Forsking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Forsking er ei grundig og ofte vitskapleg undersøking av noko, til dømes ein sjukdom. Ein som driv forsking er ein forskar. Alle kan drive sjølvstendig forsking, men oftest tenkjer ein på vitskapeleg tilsette på universitet eller utveklingsavdelingar i industrien. Ordet «forsking» vert ofte brukt i ei tyding som stort sett er synonymt med vitskap.

Men vitskap og forsking er ikkje heilt det same:

  • Mykje forsking har eit for lågt ambisjonsnivå til å kunne kallast vitskap. Til dømes kan mykje slektsforsking ikkje kallast vitskap.
  • Ofte ligg skilnaden mellom innsamling og bearbeiding. Forsking har ofte mykje vekt på innsamling av data, vitskap har ofte større vekt på fortolking.
  • Vitskap legg større vekt på prøving av hypotesar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]