Maskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maskinrommet på eit skip.

Maskinar er menneskelaga gjenstandar som overfører eller omformar energi slik at dei kan utføra eller hjelpa til med ei oppgåve. Ofte vert maskinar nytta for oppgåver der det er bruk for store krefter og det er naudsynt å omsetta mykje energi frå ei form til ei anna. Maskinar vert òg nytta for å utføra repetetive oppgåver, for oppgåver som må utførast med stor presisjon, eller stor fart.

Maskinar vert sett saman av maskindelar (maskinelement), ved hjelp av monteringsdelar som skruvar, naglar, flensar og liknande, eller ved sveising, lodding, eller ved at dei vert haldne på plass av andre delar.

Maskintypar[endre | endre wikiteksten]

Maskintypar
Enkle maskinar[1] Vektstong, skråplan, kile, skruv, hjul og aksling, talje
Maskindelar Enkle maskinar, lager, tannhjul, tannstenger, kjeder, reimer, fjører, naglar, røyr, pakningar, foringar
Kraftmaskinar Varmekraftmaskinar, straumingsmaskinar, elektriske maskinar
Tunge maskinar Anleggsmaskinar, landbruksmaskinar, kommunalmaskinar, kraner, transportmiddel, våpen
Produksjonsmaskinar Snikkarmaskinar, verktøymaskinar, tekstilmaskinar
Mekatronikk Klokker, robotar, automatar, kontormaskinar, hushaldningsmaskinar
Nanomaskinar Nanorobotar, molekylmaskinar
Elektroniske maskinar Datamaskinar

Merknad[endre | endre wikiteksten]

  1. Dei seks enkle maskinane har fått ei spesiell stilling av di dei var definerte i antikken. Enkle maskinar kan òg vera maskindelar.