Edme Mariotte
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edmé Mariotte (ca. 1624–12. mai 1684) var ein fransk fysikar.
Han var først prior i eit kloster ved Dijon, og vart i 1666 medlem av Det franske vitskapsakademiet i Paris. Han fann, uahengig av Boyle, den lova som sidan har vorte kalla Boyle-Mariotte-lova. Han gav ein form for barometrisk høgdemåling, fann opp Mariotte-flaska, påviste blindeflekken på auga, undersøkte væskestraumar gjennom røyr, støyt mellom elastiske lekamar og gjorde viktige studiar av atmosfæriske forhold, som vasskrinslaupet.
Kjelder[endre]
- Edmé Mariotte. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Edm%C3%A9_Mariotte