Oratorium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit oratorium, av italiensk oratorio, eigentleg 'bønnesal', er eit episk-dramatisk musikkverk komponert for solostemmar, kor og orkester. Teksten i eit oratorium har oftast religiøst innhald, og kan vere henta direkte frå Bibelen eller gjendikta i poetisk form.

Klassiske oratorium er ikkje skrive for scenisk bruk, og for å bøte på dette, kan dei ha ein forteljar (italiensk testo) som referer handlinga.

Oratoriet oppstod i Italia og har røter i religiøse madrigalar og laudes som vart sette opp som eit motreformatorisk initativ, først av Filippo Neri i Congregazione dei preti dell' Oratorio ('samanslutninga for bønesalprestane') på 1500-talet. Desse oppsetningane følgde ikkje kyrkjeleg liturgi, og dei vart framførte på folkespråket. Omkring 1640 vart oratorium nytta som nemning for musikkverk, anten som oratorium vulgare, med italiensk tekst, eller som oratorium latinolatin.

Bach komponerte fleire vokalverk med karakter av oratorium, som «Johannespasjonen» og «Matteuspasjonen», men det einaste verket han sjølv karakteriserte som oratorium, var samlinga på seks kantatar for juletida, kjent under namnet «Juleoratoriet»

På 1700-talet komponerte Händel ei rekkje oratorium med engelsk tekst og handling henta frå Det gamle testamentet. Han komponerte òg oratorium med handling frå gresk antikk og mytologi. Det mest kjene oratoriet hans er «Messias», som forkynner den kristne forsoningslæra.

I England utvikla oratoriet seg vidare på 1800-talet gjennom Felix Mendelssohns oratorium «Paulus» (1836) og «Elias» (1846).

Fram mot vår tid er det komponert oratorium som ligg i grenselandet mot sceniske verk, t.d. med innslag av dansescenar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]