Lolland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lolland
Geografi
DK - Lolland.PNG
Stad Austersjøen
Koordinatar 54°46′10″N 11°25′28″E
Areal 1 243 km²
Administrasjon
Land Danmark
Kommune Lolland kommune
Største busetnad Nakskov (15 500 innb.)
Demografi
Folketal 68 224 (2006)
Folketettleik 55 /km²

Lolland (tidlegare stava Laaland) er den fjerde største øya i Danmark med eit areal på 1 243 km². Ho ligg i Austersjøen og er ein del av Storstrøm fylke

Den høgaste toppen på heile øya er berre 25 meter høg, og var ein viktig stad for kommunikasjon for tyskarane under den andre verdskrigen. Toppen ligg like utanfor landsbyen Horslunde. Tidlegare voks det raudbete på øya.

Den største tettstaden på Lolland er Nakskov, med 15 500 innbyggjarar. Andre tettstadar er mellom anna Maribo, Sakskøbing (som var hovudstad i Danmark i ein toårsperiode på 1400-talet) og Rødby.

Styresmaktene i Danmark og Tyskland planlegg å knyta Lolland til den tyske øya Fehmarn via Fehmarnbæltbrua. E47 frå København kryssar Guldborgsund mellom Lolland og Falster via ein moderne tunnel, men motorvegen endar for tida ved Rødby, der ei ferje tar bilane over til Fehmarn. To eldre bruer går òg over sundet mellom Lolland og Falster, Frederik IX-brua og Guldborgsundbrua nord i sundet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kart over Lolland og Falster

Kjelder[endre | endre wikiteksten]