Ekkolokalisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ekkolokaliseringsprinsippet
Flaggermus brukar ekkolokalisering.

Ekkolokalisering er orientering gjennom reflektert lyd, mest i form av ultralyd (høgfrekvent lyd). Nokre dyr har utvikla ekkolokasjon til det ekstreme (eit sanseapparat), for betre å kunne orientere seg i mørke og å kunne fange byttedyr dei elles ikkje ville sett. Også menneske brukar ekkolokalisering, men ikkje i same utstrekning. For alle som brukar ekkolokalisering er høyrselen veldig viktig. Ekkolokalisering fungerer nesten heilt som audioelektroniske navigasjonsapparat som ekkolodd og sonar.

Ekkolokalisering hos dyr[endre | endre wikiteksten]

Biologiske grupper som tannkvalar og flaggermus er døme på pattedyr som har utvikla eit sanseapparat som brukar ekkolokalisering. Hos tannkvalane sit ekkolokaliseringsorganet som sender ut klikkelydar i pannekulen, som blir kalla ein melon eller kvalmelon og er danna av eit feitt (kalla akustisk fett) som truleg forsterkar lyden. Det kan også tenkast at bardekvalar har utvikla ei primitiv form for ekkolokalisering, men dette er fortsatt berre ein teori som det ikkje er bevis for.

Med hjelp av ekkolokalisering kan tannkvalar og flaggermus nøyaktig bestemme kvar dei er og kvar eit eventuelt bytte oppheld seg. Dei kan såleis lett orientere seg i stummande mørke. Ekkolokalisering kan forklarast ved at dyret sender ut ein serie med lydbølgjer, som blir reflekterte tilbake når dei treffer noko, til dømes ein fisk. Dei reflekterte lydbølgjene blir så omdanna til eit bilete av det dei treffer i hjernen til dyret. Biletet gjev kunnskap om både avstand, størrelse og eventuell rørsle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er omsatt frå bokmål wikipedia: Ekkolokalisering, henta den 19.juli 2012.