Duke Ellington
Edward Kennedy «Duke» Ellington (29. april 1899–24. mai 1974) var ein amerikansk jazzkomponist, pianist og orkesterleiar. Ellington er ein av dei mest betydningsfylle personlegdomane innan jazzen si historie. Sjølv kalla han musikken han spela «amerikansk musikk».
Liv[endre]
Barndom[endre]
Duke Ellington vart fødd i Washington, D.C. den 29. april 1899 . Foreldra hans, James Edward Ellington og Daisy Kennedy Ellington spela begge piano og sørga for at sonen fekk pianoundervisning frå han var 7 år. På den tida var han meir interesert i baseball enn musikk. i sjølvbiografien Music is my mistress frå 1973 hevdar Ellington å ha gå glipp av fleire pianotimar enn dei han tok. Han følte pianospeling ikkje var talentet hans. Etter kvart forandra den haldninga til musikken seg. I ein alder av fjorten, sneik han seg inn på «Frank Holiday's Poolroom» der han etter å ha høyrt andre spele piano, fekk ei ny glød for instrumentet og tok pianoundervisninga meir seriøst.