Edderkoppen Scene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Edderkoppen teater)
Edderkoppen Scene

Kart
Edderkoppen Scene
59°55′05″N 10°44′23″E / 59.918075°N 10.73969167°E / 59.918075; 10.73969167

Edderkoppen Scene, tidlegare kjend som revyteateret Edderkoppen teater og ABC-teatret, er ein møte- og eventscene ved St. Olavs plass i sentrum av Oslo. Scenen er driven som del av hotellet Scandic St. Olavs plass.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1942 overtok Leif Juster Søilen Teater i Keysers gate i Oslo. Den fyrste revyen til teateret, Saker og ting, hadde premiere 3. september same året. Det viste seg at teatersalongen var for liten, og i 1945 flytta Edderkoppen til eit teaterlokale på St. Olavs plass. Dette teaterlokalet var eigentleg bygd for Det Norske Teatret, men då krigen slutta, blei lokalet der tyskarane hadde drive Deutsches Theater ledig (opphavleg Casino Teater), og Det Norske Teatret flytta dit. Juster dreiv Edderkoppen revyteater til teateret gjekk konkurs i 1966. Einar Schanke overtok lokala i 1967, og teateret skifta namn til ABC-teatret. Under Schanke heldt revytradisjonen fram ved teateret. I 1992 døydde Einar Schanke, og Tom Sterri, Ketil Aamodt og Anders Moland overtok teatersalongen.

Lille julaftan 1999 blei teateret totalskadd etter ein kraftig eksplosjon. Eit egiedomselskap som åtte eit hotell i nærleiken kjøpte eigedommen. Selskapet forplikta seg til å byggja opp att teateret, med ein bygning som skulle vera minst like stor som den gamle. Hausten 2003 var gjenoppbygginga ferdig, og teateret fekk det opphavlege namnet sitt tilbake, Edderkoppen Teater.

Etter 11 års drift stengde teateret desember 2014 for renovering. Etter omfattande ombygging opna scena i mai 2016 med ein vesentleg reduksjon i publikumskapasitet, frå 600 til 345. Begge balkongane var no fjerna frå salen, og innlemma i hotellet for konferansebruk. Namnet blei også endra til Edderkoppen Scene.

Edderkoppen Scene er i dag ein fleirbrukssal som primært er tilpassa event- og konferansebruk, men ein har framleis tidvis framsyningar som passar for ein mindre sal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Edderkoppen Scene