Regiment

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit regiment (frå latin regimentum, styre) er ein stor militær organisasjon. Omgrepet blir i dag brukt i to ulike tydingar; som operativ avdeling og som administrativ avdeling.

Regiment som administrativ avdeling[endre | endre wikiteksten]

Administrativ Operativ
Korps Divisjon
Regiment Brigade
Bataljon
Kompani

Eit regiment i tydinga administrativ avdeling er den grunnleggande eininga i ein armé. Dei eldste nasjonale armeane oppstod ved ei samling av sjølvstendige regiment, som var spreidd over store geografiske område. For lettare å kunne administrere alle regimenta, blei regiment med same spesialitet samla i korps (våpenartar).

Administrative regiment kan ha lange tradisjoner, ofte med ei fleire hundre år gamal historie, og det blir ofte lagt mykje vekt på å bere tradisjonane vidare.

Administrative regiment består av fleire operative avdelingar. Eit infanteriregiment består typisk av 3 bataljonar, eit kavaleriregiment av 3–6 eskadronar og eit feltartilleriregiment av 2–4 bataljonar. Det finst mange unntak frå dette; infanteriregimentet Royal Australian Regiment består av 6 bataljonar, medan Royal Highland Fusiliers berre består av éin bataljon. Det er dessuten ikkje uvanleg at regimenta i tillegg til dei operative avdelingane har ei musikkavdeling (trompeterkorps, fløytekorps, sekkepipekorps e.l.) og ein eigen reserveavdeling.

I Storbritannia og land med britiske tradisjoner er det denne tydningen av regiment som blir nytta. I den amerikanske hæren er regiment tradisjonsbærarar ved at alle bataljonar høyrer til eit regiment, men regiment har ingen funksjon utover dette. Omgrepet regiment blir likevel av historiske årsaker nytta som namn på nokre operative avdelingar i panservåpenet (armored cavalry regiment) og hærens flyvåpen (aviation regiment)).

I Noreg har regiment tidlegare vore nytta som namn på operative avdelingar med eit geografisk ansvar innan Noreg (sjå under), men Forsvarssjefen har foreslått at omgrepet blir innført på nytt i tydinga administrativ avdeling, der kvart regiment blir leia av ein fagsjef.

Regiment som operativ avdeling[endre | endre wikiteksten]

Eit infanteriregiment, her 3. infanteriregiment slik dette blir vist på feltkart

Eit regiment i tydinga operativ avdeling kan vere på nivå med bataljon eller brigade. I marinekorpset til USA, er eit regiment ein manøverbrigade, altså ein brigade i ein divisjon.

I Noreg var regimenta tidlegare operative avdelingar som hadde ansvar for forsvaret av eit geografisk område i Noreg. Men regimentet si rolle endra seg etter kvart. Noreg hadde regiment i krigsoppsettinga fram til Telemark Regiment, på Heistadmoen, som det siste regimentet blei lagt ned 31. desember 2002. Etter at omgreptet regiment var faset ut, stod Noreg igjen som eit av svært få land som ikkje nytta denne organisasjonsforma for hæren. Forsvarssjefen har foreslått å gjeninnføre omgrepet som administrativ avdeling (sjå over).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]