Fisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fisk er kaldblodige virveldyr som lever i vatn. Dei har finnar, skjel og spord, og pustar for det meste med gjeller. Det finst opp mot 30.000 fiskeslag, og dei lever overalt der det finst vatn.

Som biologisk systematisk omgrep er ordet unøyaktig, sidan ordet vert nytta om fleire ulike klassar som ikkje er nærare i slekt med kvarandre enn med t.d. amfibium. Ein seier det er ei parafyletisk gruppe.

Studiet av fisk heiter iktyologi.

Anatomi[endre | endre wikiteksten]

Anatomien til ein lysprikkfisk. 1 = Gjellelokk 2 = Sidelinje 3 = Ryggfinne eller dorsalfinne 4 = Feittfinne 5 = Halerot 6 = Halefinne eller kaudalfinne 7 = Gattfinne eller analfinne 8 = Lysorgan 9 = Bukfinnar 10 = Brystfinnar

Fisk er ei stor og evolusjonært sett gamal gruppe organismar som lever i vatn under ei rekkje ulike miljøtilhøve. Dette gjer at det eksisterer stor formvariasjon mellom dei, sjølv om dei òg har fleire fellestrekk.

Kroppen til ein fisk er som regel straumlinjeforma, ofte med ei viss form for flattrykking frå sidene eller vertikalt. Det finst òg mange fiskar med avlange, slangeliknande kroppar. Kroppen vert delt inn i hovudet, kroppen og halen; ei inndeling som ikkje alltid er synleg frå utsida av fisken.

Alle fisk unnateke slimål har finnar. Dei kan vera para, som bryst- og bukfinnane, eller upara, som halefinnen. Hjå strålefinnefisk består dei av eit tynt hudlag på eit skjelett av mjuke og harde finnestrålar, med musklane plasserte ved rota. Kjøtfinnefisk har musklar integrert i sjølve finnane. Bruskfisk som hai har harde og stive finnar dei ikkje kan røra på, og sym difor med heile kroppen. Niauge manglar para finnar.

Fiskesystematikk[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare vart fiskane rekna som ei klasse Pisces, men dette har ein gått vekk frå i dag. Forskarar meiner fisk er ei parafyletisk gruppe, sidan alle kladogram som omfattar alle fiskar òg er nøydde til å omfatta etterkommarane deira tetrapodane: amfibium, krypdyr, fugl og pattedyr. Omgrepet er difor ikkje gyldig i moderne biologisk systematikk.

Dyr som vert omtalt som fisk i daglegtale fell under desse gruppene:

Eit fiskeskjelett

Fisk som mat[endre | endre wikiteksten]

Fisk har vore ein viktig matressurs for menneske i uminnelege tider.

Fisk er ei viktig kjelde til protein, vitamin A og D, jod, selen og ikkje minst omega 3-feittsyrer. Over ein milliard menneske har fisk som viktigaste proteinkjelde.

Tradisjonelle norske måtar å eta fisk er luta, raka, graven, røykt, speken, kokt, dampa, bakt, steikt, som pinnar, som pudding, som kake, i grateng, turka og utvatna. Nyare måtar er i sushi eller ceviche.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]