Dundee United

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dundee United Football Club er ein fotballklubb i Dundee i Skottland. Klubben vart stifta i 1909 under namnet Dundee Hibernian, dagens klubbnamn har ein hatt sidan 1923. Dundee United var mellom laga som i 1988 grunnla 'Scottish Premier League', og har sidan i alle år delteke i toppdivisjonen.

Dundee United vart skotske seriemeistrar i 1983, og nådde sesongen etter fram til semifinalane i Europacupen. Tre år seinare spela klubben seg til finalane i UEFA-cupen, der vart tap mot den svenske klubben IFK Göteborg. Elles har Dundee United vunne den skotske cupfinalen to gongar, 1994 og 2010, og den skotske ligacupen to år på rad; 1980 og 1981.

Klubben har heilt sidan stiftinga spela heimekampane på Tannadice Park, i dag med plass til vel 14 200 tilskodarar. Laget spelar i mørkt oransjefarga trøyer og strømper, samt svarte bukser.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]