Elektronras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Elektronras eller elektronlavine er ein prosess der mange frie elektron i eit medium (vanlegvis ein gass) er utsett for ein sterk akselerasjon av eit elektrisk felt, og så kolliderer med andre atom i mediet og dermed ioniserer dei i ein prosess kalla støytionisering. Dette frigjev ytterlegare elektron som igjen vert akselererte og kolliderer med andre atom igjen, som igjen frigjev fleire elektron, i ein kjedereaksjon. Resultatet er at det påverka områda av gassen vert eit plasma som er elektrisk leiande. Raseffekten vart oppdaga av John Sealy Townsend i arbeidet sitt mellom 1897 og 1901, og vert òg kalla Townsendutlading.

Elektronras er viktige i dielektriske nedbrytingsprosessar i gassar. Prosessen kan ende med koronautlading, gneistar eller lysbogar som totalt fyller ut tomrommet mellom dei elektriske leiarane som nyttar spenninga. Prosessen medverkar mellom anna i lynutladingar. Når raset først er kome i gang kan det ofte intensiverast ved at det vert skapt fotoelektron som følgje av ultrafiolett stråling emittert av dei eksiterte atoma i mediet i bakkanten av raset.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]