Elaggregat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit lyddempa mobilt dieselaggregat.
Eit lite bensindrive elaggregat som ikkje er tyngre enn at det kan berast.

Elaggregat eller straumaggregat er eit aggregat sett saman av ein elektrisk generator som vert driven av ein forbrenningsmotor. Aggregatet omformar såleis den kjemiske energien i drivstoffet for forbrenningsmotoren til elektrisk energi, og leverer på den måten energi til lamper, til elektriske apparat, elektriske motorar og så bortetter.

Elaggregat vert produserte i ulike storleikar, frå små bensindrivne aggregat til store dieseldrivne maskinar.

Elaggregat vert nytta der det ikkje finst elnett, som til dømes i bygg- og anleggsverksemd, eller for å levera elektrisk energi når det ordinære elnettet fell ut. Sjukehus, telenettet og liknande har til dømes ofte permanente elaggregat som startar automatisk når elnettet fell ut. Slike aggregat vert ofte kalla naudaggregat eller naudstraumsaggregat.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]