Eininga henry
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein spole.
Henry er ei avleidd SI-eining for måling av induktans. Symbolet for henry er H.
Henry uttrykt med grunnleggjande SI-einingar:

Dersom straumen i ein krets endrar seg med 1 ampere per sekund og den resulterande elektromotoriske spenninga er 1 volt, så vil induktansen til kretsen vere 1 henry.
Eininga har fått namn etter vitskapsmannen Joseph Henry.
|
|
|
|---|---|
| ampere – becquerel – candela – grader celsius – gray – coulomb – farad – henry – hertz – joule – katal – kelvin – kilogram – lumen – lux – meter – mol – newton – ohm – pascal – radian – sekund – siemens – sievert – steradian – tesla – volt – watt – weber |