Dysna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dysna
Dysna i Kviterusslkan Belarus, near Dzisna town
Dysna i Kviterusslkan Belarus, near Dzisna town
Utspring Ignalina kommune
Munning Daugava
Land i nedslagsfelt Litauen, Kviterussland
Lengd 176 km
Middelvassføring 3,59 m³/s
Nedslagsfelt 8 193 km²

Dysna (russisk Дисна, Disna) er ei elv i Litauen og Kviterussland og ei av sideelvane til Daugava nær byen Dzisna.

Elva spring ut frå innsjøen Parsvėtas, nær Dūkštas i Ignalina kommune. Ho renn gjennom innsjøane Dysnai og Dysnykštis. Nær Kačergiškės snur ho austover og i 39 km renn ho langs grensa mellom dei to landa. Lengda hennar i Litauen åleine er 17 km. Ein av innsjøane i nedslagsfeltet er Drūkšiai som gjev vatn til Ignalina atomkraftverk.

Dei største sideelvane hennar er Birvėta, Golbitsa, Janka, Berezovka og Mnuta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]