Egilssoga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Egill Skallagrímsson

Egilssoga eller Egils saga er ei islandsk ættesoge, eller ei islendingesoge. Andre namn på soga er «Egils saga Skalla-Grímssonar» og «Egla». Hovudpersonen i Egilssoga er hovdingen og skalden Egil Skallagrimson, som levde på 900-talet. Egilssoga fylgjer Egil gjennom livet. I tillegg møter ein ei heil rekke med personar som anten er i slekt med Egil eller som han møter i strid eller venskap. Kring 400 personar er omtala i Egilssoga. Mange av desse er med av di det er viktig kven folk slektar på, eller er i ætt med.

Snorre Sturlason skal om lag år 1230 ha skrive ned Egilssoga. Egilssoga er rekna som ei av dei beste sogene, og er óg ei av dei lengste.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]