Elle Andersdatter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Elle Andersdatter (død ca. 1643) var ein dansk salmediktar. Ifølge tradisjonen var ho enkje etter Hans Hanssøn og borgarkone i MariboLolland.

Ho er kjend for salmen «Eja, min sjæl ret inderlig sig fryder», som er blitt omsett til norsk, svensk og engelsk. I Norsk Salmebok finst salmen under tittelen «Eia, mitt hjerte inderlig». I svenske salmebøker finst salmen i to ulike former: «I hoppet sig min frälsta själ förnöjer» og «Eja, mitt hjärta, hur innerlig». På engelsk heiter salmen «In hope my soul redeemed to bliss unending».[1]

I ei dansk salmebok frå 1645 blir salmen kalla «En skjønn åndelig vise om alle troende Guds barns glede i det evige livet». Den første bokstaven i kvart vers av originalen dannar namnet «Elle Andersdatter» og er eit såkalla akrostikon. Dette har fått enkelte til å hevda at salmen heller er skrive til henne enn av henne.

Verket blei funne i boksamlinga til Karen Brahe (1657-1736), som også omfatta ei salmesamling til gravferda til ei «Elline Andersdaatter».[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Elle Andersdatter, hymnary.org
  2. Valborg Lindgärde (2012), «ANDERSDATTER, ELLE(N)», THE HISTORY OF NORDIC WOMEN'S LITERATURE