Dragon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dragon er opphavleg ein soldat som bevegar seg til slagmarka til hest, men stig av for å slåst. I Noreg skulle ein eller fleire gardar, kalla dragonkvarter eller utrederkvarter, stille ein ryttar med hest og utrusting til kavaleriteneste. Ein dragon var altså ein kavalerist som var utstyrt for å kjempe til fots, som ein infanterist.

Frå 1768 hadde Noreg 4 regiment bygd opp med dragonar: 1., 2. og 3. Søndenfjelske dragonregiment og Nordenfjelske dragonregiment.

Seinare blei dragon brukt om ein soldat i middelstungt kavaleri.

I Noreg i dag er ein dragon ein meinig i kavaleriet.

Dragonar ber ein svart beret.

Spire Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.