SI-systemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

SI-systemet (frå fransk: Système International d'Unités) er det internasjonale systemet for måleiningar. Formålet med systemet er å danne ein standard einingar som kan nyttast til vitskaplege, tekniske såvel som kvardagslege målingar.

SI er bygd opp av sju fysisk definerte grunneiningar og to geometrisk definerte supplementseiningar. Desse har ein så kombinert til ulike avleia einingar.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

SI-systemet vart oppretta i 1960 av Generalkonferansen for mål og vekt i Paris og er utforma av den internasjonale komiteen for mål og vekt (CGPM). Systemet er ei vidareføring av MKSA-systemet (metersystemet) som vart tilrådd i 1948 for bruk i alle land som hadde vedteke meterkonvensjonen. Det er dette systemet som med nokre endringar og tillegg har blitt til SI-måleeiningar. SI-systemet vart innført i Noreg ved kongeleg resolusjon av 19. juni 1977.

SI-systemet skriv seg frå ikring 1640. Franske vitskapsfolk utforma det, og spreidde seg med den franske revolusjonen i 1789. Systemet forsøkte å definere einingar på ikkje-vilrkårleg vis, og dette passa godt, sidan folkevett stod sentralt til ideen for revolusjonen.

I Noreg vart systemet vedteke ved lov 22. mai 1875, og kjend gyldig frå 1. juli 1882. I Danmark ved lov 4. mai 1907, kjend gyldig frå 1. april 1916, Sverige ved lov 22. november 1878 kjend gyldig frå 1. januar 1889, og Finland ved lov 16. juli 1886 kjend gyldig frå 1. januar 1892.

Einingar[endre | endre wikiteksten]

Dei sju fysisk definerte grunneiningane og to geometrisk definerte supplementseiningane er blitt kombinerte til ulike avleia einingar. Sjølv om SI-systemet har einingar som dekker så godt som alle mål, finst det ein del einingar som er særs utbreidt i daglegtale utan å inngå i sjølve systemet og som ein har blitt samde om å bruke som tilleggseiningar.

Grunneiningar[endre | endre wikiteksten]

Sekund, her markert med ein raud visar på ei klokke, er ei grunnleggjande SI-eining.
Eining Symbol Storleik
meter m lengd
kilogram kg masse
sekund s tid
ampere A elektrisk straum
kelvin K temperatur
candela cd lysstyrke
mol mol stoffmengd

Supplementseiningar[endre | endre wikiteksten]

Avleia einingar[endre | endre wikiteksten]

Eining Symbol Storleik
newton N kraft
hertz Hz frekvens
joule J energi
watt W effekt
pascal Pa trykk
lumen lm lysfluks
lux lx lysmengd per areal
coulomb C elektrisk ladning
volt V elektrisk spenning
ohm Ω elektrisk motstand
farad F elektrisk kapasitans
weber Wb magnetisk fluks
tesla T magnetisk flukstettleik
siemens S elektrisk leiingsevne
henry H induktans
grader Celsius °C Celsius-temperatur
becquerel Bg radioaktivitet
gray Gy absorbert strålingsdose
sievert Sv ekvivalentdose
katal kat katalytisk aktivitet

Tilleggseiningar[endre | endre wikiteksten]

Prefiks[endre | endre wikiteksten]

Namn Symbol Faktor   Namn Symbol Faktor   Namn Symbol Faktor   Namn Symbol Faktor
yotta Y 1024   giga G 109   desi d 10-1   piko p 10-12
zetta Z 1021   mega M 106   centi c 10-2   femto f 10-15
exa E 1018   kilo k 103   milli m 10-3   atto a 10-18
peta P 1015   hekto h 102   mikro µ 10-6   zepto z 10-21
tera T 1012   deka da 101   nano n 10-9   yocto y 10-24

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • bipm.fr, Bureau International des Poids et Mesures
  • nist.gov, National Institute of Standards and Technology