Eileen Collins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eileen Collins.

Eileen Marie Collins (fødd 19. november 1956) er ein tidlegare amerikansk astronaut, samt pensjonert oberst i United States Air Force. Collins er den første kvinnelege pilot og kommandør av ei romferje.

Collins vart fødd i byen Elmira i delstaten New York. Ho vart vald ut som astronaut av NASA i 1990, og fullførde treninga eit år etter.

Collins første reise til verdsrommet var den 3. februar 1995 om bord romferja DiscoverySTS-63. Som pilot skulle Collins fly Discovery i nærleiken av den sovjetiskbygde romstasjonen Mir for å førebu kommande samankoplingar mellom Mir og dei amerikanske romferjene i framtida. Collins var og pilot om bord AtlantisSTS-84 i 1997. Denne gongen kopla dei to fartøya seg saman.

I 1999 vart ho utnemnd som kommandør på STS-93 då romferja Columbia skulle utplasserte Chandra X-ray Observatory. Då den same romferja brann opp i 2003 og sette heile det amerikanske romferjeprogrammet på bakken i to og eit halvt år, var det Collins som var kommandør då STS-114 og Discovery markerte den første av dei to "return to flight" ferdene med å bringe nye forsyningar til den internasjonale romstasjonen, samt teste ut nye sikkerheitsprosedyrer for romferjeferdene.

Den 1. mai 2006 kunngjorde Eileen Collins at ho pensjonerte seg frå NASA for å få meir tid til familien.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]