Det Norske Teatret
Det Norske Teatret er eit teater som spelar på nynorsk og norske målføre. Teatret ligg i Oslo og vart skipa den 22. november 1912 med Hulda Garborg som styreformann.
2. januar 1913 hadde teatret si første framsyning i Kristiansand før dei la ut på spelferd.6. oktober 1913 hadde det si fyrste framsyning i Oslo. Det var Jeppe på Berget av Ludvig Holberg, omsett av Arne Garborg. Opninga skjedde med kong Håkon 7. til stades. Framsyningane etterpå var prega av teaterslag i gata utanfor teatret, der riksmålsungdomar prøvde å få stogga framsyningane. Noko det same hende i 1948, då teatret framførde Peer Gynt i nynorsk omsetjing med musikk av Harald Sæverud.
Dei fyrste åra heldt teatret hus i Teatersalen hjå Bondeungdomslaget i Oslo i Rosenkrantz gt 8, sidan flytte det til Stortingsgata 16. Der heldt det hus til det fekk eit nytt bygg i Kristian IVs gate i 1985.
Teatret er særleg kjend for å spele musikkspel, dei største suksessane gjennom tidene har vori Les Misérables, Cats, Piaf, Jesus Christ Superstar og Next to Normal. Teatret har også gjeve ut cd-ar, til dømes Så lenge skuta kan gå som det vann Spellemannprisen i open klasse med i 1979.
Som det einaste større teatret i Noreg er Det Norske Teatret privat ått, av lutlaget Det Norske Teatret LL. Sidan staten gjev om lag 100 millionar kr i årleg tilskot peikar staten ut tre av fem valde styremedlemer, medan årsmøtet fritt vel to medlemer. Dei tilsette har to medlemer i styret.
Bondeungdomslaget i Oslo er største eigar, elles eig mållag og ungdomslag over heile landet og mange privatpersonar luter i teatret.
Teatersjef er Erik Ulfsby.
[endre] Teatersjefar
- 1912–1915 Rasmus Rasmussen
- 1915–1916 Amund Rydland
- 1916–1917 Anton Heiberg/Amund Rydland
- 1917–1918 Amund Rydland
- 1918–1920 Sigurd Eldegard/Amund Rydland
- 1920–1922 Amund Rydland
- 1922–1933 Ingjald Haaland
- 1933–1934 Hans Jacob Nilsen
- 1934–1936 Oscar Braaten
- 1936–1942 Knut Hergel
- 1942–1945 Cally Monrad
- 1945–1946 Knut Hergel
- 1946–1950 Hans Jacob Nilsen
- 1950–1951 Edvard Drabløs
- 1951–1953 Ole Gregor Liljedahl Barman
- 1953–1961 Nils Sletbak
- 1961–1975 Tormod Skagestad
- 1975–1976 Svein Erik Brodal
- 1976–1979 Tormod Skagestad
- 1979–1990 Svein Erik Brodal
- 1990–1997 Otto Homlung
- 1997–2010 Vidar Sandem
- 2011– Erik Ulfsby