Elektrisk felt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Elektrisk felt òg elektrisk feltstyrke i elektromagnetisme betegner den eigenskapen som gjer at elektriske ladningar anten tiltrekker eller fråstøyter kvarandre. Det elektrisk feltet har symbol E og er definert ut frå krafta F på ein liten prøveladning q ved . Med andre ord er elektrisk felt kraft per ladning. SI-eininga er Newton per Coulomb, N/C, som òg er lik volt per meter, V/m. Elektrisk felt er ein vektoriell storleik, dvs han har retning i rommet. Retninga er lik krafta si retning ved positiv ladning, og motsett ved negativ ladning. Omgrepet elektrisk felt vart først introdusert av Michael Faraday.

Generelt må elektriske og magnetiske felt skildrast med ein felles teori, elektromagnetisme, og ladningar i rørsle vil òg lage magnetiske felt i tillegg til dei elektriske.

Elektromagnetisk stråling, slik som ljos, er svingingar i elektriske og magnetiske felt. Den komplette skildringa av klassisk elektrodynamikk er gjennom Maxwell-likningane.

Den kvantemekaniske teorien for elektriske felt er kvanteelektrodynamikken, som skildrar elektriske felt som utveksling av virtuelle foton.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]