catholic Encyclopedia