Fana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over bydelane i Bergen.
Sjå òg Fana i Mali

Fana er ein bydel i Bergen, med om lag 37 000 innbyggjarar (2010)[1]. Fram til 1. januar 1972 var han ein eigen kommune, som vart slått saman med Bergen kommune 1. januar 1972, saman med Arna, Laksevåg og Åsane. Han hadde då 44 402 innbyggjarar. Fana er med sine 176,5 km² den geografisk største bydelen i Bergen, og den av bydelane som har mest jordbruk att, samstundes som han er bydelen med størst folkevekst.

Nesttun var kommunesenter fram til samanslåinga, og sidan bydelssenter fram til bydelsadministrasjonen blei nedlagt sommaren 2004.

Verd å vitja[endre | endre wikiteksten]

Fana kommune før 1972[endre | endre wikiteksten]

Fana kommune omfatta òg dagens Ytrebygda bydel og delar av dagens Årstad bydel. Dagens Fyllingsdalen bydel var del av Fana kommune fram til 1955. Fana var den mest folkerike kommunen i Hordaland før dei store kommunesamanslåingane på 1960- og 1970-talet.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Fana kommune frå 1920 til 1972:

1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1971[4]
11595a, b 14476a, b 20183a, b 22886a, b 33703b 44059
aTalet omfattar Fyllingsdalen, som vart overført til Bergen i 1955. Området hadde då 1590 innbyggjarar.
bTalet omfattar eit område som vart overført til Bergen i 1966. Området hadde då 4 innbyggjarar.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fana
  1. Bergen kommune sine nettsider
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 4,2 Folkemengde i Fana 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå