EMI
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
EMI er eit større plateselskap med hovudkontor i Hammersmith, London. Det opererer i meir enn 25 land over heile verda. Selskapet blei oppretta som Electrical and Music Industries Ltd i mars 1931, og var ei samanslåing av Columbia Graphophone Company og Gramophone Company/HMV. I 1955 kjøpte EMI opp Capitol Records, og kom seg på den måten inn på det amerikanske markedet.