Edvard Johannessen Meisfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edvard Johannessen Meisfjord
Fødd 10. juni 1837
Død

15. juli 1914 (77 år)

Yrke bonde

Edvard Martinus Johannessen Meisfjord (10. juni 183715. juli 1914) var ein norsk fiskar og gardbrukar frå Leirfjord i Nordland.

Meisfjord tok over farsgarden og dreiv denne. I tillegg dreiv han fiske og var ein føregangsmann i fiskeria. Saman med Erik Iversen Flatmo framskapte han over tid ein ny seglbåttype som fekk mykje å seie i utviklinga av den moderne fiskekutteren. Meisfjord vert også rekna som han som fann opp og konstruerte garnspelet.

Gardbrukaren Meisfjord arbeidde iherdig for skogsaka i heimbygda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1958