Domenico Mazzocchi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Domenico Mazzocchi
Fødd1592
FødestadCivita Castellana
Død21. januar 1665 (72 år)
DødsstadRoma
Sjangeropera
Verka somkomponist

Domenico Mazzocchi (159221. januar 1665) var ein italiensk barokkomponist.

Mazzocchi kan ha vore elev av Giovanni Bernardino Nanino. I 1640 var Mazzocchi i teneste hjå kardinal Ippolito Aldobrandini, ein grandnevø av pave Klemens VIII i Roma. Takka vera støtta til kardinalen levde Mazzocchi i stor luksus.

Domenico Mazzocchi fekk noko å seia for utviklinga av ein eigen romersk opera. Dei trykte verka hans er blant dei fyrste som tek i bruk dynamiske nemningar som crescendo, diminuendo og messa di voce .

Broren hans Virgilio Mazzocchi (1597–1646) var musikar og komponist i Vatikanet.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • femstemmige madrigalar (Roma, 1638)
  • operaen La catena d'Adone (Roma, 1626)
  • 1 italiensk oratorium (Coro di profeti, 1638)
  • 7 latinske oratorium
  • 2 samlingar med ariar (Dialoghi et sonetti)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]