Edvard Grieg Museum Troldhaugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grieg fekk bygd Troldhaugen i Bergen, og budde der frå 1885 til han døydde i 1907.
Foto: Andreas Sandberg

Edvard Grieg Museum Troldhaugen vart grunnlagt som Troldhaugen – Edvard og Nina Griegs heim i 1928. Troldhaugen ligg i Troldhaugveien 65 på Hop i Fana bydel i Bergen. Bygningen ligg vent plassert på ei høgd ved Nordåsvannet. Museet omfattar Griegs villa Troldhaugen frå 1885, Komponisthytten, Edvard og Nina Griegs gravsted, kammermusikksalen Troldsalen frå 1985, og eit museumsbygg frå 1995. Museet har òg administrert Siljustøl Museum sidan 1997. Frå 2007 vart Troldhaugen konsolidert med Museet Lysøen, Vestlandske Kunstindustrimuseum og Bergen kunstmuseum under namnet Kunstmuseene i Bergen.

Bygningen [endre]

Troldhaugen var heimen til Edvard Grieg frå april 1885 til han døydde i 1907. Grieg budde på Troldhaugen med kona si, Nina Hagerup når han var heime i Noreg, for det meste om somrane. Asken etter ekteparet ligg i ei grav inne i fjellet under Troldhaugen. Edvard Grieg var den sjuande personen som vart kremert i Noreg.

Edvard Grieg kalla sjølv bygningen «mitt beste opus hittil», sjølv om han vart teikna av fetteren hans, arkitekten Schak August Steenberg Bull. Bygningen er teikna i historisme. Han er ein typisk trevilla frå det 19. århundre med panoramatårn og ein stor veranda. Uvanleg for den tida var dei store vindauga, som Grieg ynskte for å få mykje ljos og luft inn i huset. Dette medførde at bustaden var kald om vinteren, men på denne årstiden var ekteparet likevel som oftast ute og reiste.

Det var Nina som foreslo namnet Troldhaugen, fordi huset ligg på haugen ved sida av Trolddalen.

I 1921 teikna arkitekt Ole Landmark ein ny bustad på Troldhaugen etter oppdrag av Einar Grieg, son av Edvard Griegs nevø, konsul Joachim Grieg. Landmarks forslag, som var i mur og minte om baroniet i Rosendal, føresette riving av Edvard Griegs Troldhaugen, men i staden vart dette donert til Fana kommune av Joachim Grieg. Frå 1928 vart det museum, men Landmarks teikningar til det nye Troldhaugen er oppbevart hos Bergen byarkiv.

Museum [endre]

Troldhaugen er i dag eit museum. I tillegg til Griegs villa er hans vesle komponisthytte verna. I 1985 vart det oppført ein eigen konsertsal, Troldsalen, teikna av Peter Helland-Hansen og Sverre Lied. I 1995 fekk ein òg eit eige museumsbygg, teikna av arkitektgruppen Cubus, med ei fast utstilling om Edvard Griegs liv og musikk, og dessutan butikk og restaurant. Museet har kvart år sidan 1972 delt ut Griegprisen til ein norsk musikar eller musikkforsker. Museet driv ein utstrakt konsertvirksomhet, med daglege konsertar i juni, juli og august og dessutan matinéekonserter kvar sundag i september. Festspillene i Bergen arrangerer konsertar i Troldsalen og i sjølve villaen i festspilltiden.

Komponisthytten [endre]

Grieg var ikkje nøgt med arbeidsroen i villaen, der det stadig var besøk og støy frå kjøkkenet. I 1891 fekk han difor oppført ei lita hytte nede ved, og med utsikt over, Nordåsvannet, der han kunne få arbeide i fred. Hytta er innredet med ein skrivepult, vedfyringsovn, divan, gyngestol, bokhyller og eit Brørne Pianoa-til hal.

På stolen føre pianoet brukte den 152 centimeter lange Grieg ei tjukk bok for å nå opp til klaviaturet. Boka var ingen annan enn Beethovens 32 sonatar i Ignaz Moscheles', Griegs lærer i Leipzig, utgåve.

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.