Eksperiment

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit eksperiment er ei tilnærming til forsking der forskaren manipulerer visse vilkår for å undersøke effektane av dette. Føremålet er å påvise kausale relasjonar (årsak-verknad). Dette skjer vanligvis ut frå ei ubegrunna forventning (hypotese).

Føremålet til eksperimentet er å undersøkja om ein eller fleire intervensjonar (uavhengige variablar) har effekt og dermed påverkar eit utfall (avhengig variabel) gjennom eit årsak-verkandsforhold (kausalitet). Som regel vil dette innebere at ein må dele eit utval av subjekt (deltakarar) i minst ei kontrollgruppe og ei eksperimentgruppe. For å kunne gjennomføre eit ekte eksperiment, til skilnad for eit kvasieksperiment (som ikkje oppfyller randomiseringsvilkåret nedanunder), må følgjande vilkår oppfyllast[1]:

  • Subjekta i eksperimentet må fordelast tilfeldig på dei ulike vilkåra (gruppene) slik at gruppene blir mest mogleg like i utgangspunktet (randomisering).
  • Alle subjekta innanfor eit og same vilkår må handsamast likt.
  • Andre tilhøve som kan påverke utfalla til eksperimentet bør helst ikkje finnast i eksperimentperioden.
  • Målingane må kvalitetssikrast av forsøksleiar.
  • Det må vere tilstrekkeleg skilnad mellom eksperimentgruppe og kontrollgruppe til at ein kan trekkje ein valid konklusjon om kausalitet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eksperiment - snl.no