Romferje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den amerikanske romferja «Discovery» på veg til verdsrommet under STS-120, den 23. oktober 2007.

Ei romferje er eit fartøy som er konstruert for bemanna reiser til verdsrommet. Dei vert skotne opp vertikalt slik som rakettar, men landar horisontalt som eit fly.

Når ein talar om romferjer er det som regel dei amerikanske romferjene ein snakkar om. Den dåverande Sovjetunionen konstruerte romferja «Buran» som opphaldt seg tre timar i verdsrommet under si første og einaste testflyging. Romferja «Pitsjka» og tre ikkje namngjevne fartøy vart aldri ferdigkonstruerte før Sovjetunionen braut saman i 1991. Den europeiske romfartsorganisasjonen ESA planla ei romferje kalla «Hermes», men kansellerte seinare prosjektet ettersom ein ville satse på fjernstyrd utforsking av verdsrommet med romsondar og heller samarbeide med NASA og Russland om oppsending av ESA sine astronautar.

Den amerikanske romfartsprogrammet vart starta i 1970 åra ettersom ein meinte ein ville vere i stand til å drive romferder hyppigare og meir kostnadseffektiv enn med tradisjonelle eingongs bererakettar, som til då var einaste alternativet til å kome ut i verdsrommet. Den første gongen ei romferje vart skoten opp var «Columbia» den 12. april 1981. Dette var på dagen 20 år etter historia si første bemanna romferd nokonsinne, med Vostok 1.

Romferjene viste seg snart å ikkje svare til dei opphavlege forventningane, dei er dyrare i drift og tar lenger tid å overhale mellom kvar ferd enn kva ein hadde rekna med. Etter «Challenger»-ulykka vert romferjene ikkje lenger nytta til utskytingsoppdrag der ein i staden kan nytte ubemanna eingongs bererakettar. Sidan romferja «Columbia» og gjekk tapt har NASA arbeida med eit nytt fartøy som skal kunne ta over romferjeprogrammet i 2010. Forutan ei siste ferd til romteleskopet Hubble er alle framtidige ferder med romferjene konsentrert om å få ferdig den internasjonale romstasjonen.